ÅRSPLAN FOR SOLSIKKENE AS BARNEHAGER A/S 2017/18   BERGLY FAMILIEBARNEHAGE OG

STUASTØLEN GARDSBARNEHAGE

INNHALDSLSISTE

                                                              

1.0 Presentasjon av Solsikkene Barnehager AS

1.1 Personalet i Stuastølen Gardsbarnehage

1.2 Personalet i Bergly Familiebarnehage

1.3 Tilsette i Solsikkene Barnehager AS, bilete

2.0 Opningstider

2.1 Dagsrytme

2.2 Bergly

2.3 Stuastølen

2.4 Vekeplan Bergly

2.5 Vekeplan Stuastølen

3.0 Mål for barnehagane

3.1 Omsorg

3.2 Leik, læring, samspel og menneskelege relasjonar

3.3 Danning

4.0 Satsingsområde: Språk

5.0 Fagområda

5.1 Kropp, rørsle og helse:

5.2 Kommunikasjon, språk og tekst

5.3 Etikk, religion og filosofi

5.4 Kunst, kultur og kreativitet

6.0 Tema

7.0 Merkedagar og lokale kulturtilstellingar

8.0 Planlegging, dokumentasjon og vurdering / evaluering

8.1 Dokumentasjon og informasjon

8.2 Vurdering / evaluering/komptanseheving

9.0 Likestilling i barnehagen

10.0 Barns medverknad

10.1 Foreldremedverknad/samarbeid

10.2 Foreldremøte og foreldresamtaler

10.3 Foreldreråd og samarbeidsutval

11.0 Teieplikt og opplysningsplikt

12.0 Overgang barnehage - skule

13.0 Progresjonsplan

INTERNKONTROLL

Avslutning

1.0 Presentasjon av Solsikkene Barnehager AS

Bergly Familiebarnehage og Stuastølen Gardsbarnehage er begge eigd av Solsikkene Barnehager A/S. Våre

barnehagar har ein klar kristen profil og har utvida kristen formålsparagraf, men ynskjer å vera eit tilbod til

alle barn uansett bakgrunn eller tru. Det betyr at dei fleste av samlingsstundene våre, har eit kristent innhald.

Dei lærer enkle og sentrale sanningar frå Bibelen, me syng kristne songar og ber med og for borna. Ellers

jobbar me ut frå den offentlege rammeplanen og barnehagelova.

                                                       

Bergly Familiebarnehage har dette bruksåret 10 plassar til barn over 3 år eller 8 barn under 3 år.

Barnehagen ligg innerst i Gullbergvegen med eit godt og trygt miljø med skogen som nærmaste nabo.

Barnehagen held til i kjellaretasjen i huset. Her har me gode lokaler med mange små rom som innbyr til

leik. I tillegg til ute området til barnehagen nytter me oss mykje av skogen og nærmiljøet.

Den frie leiken er svært viktig. Kaninene og hønene er ein naturleg del av kvardagen. Me legg også vinn på at

barna skal utvikla seg motorisk. Difor har me klatrestege og eit utfordrande og kjekt leikeapparat. Siste er nytt for året!                                            

Stuastølen Gardsbarnehage ligg idyllisk til på garden med same namnet. Her er me omgjeven av natur og dyr,

som både naturleg og systematisk er ein del av kvardagen vår. Leikeplassen vår er populær med mange høve

for ulike aktivitetar. Barna kan klatra, reila, rutsja, gynga og leika i sandkassen.

                                             

1.1 Personalet i Stuastølen Gardsbarnehage

Kjersti Karlsen Eigar/styrar

Camilla Spissøy Assisterande styrar

Joann Egholm pedagogisk leiar

Alexander Rogne Leskinen Barnehagelærar

Heidi Glesnes Taipale Assistent/sjåfør er i permisjon

Rebekka Karlsen Barne- og ungdomsarbeidar/sjåfør

Tove Iren Notland Assitent/sjåfør

1.2 Personalet i Bergly Familiebarnehage

Kjersti Karlsen Eigar/styrar

Joann Egholm Pedagogisk leiar/Assistent

Ingebjørg Tanskanen Assistent

Karstein Karlsen Administrasjon/sjåfør

Esther Tejeda Tislevoll Assistent

Sigrid Bjerga Haraldsen Assistent

Madelén Lønning Praksiselev

2.0 Opningstider

Bergly Familiebarnehage er open frå kl. 0645 til kl. 15.45 alle kvardagar

Stuastølen Gardsbarnehage er open frå kl 0715 til 1600. Alle kvardagar.

