ÅRSPLAN FOR SOLSIKKENE

BARNEHAGER A/S

2016/17

BERGLY FAMILIEBARNEHAGE OG

STUASTØLEN GARDSBARNEHAGE

                           bilde

INNHALDSLSISTE

1.0 Presentasjon av Solsikkene Barnehager AS

1.1 Personalet i Stuastølen Gardsbarnehage

1.2 Personalet i Bergly Familiebarnehage

1.3 Tilsette i Solsikkene Barnehager AS, bilete

2.0 Opningstider

2.1 Dagsrytme

2.2 Bergly

2.3 Stuastølen

2.4 Vekeplan Bergly

2.5 Vekeplan Stuastølen

3.0 Mål for barnehagane

3.1 Omsorg

3.2 Leik, læring, samspel og menneskelege relasjonar

3.3 Danning

4.0 Satsingsområde: Språk

5.0 Fagområda

5.1 Kropp, rørsle og helse:

5.2 Kommunikasjon, språk og tekst

5.3 Etikk, religion og filosofi

5.4 Kunst, kultur og kreativitet

6.0 Tema

7.0 Merkedagar og lokale kulturtilstellingar

8.0 Planlegging, dokumentasjon og vurdering / evaluering

8.1 Dokumentasjon og informasjon

8.2 Vurdering / evaluering/komptanseheving

9.0 Likestilling i barnehagen

10.0 Barns medverknad

10.1 Foreldremedverknad/samarbeid

10.2 Foreldremøte og foreldresamtaler

10.3 Foreldreråd og samarbeidsutval

11.0 Teieplikt og opplysningsplikt

12.0 Overgang barnehage - skule

13.0 Progresjonsplan

INTERNKONTROLL

Avslutning

  

1.0 Presentasjon av Solsikkene Barnehager AS

Bergly Familiebarnehage og Stuastølen Gardsbarnehage er begge eigd av Solsikkene Barnehager A/S. Våre barnehagar har ein klar kristen profil og har utvida kristen formålsparagraf, men ynskjer å vera eit tilbod til alle barn uansett bakgrunn eller tru.

Det betyr at dei fleste av samlingsstundene våre, har eit kristent innhald. Dei lærer enkle og sentrale sanningar frå Bibelen, me syng kristne songar og ber med og for borna. Ellers jobbar me ut frå den offentlege rammeplanen og barnehagelova.

 Bergly Familiebarnehage har dette bruksåret 10 plassar til barn over 3 år eller 8 barn under 3 år. Barnehagen ligg innerst i Gullbergvegen med eit godt og trygt miljø med skogen som nærmaste nabo.

Barnehagen held til i kjellaretasjen i huset. Her har me gode lokaler med mange små rom som innbyr til leik. I tillegg til ute området til barnehagen nytter me oss mykje av skogen og nærmiljøet.

                                                                               bilde

                                                                        Kaninene og høner er eit fast innslag i kvardagen vår.

                                bilde                            bilde

Stuastølen Gardsbarnehage ligg idyllisk til på garden med same namnet. Her er me omgjeven av natur og dyr, som både naturleg og systematisk er ein del av kvardagen vår.

                                                                       Leikeplassen vår er populær med mange høve for ulike aktivitetar

                                                                              bilde              

 1.1 Personalet i Stuastølen Gardsbarnehage

Kjersti Karlsen                  Eigar/styrar / sjåfør

Camilla Spissøy                    Assisterande styrar

Alexander Rogne Leskinen Barnehagelærar

Heidi Glesnes Taipale        Assistent/sjåfør er i permisjon

Rebekka Karlsen    Barne- og ungdomsarbeidar/sjåfør

 

1.2 Personalet i Bergly Familiebarnehage

Kjersti Karlsen Eigar/styrar    

Joann Egholm Pedagog/Assistent

Ingebjørg Tanskanen     Assistent                

Karstein Karlsen   Administrasjon/sjåfør

  

2.0 Opningstider

Bergly Familiebarnehage er open frå kl. 0645 til kl. 15.45 alle kvardagar

Stuastølen Gardsbarnehage er open frå kl 07.00 til 1600. Alle kvardagar. Me er att til kl 1615 og ryddar. Då vil me at barna skal vera henta. Har du andre behov, så kontakt oss for avtale.                          

                             Her besøkjer borna frå Bergly, Stuastølen Gardsbarnehage i samband med lamminga.      

                                                   

2.1 Dagsrytme

Der er bra for borna å ha ein rytme og faste rutine. Me ynskjer også å vera fleksible og spontane slik at me kan finna på ting undervegs. Utgangspunktet for dags rytmen ser slik ut:

 

2.2 Bergly

06.45 Barnehagen opnar. Roleg leikeaktivitet / lese

kl.08.30Frukost

kl.09.30 Samlingsstund

kl.10.30 Fri leik / ulike aktivitetar. Soving for dei minste

kl.12.00 Lunsj

kl.12.30 Fri leik / ulike aktivitetar, me matar dyra

Soving for dei minste

  1. 14.00 Fruktstund
  2. 15.45 Barnehagen stenger

2.3 Stuastølen

  1. 07.15 Barnehagen opnar. Roleg leikeaktivitet / lese

kl.08.15        Frukost             

kl.09.00       Rydding etter frukost/frileik/språktrening

kl.09.30        Samlingsstund

  1. 10.00         Tema aktivitetar på temadagar/språktrening kvar tysdag

kl.10.30 Fri leik / ulike aktivitetar/turen startar på turdagar

kl.12.00 Lunsj

kl.12.30Fri leik / ulike aktivitetar

  1. 14.15 Fruktstund
  2. 16.00Barnehagen stenger

 2.4 Vekeplan Bergly

MANDAG    Turdag

TYSDAG    Språktrening

ONSDAG     Temadag

TORSDAG   Språktrening

FREDAG       Aktivitetsdag

 

 2.5 Vekeplan Stuastølen

MANDAG    Turdag/Språktrening

TYSDAG    Gymsal

ONSDAG    Temadag

TORSDAG   Språktrening, aktivitetsdag/turdag

FREDAG     Gruppeaktivitetar inne og ute

 

Me har hestar knytt til barnehagen. Den kan me ri på når me vil. Det gjer me når det ligg til rette med godt ver og nok personalet.

Det kan bli endringar på vekeplanen avhengig av ver, barna sine ynskjer og andre praktiske forhold.

                                                     

3.0 Mål for barnehagane

3.1 Omsorg

I Rammeplanen for barnehagane står det i § 1: «Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg og lek, og fremme læring ogdanning som grunnlag for allsidig utvikling.»

Det er ikkje utan grunn at måla er sett opp i denne rekkjefølgja i lova: Omsorg, leik og læring. For at barna skal kunne leika, læra og bli danna, må dei først ha dei grunnleggjande behova møtt gjennom omsorg for deira ulike behov. Dette gjeld både for dei fysiske rammene (ein god stad å vera), kroppslege, psykiske og åndelege behov. I våre barnehagar vil me gjera dette ved å ha fokus på heile barnet: ånd sjel og kropp. I tillegg har me tru på at me vaksne er viktige føredøme for barna i vår måte å syna omsorg for dei. Det gjeld i alle ting frå dei kjem i garderoben eller bussen til dei er heime att. Då kan det handla om å spørja korleis dei har det, lytta til dei når det snakkar og spør, svara så godt me kan på spørsmål, trøysta når dei gret og hjelpa dei når det er naudsynt, samt gje kvardagen deira eit meinigsfylt innhald. Vidare vil me visa dei venleg merksemd i alle dagleglivet sine situasjonar og gje dei det dei treng mtp bleieskift, mat, drikke, klede, oppseding med gode grenser og fokus på det enkelte barn og heile gruppa sitt ve og vel.

Barnehagane våre skal vera prega av kjærleik og god omsorg der borna vert respektert for sin eigenverdi samtidig som dei får lære og utvikle seg til omsorgsfulle, livsglade, undrande og sosialt kompetente barn gjennom leik og samhandling mellom barn – barn og barn – vaksen. Vidare vil barn med særskilte behov bli tatt vare på ved at dei vert sett for den dei er og får den hjelpa dei har trong for.

 

3.2 Leik, læring, samspel og menneskelege relasjonar

Rammeplanen seier: «Barn kan uttrykkje seg på mange måtar i leik, og leiken har ein sjølvskriven og viktig plass i barnehagen. Barnehagen skal bidra til den gode barndommen ved å gi alle barn høve til å leike. Leiken er viktig for at barna skal trivast, og er ei grunnleggjande livs- og læringsform. I barnehagen skal barna få oppleve leik både som eigenverdi og som grunnlag for læring og allsidig utvikling.»

 Leiken har ein stor plass i barnehagen, og denne ser me på som svært viktig for barna. Leiken har mykje å sei for barnet si utvikling. Her møter barna på nye utfordringar både sosialt, intellektuelt og motorisk. I leiken må barna tenke sjølv, det er rom for fantasi og kreativitet, dei kan bearbeida ting dei er redde for, dei lærer å forholda seg til andre barn, oppdagar grenser hos seg sjølv og andre. Leiken er med på å rusta barna til det livet som møter dei. Dette gjer at leiken har ei viktig rolle i barnehagen, og me prioriterer at barna så langt som råd sjølv skal få velje sine leikekameratar og kva dei vil leike med. Barna treng ro for at leiken skal kunne utvikle seg.

                                                                   

 Difor set me av eiga tid for leiken i kvardagen, der me også kan la anna planlagt program gå ut, dersom me ser at barna har ein god leik som me ikkje vil bryta av. Romma våre og inventaret er også tilrettelagt med tanke på at barna skal bli inspirert til å koma i gong med leiken. Me har laga oss eigne gjennomsiktige leikekassar, slik at borna kan lett sjå kva dei kan og vil leika med. Me legg vinn på å sortera leikene og halda orden. Erfaringsmessig ser me at dette verkar meir innbydande på leiken enn viss alt er blanda. Me har og vil ha eit variert utvalg av leiker: Dokker, bilar, dyr/figurar, tog/togbane, utkledningsklede, leikeveggar, duplo, lego, magnetar, treklossar og eit godt utval av brettspel og bøker m.m

 Læringa som føregår gjennom leiken forutset kognitiv, emosjonell og sosial utvikling.

Men leiken vil også vera med å fremja utvikling og læring på desse områda. Konkret vil dette innebera at leik kan gje språklæring, opplæring i sosial kompetanse, motorisk læring og trening, læring av matematikk og konstruksjon, samt innlæring og utforming av ulike roller og evne til dramatisering.

 I samlingsstund t.d. nyttar me vaksne ofte dramatisering, song og musikk som verkemiddel. Då lærer barna om roller, kva og korleis dei kan leika og kva det er rom for i barnehagen. Dei lærer språk, rytme, rim, reglar, songar og utviklar kreativitet.

Vidare vil me i samlingsstundene og t.d.turar i skog og mark ha konkret læring i fokus i det me gjennom året vil gå gjennom fagområa til Rammeplanen. Les meir om det under kapittelet om fagområda lenger nede.

 Lillemyr (2011, s. 45) skriv, «Lek er også samspill eller kommunikasjon. Barnet oppfatter signalet «dette er lek» og går inn med spesielle samspillferdigheter og lekeferdigheter. Deltagelse i leken krever at barna har evne til å kommunisere på flere plan. Det må skjønne hva som er lek, forstå reglene for samspillet, kunne identifisere seg med temaet og ha evne til å delta i utviklingen av temaet.» Me ser vidare at barna imiterer, øver og handlar gjennom leiken. Dei utrykker det dei har sett (lært) av vaksne og andre barn på alle arenaer dei tilhøyrer. Lillemyr (2011, s.157 og 38) skriv, « Leontev legger stor vekt på den voksnes betydning som modell for barns lek. Også eldre barn kan være modeller for yngre barn. Modeller danner råmateriale for barns rollelek. Rollelek utspiller seg særlig klart i 3-8 års alderen, for så å utvikle seg mot dramatisk lek senere.»

 

I leiken vil dei vaksne observera barna, og medvite involvera den eller dei som har vanskar med å koma inn i gruppa eller få leikelag. Dei vaksne skal vera nær og tilgjengelege til barna som leikar, nokon gong som leikepartnar, andre gonger som initiativtakar og/eller observatør.

I leiken vil ein kunne få mykje nyttig informasjon om barnet/gruppa, som kan koma til nytte i utvklinga av det enkelte barnet og/eller barnegruppa.

Inne fordeler barna seg i mindre grupper rundt i dei ulike romma i barnehagen. Då opplever me at barna leikar godt saman, det blir færre konfliktar og leiken pågår over eit lengre tidsrom. Det vert såleis enklare for personalet å observera korleis barna samhandlar, kven som leikar, om nokon fell utafor, er passive og treng hjelp for å koma inn i leiken.

Me har hatt og vil ha som mål å ha eit roleg innemiljø der springing, hopping og høg stemmebruk vert roa ned, til fordel for roleg gruppeleik eller individuell leik. Me vil vidareføra fokus på rammene og plassering av leikene i romma.

                                                                                      

Me vil at barna skal læra seg god framferd, både overfor andre barn og vaksne. Me øver på god bordskikk, som å sitja ved bordet under heile måltidet, spørja etter mat, forsyna seg fint osv. Med sosial kompetanse som vurderingsområde dette året, vil bordsituasjonen som verktøy for å utvikla sosial kompetanse, vera ein del av vurderingsmateriale.

I tillegg legg me vinn på å snakka med barna under måltidet. Målet er å ha gode samtalar og auka barnet sin språklege kompetanse.  

I samlingsstund får også barna øving i å sitja i ro, lytta, læra og delta aktivt med sang, svara eller koma med innspel. Dei skal stå opp for seg sjølv og vera synlege, samstundes som dei lærer å ta omsyn til og vera god mot andre.

Vidare lærer me borna sjølvstende der dei kan kle på seg, smørja maten sin, rydda etter seg og hjelpa til med små oppgåver i barnehagen. Er dette på plass til dei byrjar i skulen, så har dei eit godt grunnlag for å lukkast.

Me har også eit tydeleg mål om å læra opp borna i den kristne trua og korleis ein kan praktisera det i kvardagen. Dette skjer først og fremst gjennom den daglege samlingsstunda, men me startar og avsluttar kvart måltid med eit bordvers og ein bordbøn.