Me er att til kl 1615 og ryddar. Då vil me at barna skal vera henta. Har du andre behov, så kontakt oss for

avtale.

2.1 Dagsrytme

Der er bra for borna å ha ein rytme og faste rutine. Me ynskjer også å vera fleksible og spontane slik at me

kan finna på ting undervegs. Utgangspunktet for dags rytmen ser slik ut:

2.2 Bergly

kl. 06.45 Barnehagen opnar. Roleg leikeaktivitet / lese

kl.08.30 Frukost

kl.09.30 Samlingsstund

kl.10.30 Fri leik / ulike aktivitetar. Soving for dei minste

kl.12.00 Lunsj

kl.12.30 Fri leik / ulike aktivitetar, me matar dyra

Soving for dei minste

kl. 14.00 Fruktstund

kl. 15.45 Barnehagen stenger

2.3 Stuastølen

kl. 07.15 Barnehagen opnar. Roleg leikeaktivitet / lese

kl.08.15 Frukost

kl.09.00 Rydding etter frukost/frileik/språktrening

kl.09.30 Samlingsstund

kl. 10.00 Tema aktivitetar på temadagar/språktrening kvar tysdag

kl.10.30 Fri leik / ulike aktivitetar/turen startar på turdagar

kl.12.00 Lunsj

kl.12.30 Fri leik / ulike aktivitetar

kl. 14.15 Fruktstund

kl. 16.00 Barnehagen stenger

2.4 Vekeplan Bergly

MANDAG Turdag

TYSDAG Språktrening

ONSDAG Temadag

TORSDAG Språktrening

FREDAG Aktivitetsdag

2.5 Vekeplan Stuastølen

MANDAG Turdag

TYSDAG Språktrening

ONSDAG Skulegruppa

TORSDAG Språktrening, aktivitetsdag/turdag

FREDAG Gruppeaktivitetar inne og ute

Me har hest knytt til barnehagen. Den kan me ri på når me vil. Det gjer me når det ligg til rette med godt ver

og nok personalet. Det kan bli endringar på vekeplanen avhengig av ver, barna sine ynskjer og andre

praktiske forhold.

                                               

3.0 Mål for barnehagane

3.1 Omsorg

I Rammeplanen (2017) står samfunnsmandatet for barnehagane. Det er fylgjande: «Barnehagen skal i

samarbeid og forståing med heimen ivareta barna sitt behov for omsorg og leik, og fremje læring og danning

som grunnlag for allsidig utvikling. Leik, omsorg, læring og danning skal sjåast i samanheng» Det er ikkje

utan grunn at måla er sett opp i denne rekkjefølgja i lova: Omsorg, leik og læring. For at barna skal kunne

leika, læra og bli danna, må dei først ha dei grunnleggjande behova møtt gjennom omsorg for deira ulike

behov. Dette gjeld både for dei fysiske rammene (ein god stad å vera), kroppslege, psykiske og åndelege

behov. I våre barnehagar vil me gjera dette ved å ha fokus på heile barnet: ånd sjel og kropp. Vidare

påpeikar Rammeplanen for 2017 at barnehagen skal anerkjenne barnehagen sin eigenverdi, samt bidra til at

barna trivst, opplever livsglede, meistring og ei kjensle av eigenverdi, og han skal førebyggje krenkingar og

mobbing. Saman skal desse verdiane fremje barna sin livsmeistring og ha ein førebyggjande og

helsefremjande effekt. I tillegg har me tru på at me vaksne er viktige føredøme for barna i vår måte å syna

omsorg for dei. Det gjeld i alle ting frå dei kjem i garderoben eller bussen til dei er heime att. Då kan det

handla om å spørja korleis dei har det, lytta til dei når det snakkar og spør, svara så godt me kan på

spørsmål, trøysta når dei gret og hjelpa dei når det er naudsynt, samt gje kvardagen deira eit meiningsfylt

innhald. Vidare vil me visa dei venleg merksemd i alle dagleglivet sine situasjonar og gje dei det dei treng mtp

bleieskift, mat, drikke, klede, oppseding med gode grenser og fokus på det enkelte barn og heile gruppa sitt

ve og vel.

                                  

Barnehagane våre skal vera prega av god omsorg der borna vert respektert for sin eigenverdi samtidig som

dei får lære og utvikle seg til omsorgsfulle, livsglade, undrande og sosialt kompetente barn gjennom leik og

samhandling mellom barn – barn og barn – vaksen. Vidare vil barn med særskilte behov bli tatt vare på med

ved at dei vert sett for den dei er og får den hjelpa dei har trong for.

3.2 Leik, læring, samspel og menneskelege relasjonar

Rammeplanen 2017 seier: «Leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen, og eigenverdien til leiken skal

anerkjennast. Barnehagen skal gje gode vilkår for leik, vennskap og barna sin eigen kultur.»

Leiken har ein stor plass i barnehagen, og denne ser me på som svært viktig for barna.

                                         

Leiken har mykje å sei for barnet si utvikling. Her møter barna på nye utfordringar både sosialt, intellektuelt

og motorisk. I leiken må barna tenke sjølv, det er rom for fantasi og kreativitet, dei kan bearbeida ting dei er

redde for, dei lærer å forholda seg til andre barn, oppdagar grenser hos seg sjølv og andre. Leiken er med på

å rusta barna til det livet som møter dei. Dette gjer at leiken har ei viktig rolle i barnehagen,

og me prioriterer at barna så langt som råd sjølv skal få velje sine leikekameratar og kva dei vil leike med.

Barna treng ro for at leiken skal kunne utvikle seg. Difor set me av eiga tid for leiken i kvardagen, der me

også kan la anna planlagt program gå ut, dersom me ser at barna har ein god leik som me ikkje vil bryta av.

Romma våre og inventaret er også tilrettelagt med tanke på at barna skal bli inspirert til å koma i gong med

leiken. Me har laga oss eigne gjennomsiktige leikekassar, slik at borna kan lett sjå kva  dei kan og vil leika

med. Me legg vinn på å sortera leikene og halda orden. Erfaringsmessig ser me at dette verkar meir 

innbydande på leiken enn viss alt er blanda. Me har og vil ha eit variert utvalg av leiker: Dokker, bilar,

dyr/figurar, og/togbane, utkledningsklede, leikeveggar, duplo, lego, magnetar, treklossar og eit godt

utval av brettspel og bøker m.m

                                         

Læringa som føregår gjennom leiken forutset kognitiv, emosjonell og sosial utvikling. Men leiken vil også vera

med å fremja utvikling og læring på desse områda. Konkret vil dette innebera at leik kan gje språklæring,

opplæring i sosial kompetanse, motorisk læring og trening, læring av matematikk og konstruksjon, samt

innlæring og utforming av ulike roller og evne til dramatisering. Med vårt fokus på sortering av leikene, nyttar

me dette til å øva barna opp i klassifisering av ordgrupper. T.d kva er ei ku? Jo, den høyrer inn under dyr,

osv.

I samlingsstund t.d. nyttar me vaksne ofte dramatisering, song og musikk som verkemiddel. Då lærer barna

om roller, kva og korleis dei kan leika og kva det er rom for i barnehagen. Dei lærer språk, rytme, rim, reglar,

songar og utviklar kreativitet. Vidare vil me i samlingsstundene og t.d.turar i skog og mark ha konkret læring i

fokus i det me gjennom året vil gå gjennom fagområa til Rammeplanen. Les meir om det under kapittelet om

fagområda lenger nede. Lillemyr (2011, s. 45) skriv, «Lek er også samspill eller kommunikasjon. Barnet

oppfatter signalet «dette er lek» og går inn med spesielle samspillferdigheter og lekeferdigheter. Deltagelse i

leken krever at barna har evne til å kommunisere på flere plan. Det må skjønne hva som er lek, forstå reglene

for samspillet, kunne identifisere seg med temaet og ha evne til å delta i utviklingen av temaet.» Me ser

vidare at barna imiterer, øver og handlar gjennom leiken. Dei utrykker det dei har sett (lært) av vaksne

og andre barn på alle arenaer dei tilhøyrer. Lillemyr (2011, s.157 og 38) skriv, « Leontev legger stor vekt på

den voksnes betydning som modell for barns lek. Også eldre barn kan være modeller for yngre barn. Modeller

danner råmateriale for barns rollelek. Rollelek utspiller seg særlig klart i 3-8 års alderen, for så å utvikle seg

mot dramatisk lek senere.»