 

3.3 Danning

Ordet danning er ikkje nytt, men har blit løfta meir fram i barnehagesamanheng enn før.

Kva ligg det i dette omgrepet ?

Rammeplanen sier: «Me kjenner ordet ”dannelse” som eit mål for god oppseding og opplæring. Danning er ein livslang prosess. I danning inngår oppseding som ein prosess der vaksne både leier og rettleier neste generasjon. Gjennom oppseding og danning blir verdiar,normer, tankar og uttrykks- og handlingsmåtar vidareførte, endra og forhandla om. Personalet skal rettleie barna i vekslinga mellom samfunnsnormer og sosiale krav og eigen veremåte. Barn må få hjelp til å oppfatte kva rammer som er akseptable i samvær med andre. Oppseding og danning må skje i nær forståing og samarbeid med heimen til barna. Personalet i barnehagen må kunne grunngi verdistandpunkt knytte til oppseding og danning både overfor seg sjølve og foreldra. Danning skal skje i tråd med verdigrunnlaget til barnehagen og leggje grunnlaget for at barn skal kunne delta aktivt i eit demokratisk samfunn. Djupast sett er danning overføring av kulturen vår til neste generasjon. Konkret vil dette avspegla seg av kva me overfører til barna i kvardag og høgtider, gjennom året. Når eit barn blir danna, tenkjer ein seg at det dei lærer er blitt integrert del av barnet. Lærdomen, reglane, etikken og oppsedinga blir ein del av barnet sin veremåte, tenkemåte og haldningar.

 I barnehage.no (05/2014) er det i eit intervju med forfattar Anne Schjelderup der det står at: «Hun viser til at oppdragelse har til hensikt å overføre kunnskaper, verdier og holdninger til barna som om de var blanke ark.

 Danning derimot, skal sette barna i stand til å tenke selv, søke kunnskap, reflektere over og vurdere vedtatte sannheter, stille spørsmål og yte motstand på egne og andres vegne. De kan ikke manipuleres til å gjøre og tenke som den som oppdrar.

 – Danning handler om å utvikle kunnskap, verdier og holdninger sammen, gjennom dialog — hvor alle anerkjennes som selvstendige mennesker med følelser og tanker i en felles prosess. Ville Eichmann gjort det samme om han hadde hatt mindre oppdragelse, men mer danning?»

 Når me i samlingsstundene lærer barna om dei kristne verdiane og korleis dei skal gjennomførast i praksis, handlar det om danning av barna.

4.0 Satsingsområde: Språk

Staten pålegg barnehagane å ha språk som eit av satsingsområda, og det vert dermed ein viktig del av barnehagen sitt innhald. Dei eldste barna i barnehagen skal ha minst to samlingar i veka til språkstimulering. Det er viktig å merke seg at me jobbar med språkstimulering i alle situasjonar. Språket følgjer oss overalt!

 Barnehagen skal sørga for at alle barn får varierte og positive erfaringar med å bruke språket som kommunikasjonsmiddel, som reiskap for tenking og som uttrykk for eigne tankar og kjensler.

Denne språktreninga er viktig i høve til det sosiale aspektet samt lese- og skriveopplæringa. I leiken er språket ein viktig reiskap for å gjera seg forstått og å forstå. Den som ikkje meistrar dette kan lett bli ståande utanfor.

Me deler oss ofte inn i grupper og gjev barna trening ut frå alder og føresetnader.

                                                                               bilde

5.0 Fagområda

For å lette barnehagen si planlegging av eit variert og allsidig pedagogisk tilbod, er barnehagen sitt innhald delt inn i sju fagområde som er sentrale for oppleving, utforsking og læring.

Dette er :

- kommunikasjon, språk og tekst

- kropp, rørsle og helse

- kunst, kultur og kreativitet

- natur, miljø og teknikk

- etikk, religion og filosofi

- nærmiljø og samfunn

- tal, rom og form

 

Me har sett at for å sikra at alle fagområda får plass gjennom året, vil me gje område som tal, rom og form, natur, miljø og teknikk og nærmiljø og samfunn særskilt merksemd i kvar sine periodar. Me vil også fokusera ekstra på kropp, rørsle og helse i januar 2017. Me tenkjer at området som tannhelse, kva me et og grenser for eigen kropp er så viktig at me vil gje det ekstra merksemd. Emnet blir då tatt opp i på temadagar i samlingsstund med påfølgande aktivitetar den dagen. Dei andre fagområda blir integrerte gjennom heile året i allereie fastlagte periodar og aktivitetar:

 

5.1 Kropp, rørsle og helse: Me låner gymsalen på Leirvik skule kvar veke, me har minimum ein turdag i veka. Når det høver nyttar me bussen vår og køyrer til andre turmål i nærmiljøet som er fine å nytta, me legg vinn på å gje borna sunn mat.

Bergly Familiebarnehage tar ofte turen til stadion på Vikahaugane og borna likar å springa på banen. Barn er kroppslege i si tilnærming til verda og lærer mykje gjennom rørsle og det dei kjem i kontakt med via kroppen sin. Difor legg me vekt på å gje barna mange gode opplevingar både i nærmiljøet og i naturen der dei får nytta kroppen på ein variert og utfordrande måte.

 

5.2 Kommunikasjon, språk og tekst: Barnehagen skal bidra til at barna lyttar, observerer og gir respons i samhandling med andre, får eit variert ordforråd, vidareutviklar omgrepsforståinga si, bruker språket aktivt til å uttrykke kjensler og ynskjer, får eit positivt forhold til tekst og bilete, blir kjent med bøker, eventyr og songar og vert fortrulege med tal og bokstavar.

For å arbeida i retning av desse måla vil me arbeida med å vere gode rollemodellar for barna i den daglege kommunikasjonen. Me lyttar, snakkar og viser interesse for det barna fortel og formidlar gjennom kroppsspråket. Språktrening er satsingsområdet, og det jobbar me aktivt med.

 

Dei eldste har to samlingar i veka der dei bl.a får øve seg i å finne ord som har same betyding. Dei yngste vil spesielt få øve seg i å uttale ord. Å auka ordforrådet er viktig for alle.

Barna skal få høve til å uttrykke seg, t.d. ved at dei fortel om noko dei har opplevd eller emne dei er opptekne av.

 

Me gjer:

- støttar barna sine eigne initiativ til å telja, leseskriva og lese

       bokstavar

- syner glede og engasjement ved song, høgtlesing og samtale

- me har språktrening minimum 2 dagar i veka

- brukar ”Snakkepakken” jamleg

- me nyttar språksprell

- leike rommet er godt utstyrt med bøker

- brukar dramatisering

- brukar rytmeinstrument

- rim, regler og songar

- syng for dyra

- les for barna kvar dag

- brukar lotto og memory

- heng opp bilete av aktivitetar barna har gjort

 

Me har faste språktreningar to dagar i veka, me les, syng og dramatiserer for borna i samling, me legg vinn på gode samtalar ved bordet og i andre naturlege høve, me les for enkeltbarn gjennom dagen, borna har lett tilgong til bøker og skrivesaker i barnehagen.

 

5.3 Etikk, religion og filosofi

Dette fagområdet vert godt integrert i den utvida kristne formålsparagrafen vår der me har minimum 3 samlingsstunder i veka med kristent innhald. Me fokuserer på å læra borna korleis ein praktisk kan nytta trua i kvardagen ved å læra dei korleis dei skal vera mot kvarandre, bøn, stola på Gud, be om tilgjeving osv. I tillegg vert dei store høgtidene som jul og påske tydeleg markerte både i barnehagen og ved kyrkjebesøk.

Barnehagen skal bidra til at barna får erfara at grunnleggjande spørsmål er vesentlege og barna skal tileigna seg samfunnet sine grunnleggjande normer og verdiar.

Me er ein barnehage med utvida kristen formålsparagraf. Dette gjer at me legg stor vekt på å gi barna kjennskap til den kristne trua og dei kristne høgtidene. Me ønskjer å lære barna at Gud er ein trygg og god Far som er glad i kvar enkelt av dei og at Jesus er vår frelsar. Den Heilage ande er alltid nær, og hjelper oss i kvardagen. Guds englar er sendt ut for å passa på born og vaksne både dag og natt.

 

For å arbeide i retning av desse måla vil me vera bevisste på den betydningen me vaksne har som førebilete og opptre slik at barna får støtte i eigen identitet og respekt for kvarandre. Me vil skape rom for opplevingar, undring, ettertanke og gode samtalar. Me bruker mykje tid på og er glad i å gi barna kjennskap til den kristne trua. Gjennom bibelforteljingar, song og bøn vil me at barna skal læra og kjenna Gud. Barna vert tatt på alvor i sine religiøse spørsmål.

Me kjem til å ta for oss dei ulike høgtidene etter kalenderen, og fortelja om kva Bibelen seier om desse. Til jul og påske får dei eldste tilbod om å vera med på kyrkjevandring. Kvar jul pleier det vera barnehagegudsteneste i Nysæther Kyrkje. Det deltek me og alle barna får vera med.

Til påske praktiserer me fotvasking og nattverd.

Me vil arbeida med å læra barna å vise omsorg, nestekjærleik, rettferd og sanning. Me vil samtale med dei om kor viktig det er å vera greie med kvarandre og at alle får vera med i leiken og gruppa.

            

Til sist vil me nemna dei ulike hjelpeprosjekta som barnehagane har engasjert seg i for å hjelpa fattige barn i andre land. Målet vårt med dette er å hjelpa desse barna til eit betre liv, samstundes som me lærer våre barn å tenkja på andre og sjå kor viktig det er å dela av det me har.

Me støttar fylgjande prosjekt:

- 4 fadderbarn i organisasjonen Compassion

- 4 fadderbarn i Uganda

- 4 fadderbarn i Mosambik

- 80 skulebarn på Fillippinene (dei får inntekta av eggsalet i Bergly)

Dette er kristen nestekjærleiken i praksis

I samband med fokus på sosial kompetanse dette året, vil me ha eit auka fokus på hjelpeprosjekta våre.

 

5.4 Kunst, kultur og kreativitet er også eit fagområde som lett let seg integrera i barnehagekvardagen. Teikning er nærast ein dagleg aktivitet. Andre gonger tar me fram maleutstyr. I samband med farsdag, morsdag, jul og påske har me mange formingsaktivitetar som stimulerer denne sida av barnet. I tillegg er det i samlingsstundene rom for musikk, dans og drama der borna vert trekte inn der det er naturleg.

 

6.0 Tema:

Me jobbar både ut frå ulike tema område gjennom barnehageåret og direkte med fagområder i rammeplanen. Då integrerer me fagområder, samt at me gjev enkelte av dei eit eige fokus i ein periode. Då sikrar me at me jobbar mot dei måla rammeplanen har for barnehagane.

Me har sett opp fylgjande plan:

-     matematikk,

-      natur, miljø og teknikk

-     advent og jul

 

7.0 Merkedagar og lokale kulturtilstellingar

Året har mange merkedagar som barnehagen markerer med eigne tradisjonar.

Me markerer jul, påske, pinse, Kristi Himmelfartsdag, 17. mai, 1. mai og alle bursdagar. Kvart år går me i Lucia tog. Dette markerer me enten i barnehagen på juleavslutning eller me besøkjer Knutsaåsen Eldresenter eller Backertunet.

                                           Her frå den lokale 17. mai feiringa vår.

Me deltek i kyrkjevandring til jul, går på barnegudsteneste til jul i Nysæther Kyrkje.

I februar feirar me karneval med brask og bram.

Kvar jul og sommar vert det laga eigne arrangement der alle foreldra vert inviterte gjerne saman med slekt og vener. Til påske lagar me god påskelunsj for barna og personalet.

På alle samankomstane vankar det god mat og drikke. Inntektene på dei ulike arrangementa, går uavkorta til ulike hjelpeprosjekt for barn i den 3. verda.                                                                                                                                                       På HSH får barna kome på bamsesjukehus med dei ”skada” bamsane sine.

Borggataforeninga inviterer alle barnehagar på Stord til å laga sitt bidrag til Pepperkakebyen. Her leverer både Stuastølen og Bergly sine bidrag til lystenningsfesten i slutten av november eller byrjinga av desember.

Me tar i mot invitasjonar til barnehagedagen, konsertar på Kulturskulen, teater på Kulturhuset og eigne arrangement på Stordfest. Her deltek me i den grad me har tid og kapasitet.            

 

8.0 Planlegging, dokumentasjon og vurdering / evaluering

Gjennom ”Lov om barnehager” er me pålagt å utarbeide ein årsplan. Denne planen er eit arbeidsdokument for oss som arbeider i barnehagen og viser oversikt over det pedagogiske arbeidet i barnehagen.

Årsplanen er utarbeida av styrar og pedagogiske leiarar etter innspel frå personalgruppa, barnegruppa og foreldra. Det er blitt avhaldne eigne møter der alle involverte grupper har fått kome med sine idear og forslag til kva me kan gjera i barnehagen. Me har også etterspurt tilbakemeldingar frå dei forskjellige gruppene om kva dei tenkjer om barnehagen og korleis den vert drive.

I all hovudsak er alle involverte partar svært nøgde med barnehagen, men på bakgrunn av forslaga, vil me gjera visse justeringar.

Årsplanen skal gi foreldra innsikt i og informasjon om barnehagen sitt arbeid og fungera som eit bindeledd mellom barnehagen og foreldra / offentlege mynde.

 Vekeplanen syner kva som er planen for kvar dag. Planane dannar grunnlaget for aktivitetane me har i barnehagen. Likevel kan det oppstå situasjonar der me vel å gå bort frå dei oppsette planane. Dette kan skuldast været, ynskjer frå barna, praktiske problem eller at me vel å gripa fatt i det barna er opptekne av her og no. Sjølv om det er viktig å ha ein plan for det me gjer, meinar me at det òg er ein viktig lærdom å kunne leggja vekk planane og gripa dagen.

 

8.1 Dokumentasjon og informasjon

Dokumentasjon er viktig for oss som jobbar i barnehagen og for foreldra. Det gir foreldra innsikt i kva barnehagedagane inneheld samstundes som personalet dokumenterer arbeidet sitt og barna ser verdien av sitt eige arbeid.