I leiken vil dei vaksne observera barna, og medvite involvera den eller dei som har vanskar med å koma inn i

gruppa eller få leikelag. Dei vaksne skal vera nær og tilgjengelege til barna som leikar, nokon gong som

leikepartnar, andre gonger som initiativtakar og/eller observatør. I leiken vil ein kunne få mykje nyttig

informasjon om barnet/gruppa, som kan koma til nytte i utvklinga av det enkelte barnet og/eller barnegruppa.

Inne fordeler barna seg i mindre grupper rundt i dei ulike romma i barnehagen. Då opplever me at barna

leikar godt saman, det blir færre konfliktar og leiken pågår over eit lengre tidsrom. Det vert såleis enklare for

personalet å observera korleis barna samhandlar, kven som leikar, om nokon fell utafor, er passive og treng

hjelp for å koma inn i leiken.

Me har hatt og vil ha som mål å ha eit roleg innemiljø der springing, hopping og høg stemmebruk vert roa

ned, til fordel for roleg gruppeleik eller individuell leik. Me vil vidareføra fokus på rammene og plassering av

leikene i romma. Me vil at barna skal læra seg god framferd, både overfor andre barn og vaksne. Me

øver på god bordskikk, som å sitja ved bordet under heile måltidet, spørja etter mat, forsyna seg fint osv. I

tillegg legg me vinn på å snakka med barna under måltidet. Målet er å ha gode samtalar og auka barnet sin

språklege kompetanse. I samlingsstund får også barna øving i å sitja i ro, lytta, læra og delta aktivt med

sang, svara eller koma med innspel. Dei skal stå opp for seg sjølv og vera synlege, samstundes som dei lærer

å ta omsyn til og vera god mot andre. Vidare lærer me borna sjølvstende der dei kan kle på seg, smørja

maten sin, rydda etter seg og hjelpa til med små oppgåver i barnehagen. Er dette på plass til dei

byrjar i skulen, så har dei eit godt grunnlag for å lukkast.

Me har også eit tydeleg mål om å læra opp borna i den kristne trua og korleis ein kan praktisera det i

kvardagen. Dette skjer først og fremst gjennom den daglege samlingsstunda, men me startar og avsluttar

kvart måltid med eit bordvers og ein bordbøn.

3.3 Danning

Ordet danning er ikkje nytt, men har blit løfta meir fram i barnehagesamanheng enn før. Kva ligg det i dette

omgrepet ? Rammeplanen 2017 sier: «Barnehagen skal oppmuntre barna til å vera prøvande nysgjerrige på

omverda og bidra til å leggja grunnlag for modig, sjølvstendig og ansvarleg deltaking i demokratisk

fellesskap.» Me kjenner ordet ”dannelse” som eit mål for god oppseding og opplæring. Danning er

ein livslang prosess. I danning inngår oppseding som ein prosess der vaksne både leier og rettleier neste

generasjon. Gjennom oppseding og danning blir verdiar, normer, tankar og uttrykks- og handlingsmåtar

vidareførte, endra og forhandla om. Personalet skal rettleie barna i vekslinga mellom samfunnsnormer og

sosiale krav og eigen veremåte. Barn må få hjelp til å oppfatte kva rammer som er akseptable i samvær med

andre. Oppseding og danning må skje i nær forståing og samarbeid med heimen til barna.

Personalet i barnehagen må kunne grunngi verdistandpunkt knytte til oppseding og danning både overfor seg

sjølve og foreldra. Danning skal skje i tråd med verdigrunnlaget til barnehagen og leggje grunnlaget for at

barn skal kunne delta aktivt i eit demokratisk samfunn. Difor vektlegg Rammeplanen at barna sine synspunkt

og deltaking skal vektleggjast, samstundes som barna skal utfordrast til å ta andre sitt perspektiv og øva seg

kritisk tekning og vurdering. Djupast sett er danning overføring av kulturen vår til neste generasjon. Konkret

vil dette avspegla seg av kva me overfører til barna i kvardag og høgtider, gjennom året. Når eit barn blir

danna, tenkjer ein seg at det dei lærer er blitt integrert del av barnet. Lærdomen, reglane, etikken og

oppsedinga blir ein del av barnet sin veremåte, tenkemåte og haldningar.