 Me dokumenterer på ulike måtar:

- Kvar dag skriv me litt på tavla om dagsprogram

- Me lagar månadsplanar

- Dette året har me starta ein blogg, den heiter barnehagebloggen

       www.barnehagebloggen.simplesite.com Her vil det bli skreve frå dagane i

         barnehagen, lagt ut gode artiklar og innspel frå oss som jobbar her                                  

-     Mykje anna viktig info blir også lagt ut på nettsidene

         www.solsikkenebarnehager.no

- Barna får og bilete i permane sine.

- Kvar månad får du tilsendt eit brev om det me har gjort. Her blir det

       lagt ved bilete frå gode opplevingar

- Me stiller ut/heng opp gjenstander og bilete barna har laga.

- Referat frå alle møter i barnehagen.

 

8.2 Vurdering / evaluering/komptanseheving

Vurdering og evaluering er ein viktig del av barnehagearbeidet og det skjer kontinuerlig. Me ser dagleg på kva aktivitetar som gjekk bra/ikkje bra og kvifor. På denne måten tek me lærdom av arbeidet vårt og jobbar kontinuerleg med forbetring. Me ynskjer å ha god kvalitet og sikra at alle deler at verksemda er i utvikling.

Me bruker ein del tid på planleggingsdagar og personalmøte til å evaluera året/månaden som har gått. På desse møta vert òg planane framover lagt. På møta jobbar me òg med gjennomgang av observasjonar til det enkelte barn slik at me kan legge til rette for individuelle opplegg som er tilpassa det enkelte barn og me vurderer kontinuerleg om enkeltbarn treng ekstra oppfylging. Styrar er ansvarleg for at arbeidet vert gjennomført. Heile personalet deltek i vurderingsarbeidet.

 

I barnehageåret 2016/17 vil me vurdera korleis me jobbar med sosial kompetanse i barnehagen. Enkelte av barna sin sosiale kompetanse har vore ein stor utfordring for oss. Dette handlar sjølvsagt om kven som utgjer barnegruppa til ei kvar tid, men også korleis me som vaksne klarar å møta dei utfordringar me står overfor. Difor vil me systematisk sjå på korleis me kan jobba meir målvedvite med å læra barna gode eigenskapar i høve til korleis dei handsamar kvarandre. Kva verktøy kan me vaksne nytta når barna gjer uønska handlingar? Korleis oppnå endring? Kva kan me forventa av endring? Korleis jobba med foreldresamarbeid for å nå måla våre? Korleis kan me nytta PPT, helsestasjon og andre samarbeidspartnarar som ressursar i dette arbeidet?

Me har gått på kurs om tema, men vil sjå om det fins fleire tilbod komande barnehageår. Me vil laga skjema med kolonner der me kan skriva kva me gjer, høve til positiv og negativ vurdering av arbeidet og kva som eventuelt bør endrast. Me vil gå gjennom dette til jul og sommaren. Styrar og pedagogisk leiar har ansvaret for vurderingsarbeidet.

 

Me samarbeider tett med PPT, helsestasjonar, barnevern og andre hjelpeinstansar for å gje barna det beste tilbodet og eit tilpassa opplegg i barnehagen. Me søkjer råd og rettleiing for å få tak i mest mogeleg kompetanse i høve til enkeltbarn og heile barnegruppa.

 

Kvart år går me på kurs minimum 2 dagar. Då finn me dei kursa som me tenkjer er tilpassa våre behov og aukar kompetansen vår på beste måte.

 

9.0 Likestilling i barnehagen

Temaheftet frå departementet om tema « Likestilling mellom kjønna» seier:

«Likestilling mellom kjønnene skal gjenspeiles i barnehagens pedagogikk. Barnehagen

skal oppdra barn til å møte og skape et likestilt samfunn. Barnehagen skal bygge sin

virksomhet på prinsippet om likestilling mellom de to kjønn. Gutter og jenter skal ha

like muligheter til å bli sett og hørt, og oppmuntres til å delta i felleskap i alle aktiviteter i barnehagen. Personalet må reflektere over sine egne holdninger til og samfunnets forventninger til gutter og jenter.»

I våre barnehagar legg me vinn på at tilsette av både menn og kvinner kan gjera dei same oppgåvene og aktivitetane. Me trur at ved å vera gode føredøme på denne måten, vil me fremja likestilling mellom kjønna. Me let både gutar og jenter få velja aktivitera sjølve og legg ikkje press på verken gutar eller jenter mtp åtferd eller gjeremål. Me har stor tru på at det er viktig å gje begge kjønn stor fridom på dette området for at dei skal utvikla tryggleik og glede over å vera det eller den dei er.

                                                  

                   Me har menn i våre barnehagar. Det trur me er viktig, både for arbeid med likestilling og mykje anna.

10.0 Barns medverknad

I barnehagen lyttar me til barna og det dei formidlar ved kroppshaldning, mimikk og andre kjenslemessige uttrykk. Me jobbar mot å oppmuntre til at borna skal gi uttrykk for sine tankar og meiningar og møte aksept for sine uttrykk. Dei har rett til å bli høyrt og skal ha medverknad i sin eigen kvardag. Barna sine synspunkt skal vektleggast i samsvar med alder og modning. Kvar dag i frileiken får dei velja aktivitet sjølv.

Enkelte turdagar får dei velja mål og retning på turen.

Framfor kvart tema vil barna få koma med forslag til kva me kan gjera, og i etterkant vil me høyra kva dei tenkjer om korleis det gjekk. Dette vil me gjennomføra i samlingsstund eller dela oss i mindre grupper.

I løpet av året vil me ha barnesamtalar med dei største barna. Her vil me legga vekt på ei trygg ramme og ein god dialog mellom den vaksne og barnet. Her skal barnet vera i fokus og temaet for samtalen er korleis barnet har det i barnehagen.

 

Me vil ta på alvor det barna seier eller kommuniserer, difor nyttar me eigne oppsette og planlagde spørsmål og barna sin svar vert nedskrivne og nytta i det vidare planlegging, vurderings- og evalueringsarbeidet i barnehagen. Her skal barna få koma med sine synspunkt på kva dei tykkjer er kjekt, kva dei ynskjer meir av, kva dei ynskjer mindre av og liknande.

 

 10.1 Foreldremedverknad/samarbeid

Barnehagen skal fungere som ein utfyllande arena i forhold til heimen. For å få til dette er det viktig med gjensidig informasjon mellom heim og barnehage.

 

Personalet sine oppgåver i denne samanheng er:

       dette

       personalet gjer noko kjekt saman

 

Informere om endringar som er av betydning for barna, t.d. nytilsette og permanente endringer av planene.

På same møte vert foreldra gjeve høve til å gje tilbakemeldingar/evalueringar

om verksemda

 

Foreldra si oppgåve:

       barnet si utvikling, familiesituasjon, bu- og leikemiljø

 

10.2 Foreldremøte og foreldresamtaler

Me har foreldrerådsmøte med påfylgjande foreldremøte kvar haust og om våren ved behov. Her tek me opp saker som kan vera av interesse for alle parter.

 

Me har foreldresamtalar om hausten og våren, der barnet dykkar vil stå i sentrum. Dette er eit trygt lite forum der ein kan ta opp problem eller stilla spørsmål angåande eige barn. Spørjeskjema til foreldra etter modell av brukarundersøking, der ein tar med besvarte skjema til foreldresamtale og drøftar dei.

Dersom det er ønskeleg med fleire samtalar i løpet av året kontaktar ein barnehagen og det vert sett av tid til samtale. Her vert de foreldre gjeve høve til å seia kva de tenkjer eller meiner om barnehagen og den jobben me gjer med barnet dykkar.

 

10.3 Foreldreråd og samarbeidsutval

Foreldrerådet består av foreldra til alle barna i barnehagen. Dei kan kalla inn til møter utan at personalet er med. Om ønskeleg kan foreldregruppa låne barnehagen sine lokale.

Foreldrerådet vel ein foreldrerådsrepresentant og ein vararepresentant, som saman med eigar av barnehagen og pedagogisk leiar dannar samarbeidsutvalet. Dersom ein ynskjer å ta saker anonymt opp med barnehagen kontaktar ein foreldrerådsrepresentanten og han/ho tek saken vidare opp med barnehagen.

 

11.0 Teieplikt og opplysningsplikt

Personalet i barnehagen har teieplikt om dei opplysningar dei får om barna og foreldra i barnehagen. Slik kan foreldra vera trygge på at informasjonen personalet får ikkje kjem ut av barnehagen.

Alle tilsette i barnehagar er i barnehagelovens paragraf 22 pålagt opplysningsplikt utan hinder av teieplikt overfor barnevernet når det er grunn til å tru at eit barn vert mishandla eller at det føreligg andre former for alvorleg omsorgssvikt. Det er svært viktig at dei tilsette i barnehagar oppfyller opplysningsplikta når den inntrer for at barn i alvorlege situasjonar skal bli sett av barnevernet og få den hjelp dei har behov for.      

 12.0 Overgang barnehage - skule

Stord kommune har utarbeida ein plan for å gjera overgangen mellom barnehage og skule best mogeleg. Her er det bl.a lagt opp til at 5/6 åringane får besøkja skulen. Barnehagen skal òg laga ei mappa med litt informasjon om barnet som skal overleverast til skulen. Innhaldet i den skal foreldra godkjenna. Meir informasjon om denne overgangen vil bli gitt til dei foreldra dette er aktuelt for. Klikk deg inn på denne linken, så kan du lesa planen:

 http://stord.kommune.no/Documents/barnehage/Overgangsplan-barnehage-skule-august-2016.pdf?epslanguage=no

 

13.0 Progresjonsplan

Barnehagen har utarbeida ein eigen progresjonsplan der utviklinga på dei ulike alderstrinna vert synleggjort og utfordringar og krav til borna vert systematisert.

Denne ligg som vedlegg i årsplanen.

 

INTERNKONTROLL

Me jobbar aktivt med internkontrollsystemet. Dette blir ivaretatt ved at me har årlege sjekkrundar med representantar frå kommunen, me har gjennomgang av tryggleiksinstruksar og brannøving kvart halvår og der tidspunktet blir nedteikna og signert, leikene blir vaska, vedlikehaldne og sjekka minst ein gong i halvåret og me held skarpe/spisse gjenstandar og vaskemidlar utanfor barna si rekkevidde.

Leikeplassen/utstyret vil bli sjekka ein gong i veka.

Samarbeidsutvalet kjenner til innhaldet i årsplanen og godkjenner den.

 

Avslutning

Denne årsplanen skal vera ein arbeidsreiskap for å gje barnehagen eit innhald og retning. Vidare skal det gje foreldre og andre informasjon om kva og korleis me jobbar i barnehagen. Det skal også vera eit dokument for kommunen ved tilsyn av barnehagen.

Me vonar at den vert nytta og lesen av alle som er involverte i arbeidet vårt.

 

 

Stord       /       -2016

 

 

.............................            ...............................

Kjersti Karlsen Camilla Spissøy

     -styrar-          - pedagogisk leiar-

 

 

.............................................

Foreldreråds-representant

 

 Progresjonsplan vedkomande

Fagområda i rammeplanen

for

Stuastølen gardsbarnehage

og Bergly barnehage 

Ø Undring og

Ø filosofering

alltid i sentrum

 

 

 Kommunikasjon, språk og tekst

Vedlegg språkstimuleringsplakaten til Stord kommune, Me brukar Stord kommune sin språkstimuleringsplakat: ”Språkutvikling i barnehagen Kjenneteikn på kvalitet”

Bruk:

Leikene som finnes i barnehagen

1-2 år

Snakka om farge og leika med dei

3-4 år

t.d. klossar:

Snakka om, leika og kjenna på former, fargar og fasong

Stor/liten/like stor

5- 6 år

Klossar: Proporsjonar

 

Stor, liten,

større /mindre/mellomste

 

 

Turar ute i skogen -

Merksemd for lyd

 

Barnehagen bruker den lokale kulturen og landskapet som utgangspunkt for samtale og arbeid.

 

 

Snakka om bekken som klukkar

 

 

Snakka om fuglelydar, høyrer ein bilane herfrå, høyrer me andre ting?

ha samtaler rundt dette

 

 

Lukka augo – lytta til kva ein høyrer frå

No ---- til no

Fantasera litt og – kva kan det vera? Høyrer me ugle/gjøken?

Går det an å høyra ein hjort/rev – kvifor ikkje?

Sykkeltur til eventyrskogen

Ha musikkbarnehage

 

Songar, regler, dikt og drama

Få og gjenkjennelege songar - mykje repetisjon

– med rørsle til

Kvar fredag: musikkstund og dans -Lisa Børud

Songar, rim og regler

Bruka kroppen som musikkinstrument

Songar, rim og regler

Barna laga rim sjølve

Barna laga instrument som dei får bruka i samlingar

Kulturhuset

 

Teater

Bibliotekbesøk

Bøker

t.d. eventyrbøker, biletbøker, forteljingar, alfabetbøkene

 

Barna har lett tilgang

på bøker med ulike

sjangrar og for ulike aldersgrupper

Lesa kvar dag – gjerne bøker som barna har valt

Lesa kvar dag – gjerne bøker som barna har valt,

Når ein ventar på neste aktivitet – la barna velja seg ei bok som dei sjølv les i

 

Besøk i kulturhust - teater

Lesa kvar dag – både bøker som barna har valt og bøker dei vaksne kan nytta til samtale i ettertid

Alfabetbøkene, samtala rundt innhaldet – arbeidsoppgåver i forlenging av boka

Biletbøker som støtte for auka ordforråd hos dei tospråklege

Alle rutinesituasjonar

Av/påkledning,

Måltid, samlingsstund,

Frileik osv

Alt stell av barna føregår mens me snakkar med barna om det som skjer

Snakka med barna om meiningsfulle ting i situasjonane

Viktig at barna blir lytta til, dei vaksne ser til at alle får delta i samtalane på ein naturleg måte

 

Kropp, bevegelse og helse

Bruk:

måltida i barnehagen

1-2 år

Gje uttrykk for kor godt det er med mat – no blir me sterke

Introdusera sunn mat: t.d. agurk og paprika

Barna et sjølve

Øva på å smørja passe mengd smør – ikkje sløsa med maten.