I barnehage.no (05/2014) er det i eit intervju med forfattar Anne Schjelderup der det står at: «Hun viser til at

oppdragelse har til hensikt å overføre kunnskaper, verdier og holdninger til barna som om de var blanke ark.

Danning derimot, skal sette barna i stand til å tenke selv, søke kunnskap, reflektere over og vurdere vedtatte

sannheter, stille spørsmål og yte motstand på egne og andres vegne. De kan ikke manipuleres til å gjøre og

tenke som den som oppdrar. – Danning handler om å utvikle kunnskap, verdier og holdninger sammen,

gjennom dialog — hvor alle anerkjennes som selvstendige mennesker med følelser og tanker i en felles

prosess. Ville Eichmann gjort det samme om han hadde hatt mindre oppdragelse, men mer danning?»

Når me i samlingsstundene lærer barna om dei kristne verdiane og korleis dei skal gjennomførast i praksis,

handlar det også om danning av barna.

4.0 Satsingsområde: Språk

«Gjennom arbeid med fagområde (kommunikasjon,språk og tekst), skal barnehagen bidra til at barna

får utforske og utvikle språkforståinga, språkkompetansen og eit mangfald av kommunikasjonsformer.» (

Rammeplanen 2017). Sidan me har mange minoritetsspråklege barna, vil dei fleste barna i barnehagen skal

ha to samlingar i veka med språkstimulering og språkinnlæring. Me fylgjer eit eige opplegg som me har lært

gjennom PPT som heiter «Grep om omgrep.» Dette har gjeve gode resultat ved utprøving. Det er likevel viktig

å merke seg at me jobbar med språkstimulering i mange situasjonar. Språket følgjer oss overalt!

Me har t.d. sett at innlæring av songar i samlingsstund har vore ein god og effektiv metode.

Barnehagen skal sørga for at alle barn får varierte og positive erfaringar med å bruke språket som

kommunikasjonsmiddel, som reiskap for tenking og som uttrykk for eigne tankar og kjensler.            

                                         

Denne språktreninga er viktig i høve til det sosiale aspektet samt lese- og skriveopplæringa. I leiken er

språket ein viktig reiskap for å gjera seg forstått og å forstå. Den som ikkje meistrar dette kan lett bli ståande

utanfor. Me deler oss ofte inn i grupper og gjev barna trening ut frå alder og føresetnader.

5.0 Fagområda

For å lette barnehagen si planlegging av eit variert og allsidig pedagogisk tilbod, er barnehagen sitt innhald

delt inn i sju fagområde som er sentrale for oppleving, utforsking og læring.

Dette er :

- kommunikasjon, språk og tekst

- kropp, rørsle og helse

- kunst, kultur og kreativitet

- natur, miljø og teknikk

- etikk, religion og filosofi

- nærmiljø og samfunn

                                                       

Me vil også dette året  å jobba med fagområda på i bolkar. Me vil gje område som tal, rom og form,

natur, miljø og teknikk og nærmiljø og samfunn særskilt merksemd i kvar sine periodar. Me vil også fokusera

ekstra på kropp, rørsle og helse i januar 2017. Me tenkjer at området som tannhelse, kva me et og

grenser for eigen kropp er så viktig at me vil gje det ekstra merksemd. Emnet blir då tatt opp i på temadagar i

samlingsstund med påfølgande aktivitetar den dagen. Dei andre fagområda blir integrerte gjennom

heile året i allereie fastlagte periodar og aktivitetar:

5.1 Kropp, rørsle, mat og helse:

Me har minimum ein turdag i veka. Når det høver nyttar me bussen vår og køyrer til andre turmål i

nærmiljøet som er fine å nytta, me legg vinn på å gje borna sunn mat.

Bergly Familiebarnehage tar ofte turen til stadion på Vikahaugane og borna likar å springa på banen. Barn er

kroppslege i si tilnærming til verda og lærer mykje gjennom rørsle og det dei kjem i kontakt med via kroppen

sin.

                                                 

Difor legg me vekt på å gje barna mange gode opplevingar både i nærmiljøet og i naturen der dei

får nytta kroppen på ein variert og utfordrande måte. Barnehagane våre har fokus på viktigheten av mat og

bordfellesskap. Difor et me felles frukost og lunsj i barnehagen. I tillegg har me fruktstund om ettermiddagen.