Øva inn god hygiene før måltid

3-4 år

Kva er sunn mat – usunn mat

frukt og grønsaker - kvifor er viktig?

Hygiene

5- 6 år

Barna vera med å laga sunne måltid

 

 

 

 

Hygiene

 

Hjelpa barn til god leik og smidighet

Rørslesongar, nytta leikeplassen og nærmiljøet til dette

 

rørslesongar,

klatring i trær

sykling

hinderløype

rørslesongar, balanseringsleikar, nytta naturen

hinderløype

Sjølvstendetrening

La dei prøva å kle av seg og etter kvart på seg. La dei prøva sjølv når dei klatrar m.m.(for tryggleikens skuld: ikkje hjelpa barna opp på høge klatrestativ dei ikkje klarer sjølv)

Kle på seg sjølve

Læra dei reinsemd ved toalettbesøk

Dei eldste øva på å klara seg sjølv ved toalettbesøk – kvifor viktig med reinhald av hendene.

Tilrettelagd fysisk aktivitet – kombinert med det første møte med skulen

Laga enkel hinderløype inne

Laga hinderløype ute og inne

Gym på Litlabø skule

 

Uteleik og turar

Alle på tur ofte, minimum ein gong i veka

Dei vaksne er meddvitne om at barna utviklar god evne til rørsle

Aktive vaksne tek del i leiken og oppmuntrar til fysisk aktivitet

Lengre turar enn tidlegare, glade vaksne som viser at dette er kjekt - ikkje tvang

Tur til stadion

Dans

Barna rører seg til musikk

Rørsle til musikk – dei vaksne er med

Nokre barn lagar musikken som andre rører seg til

Frileik

Dei vaksne er ofte med og er aktivt observerande

Dei vaksne er aktivt observerande er med om dei blir inviterte

Dei vaksne er aktivt observerande, er medvitne om at venskap vert skapa og dei hjelper i konfliktar – lærer dei strategiar for god konfliktløysing

 

Kunst, kultur og kreativitet

Bruk:

 

1-2 år

 

3-4 år

 

5- 6 år

 

Baking, forming med trolldeig, leire eller gjærdeig

 

Treng ikkje vera brød/bollar – den vaksne: ”fortel meg om det du har laga no”

Prosessen viktigare enn resultatet

laga trolldeig

den vaksne: ”fortel meg om kva du skal laga no”

Prosessen viktigare enn resultatet

 

Ein stor klump trolldeig el. Leire på bordet:

Stikk fingeren inn i denne og sei: ”lurer på kva som er inni her?”

Barna får tid til å vera kreative og laga noko saman – kanskje det blir eit heilt samfunn?

Prosessen viktigare enn resultatet for dei fleste, men no begynner produktet å bli viktig for enkelte

Leirvik sentrum

 

Kunstutstilling i kulturhuset/ galleri Giga (lita gruppe - etter avtale )

Følgja opp det ein ser – barna ha kunstprosjekt sjølve

museum,

bibliotekbesøk

 

Eventyr og snakkepakken

Fortelja eventyr slik som: Den stygge andungen, Rødhette og ulven, Skilpadda som vart borte

 

 

bygga med duplo, klossar , lego

 

Barna får erfaring med byggematerialet saman med vaksne

Dei vaksne blir ”overraska” over det barna har laga no – syner glede og begeistring over kva barna får til

Tilfører barna nye ting til leiken? Blir dei kreative når dei bygger? Fantaserer dei? Er nokre av barna berre tilskodar til andre sin kreativitet. Kva gjer du då? T.d. spør om du får bli med å leika og still spørsmål som fremmer barna sin kreativitet.

Formingsmateriell er lett tilgjengeleg

Barna får erfaring med formingsmateriell av ulikt slag

Teikna, mala osv.

Treng nokre barn hjelp til å koma i gang/halda fast ved ein formingsaktivitet?

lima, klippa, teikna mala

laga ting som kort osv.

teikna, mala, klippa, lima – ulikt materiale

laga bilde – sommar, haust, vinter , vår

prosjekt, t.d Edvard Munch

 

Turar som fremjar kreativiteten

på tur til eventyrskogen

 

Tur til eventyrskogen

 

 

 

når me har snø på bakken kan me sjå kva dyr som har sett sine spor (la barna fantasera)

 

når me går tur i skogen, kan me sjå tre som liknar noko anna – kva liknar det på

 

laga isfigurar

nytta snekring

andre formingsmateriell

teikning, pusling,

 

med ulike fargar

med ulike fargar og fasongar, t.d. hanskar, mjølkekartong, ballong

 

laga   musikkinstrument

 

t.d. laga fuglekasse, få   bruka snekkerbord å snekra på

veving,

strikking

 

 

 

 Religion, etikk og filosofi

Bruk:

 

1-2 år

 

3-4 år

 

5- 6 år

 

samlingsstund

Enkle songar ev. med bevegelse. Kort historie eller drama

Songar med meir tekst. Større repertoar. Lengre historiar

Drama, dans, framføring, refleksjon over tema og spørsmål. Stort repertoar av songar

måltid

Bordvers og bønn. Fleire alternativ

Lærer barna å ta omsyn, senda, venta på tur

Barna bidrar med pådekking. Hjelper dei små med å smørja

kyrkja – 6 åringane >julevandring

 

Barnehage-

Gudsteneste.

Påskevandring og julevandring

feira – bursdag-karneval-høgtider

 

Krona, ballongar og selskap på bursdag. Karneval:Alle er med. Utkledning,

Me gjer det same som 1-2 år

Dette gjeld også 5-6 åringar. Men dei store er meir med i planlegging og utforming av t.d burdagskrona

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Natur, miljø og teknikk.

Bruk:

Turar i skogen rundt Bergly og Stuva

1-2 år

-Ta vare på naturen, f. eks. ikkje kasta søppel

-plukka bær og frukt

Barna få sjå korleis desse ressursane kan bli nytta

tur til andedammen

tur til stadion

 

3-4 år

Ta vare på naturen, f. eks. ikkje kasta søppel

-plukka bær og frukt

Barna vera med å laga syltetøy, t.d.røra i syltetøyet for at det skal bli stivt

5- 6 år

Ta vare på naturen, f. eks. ikkje kasta søppel

-plukka bær og frukt

-vera med å laga saft og syltetøy , vega sukker, vask av syltetøyglas (NB!me er varsame med varmen)

Plukka boss – læra om gjenvinning

 

Turar i skogen rundt Stuva

Dei vaksne ser ting og seier: Å, sjå kor fin blom. Lukta på. Dei vaksne følgja opp barna sine oppdagingar

Forska om dei fire årstidene

samla kongler, blad, kvist osv.

sjå på naturen, tre, dyr, spor - følgja opp om barna syner interesse

 

Forska om dei fire årstidene - kva har skjedd   ute når det er sommar, haust, vinter, vår, t.d. følgja eit spesielt tre gjennom eit år

Tur til lavvoen

 

Tur tul hytta når me er på besøk på Stuva

finna insekt og observera dei (insektjakt)

ha med bok om planter og dyr, dei vaksne hjelper barna å finna fram i boka

finna insekt og observera dei (insektjakt) t.d. tussalus og edderkopp

ha med bok om planter og dyr – barna leita i boka sjølv

laga mat ut i naturen

Ta bilde for å dokumentera endringane

bondegarden

 

 

besøkja når lamma kjem

Kanskje frå sjå ein lammefødsel ?

leika med lego og duplo

 

Leika med duplo – vera forundra saman med barna over at duploklossane heng saman

Lego og duplo – korleis må me gjera for at byggverket skal bli stekt

Lego - også her sjå på måten ein må byggja på for at ikkje t.d. huset skal gå i stykker

bruka sankkepakken og lesa eventyr om tema

 

Bruka figurane i samlingsstund

Dei vaksne gjer seg kjende med snakkepakken og nyttar den som konkretisering

I tillegg til sankkepakken, Eventyret om Askeladden ”eg fann eg fann”

bruka datamaskin

 

 

Dei vaksne må lesa IKT-heftet og finna ut korleis barna skal få kjennskap

Utnytta dei unge som arbeider i bhg, til å visa barna

Baking/forming

laga trolldeigfigurar

 

laga trolldeigfigurar

kva må til for å laga deig?

laga trolldeigfigurar

kva skjer ved gjærheving

 

Våren på Stuva

 

lam, riding på hest

lam, riding på hest

Bergly

tur til leikeplassen i nærmiljøet

handletur på butikken

 

 

 

Plukke bær i skogen om hausten

 

Kva skjer når me kjem heim?

Korleis blir dette omgjort til mat som ein kan bruka heile året?

Korleis blir dette omgjort til mat som ein kan bruka heile året?

 

Nærmiljø og samfunn

Bruk:

Den næraste yrkesgruppa for Stuva: bøndene – kva driv dei med?

Tur til fjøsen å sjå på lamma og sauene

 

 

1-2 år

Ein gong på våren besøkja Stuva og dyra der

 

Hønene i barnehagen må få stell kvar dag

 

 

 

3-4 år

Ein gong i veka

Snakka om stell av dyra – kvifor?

 

5- 6 år

Ein gong i veka

Snakka om stell av dyra – kvifor?

Får barna ansvar her?

Bli kjend på/ved Leirvik

sentrum

-Gå tur i nærområdet

-Stranda

 

-Mata endene ved andedammen

-Leikeplassen

-Butikken for å handla

 

 

 

-Bada og grilla om sommaren på stranda

-Tur i Leirvik sentrum i små grupper

-Biblioteket

- Museet

-Brannstasjonen

-Bada og grilla om sommaren på stranda

-Besøkja kvarandre, å sjå kor dei bur

-Leirvik sentrum – kva type butikkar finn ein der? Kva anna finnes i Leirvik sentrum? Kva skjer på torget? Hagerupshuset - kva funksjon har det? Legekontor kor finn me dei? Osv.

Lita gruppe besøkja gamleheimen

 

 

 Antall, rom og form

Bruk:

Klossar

1-2 år

Snakka om farge og leka med dei

3-4 år

Snakka om, leka og kjenna på former, fargar og fasong

Stor/liten/like stor

5- 6 år

Proporsjonar

 

Stor, liten,

større /mindre/mellomste

 

Teljing

Telja kor mange barn og vaksne i barnehagen

Telja kor mange egg me finn hos hønene

Telja kor mange gutar/jenter

Telja kor mange vaksne i forhold til barn

Omgrep: flest/færrast

firkant og sirkel – at ballen er rund og klossen er firkanta

La barna oppleva at ballen rullar, men ikkje firkanten – bli forundra saman med barnet

Kan firkanten rulla?

Kvifor ikkje?

Bygging i fundament

Sand/ball/ ujamt underlag

 

Kims leik -

gøymer ting under teppe, tek vekk ein ting og barnet skal gjetta kva som er borte

2-3 ting

3-4 store og kjente enkle ting

4 – 6 ting

Dyr, bøker , leiker litt meir komplisert.

Laga isskulpturar som me har pynta med ute

La barna kjenna på formene, undra seg saman med dei

Snakka med barna om kva dei ser og kjenner på – korleis dei ser ut, kor dei står ute (oppå – bak, framfor)

Snakka med barna om kva dei ser og kjenner på – korleis dei ser ut, kor dei står ute - storleiken på figurane i høve til kvarandre osv.

Lauv, trepinnar, - vera med og finna ulike former i skogen

Erfaringar med kjøkkenutstyr på kjøkkenet

 

Leika meg og får erfaringar med utstyret i leikekroken på Bergly

T.d. snakka om tal koppar i høve til asjettar. Barna dekka på, telja, fargar på dekketøy, fasong

T.d. snakka om tal koppar i høve til asjettar. Barna dekka på, telja

Mengde mat på tallerken

Baking

Barna får bruka gjærdeig å forma med

Barna undra seg over at forma blir annleis når det er steikt

Mål og vekt erfaringar

t.d. teikna oppskrifta med tal koppar mjøl, smør, mjølk, la barna få laga deigen og telja sjølve

Les i bøker i stova etter me har ete.

 

Velja bøker som gjev erfaring med tal og form

”Finne ting”- bøker. Bøker med mange detaljer som barna skal finna

Bruke boka i snakkepakken, ein vaksen er med og styrer denne.

”Finne ting”- bøker. Bøker med mange detaljer som barna skal finna

Samanlikning

av tal

Kva er det mest av/minst av - små eller store / ulke fargar/ sirklar/ firkantar

 

t.d. farga klossar :

like mange gule som raude

t.d. finn like mange store klossar som dei små

t.d. finna runde, kvadratiske og rektangulære klossar – kva er det mest av, minst, mellomst

byggja hus/ slott dela veggene inn i fargar, ein gul, ein blå, ein rød og ein grøn vegg

Omgrepserfaring

Nytta kjende ting, slik som ulike leiker, dekketøy, kleda våre

t.d. Kan du hjelpa meg å finna den bilen som står på/under

t.d. Kan du henta den bilen som står bak /framfor koppen

under/ over/på…..

bruka snakkepakken

 

t.d. Kan du henta den bilen som står bak /framfor koppen

under/ over/på…..

mellom/ved sida av

-julemennformer, leikedeigsformer- fargar ulike fasonger

-leika tampen brenner

Storleik av personar i høve til kvarandre

 

størst, minst

høgast, lavast

Høgdemåling av barna

høgast, lavast, mellomst.

Høgare, lågare

Tilføra omgrepet høg låg lyd

Barnehagerommet

 

Bygga veg /hinderløype som går over heile golvet – dei vaksne ”oppdagar” kor lang løypa er og undrar seg, syner entusiasme – dette gjer barna merksame på rommet

Kor er den lengste veggen, den kortaste

 

Entusiastiske, undrande vaksne

Kor er kroken i rommet? Korleis ser ein krok ut? Skal me bygga eit hus med klossar som har krokar, lange og korte vegger? Kven skal bu der…. osv

 

Språkutvikling i barnehagen

Kjenneteikn på kvalitet

Rom

Handlingar

Haldningar

Organisering

barna i eit språkleg samspel.

som i liten grad søkjer kontakt med vaksne.

på bøker med ulike

sjangrar og for ulike aldersgrupper.                                                                                                                             

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Del denne siden med andre!

Share on FacebookShare on Twitter