Me vil at barna skal få i seg sunn og god mat i hyggeleg fellesskap og koselege omgjevnader og samstundes

få god tid til å eta.

5.2 Kommunikasjon, språk og tekst:

«Gjennom arbeid med fagområdet skal barnehagen bidra til at barna får utforske og utvikle språkforståinga,

språkkompetansen og eit mangfald av kommunikasjonsformer.» (Rammeplanen 2017).

Ved å få snakka, lytta, observera og gje respons i samhandling med andre, får eit variert ordforråd,

vidareutviklar omgrepsforståinga si, bruker språket aktivt til å uttrykke kjensler og ynskjer. Vidare får dei eit

positivt forhold til tekst og bilete, ved å bli kjent med bøker, eventyr og songar og vert fortrulege med tal og

bokstavar. For å arbeida i retning av desse måla vil me arbeida med å vere gode rollemodellar for barna i den

daglege kommunikasjonen. Me lyttar, snakkar og viser interesse for det barna fortel og formidlar gjennom

kroppsspråket.

Språktrening er satsingsområdet, og det jobbar me aktivt

med. Å auka ordforrådet er viktig for alle. Difor jobbar me systematisk med dette gjennom opplegget «Grep

om omgrep:» Barna skal få høve til å uttrykke seg, t.d. ved at dei fortel om noko dei har opplevd

eller emne dei er opptekne av.

Me gjer:

- støttar barna sine eigne initiativ til å telja, leseskriva og lese

bokstavar

- syner glede og engasjement ved song, høgtlesing og samtale

- me har språktrening minimum 2 dagar i veka

- brukar ”Snakkepakken” jamleg

- me nyttar språksprell

- leike rommet er godt utstyrt med bøker

- brukar dramatisering

- brukar rytmeinstrument

- rim, regler og songar

- syng for dyra

- les for barna kvar dag

- brukar lotto og memory

- heng opp bilete av aktivitetar barna har gjort

- går på eventyrstund på biblioteket med ei gruppe av barna

- når eit barn har bursdag, utfordrar me alle barna til å seia gode ord som vert

skrevne ned og limt på eit bilete av barnet.

- lærer barna nye songar med nye ord og utrykk

Me les, syng og dramatiserer for borna i samling, me legg vinn på gode samtalar ved

bordet og i andre naturlege høve, me les for enkeltbarn gjennom dagen, borna har lett

tilgong til bøker og skrivesaker i barnehagen.

 

                                               

5.3 Etikk, religion og filosofi

Dette fagområdet vert godt integrert i den utvida kristne formålsparagrafen vår der me har minimum 3

samlingsstunder i veka med kristent innhald. Me fokuserer på å læra borna korleis ein praktisk kan nytta trua

i kvardagen ved å læra dei korleis dei skal vera mot kvarandre, bøn, stola på Gud, be om tilgjeving osv. I

tillegg vert dei store høgtidene som jul og påske tydeleg markerte både i barnehagen og ved kyrkjebesøk.

Barnehagen skal bidra til at barna får erfara at grunnleggjande spørsmål er vesentlege og barna skal tileigna

seg samfunnet sine grunnleggjande normer og verdiar. Me er ein barnehage med utvida kristen

formålsparagraf. Dette gjer at me legg stor vekt på å gi barna kjennskap til den kristne trua og dei kristne

høgtidene. Me ønskjer å lære barna at Gud er ein trygg og god Far som er glad i kvar enkelt av dei og at

Jesus er vår frelsar. Den Heilage ande er alltid nær, og hjelper oss i kvardagen. Guds englar er sendt ut for å

passa på born og vaksne både dag og natt. For å arbeide i retning av desse måla vil me vera bevisste på den

betydningen me vaksne har som førebilete og opptre slik at barna får støtte i eigen identitet og

respekt for kvarandre. Me vil skape rom for opplevingar, undring, ettertanke og gode samtalar. Me bruker

mykje tid på og er glad i å gi barna kjennskap til den kristne trua. Gjennom bibelforteljingar, song og bøn vil

me at barna skal læra og kjenna Gud. Barna vert tatt på alvor i sine religiøse spørsmål. Me kjem til å ta for

oss dei ulike høgtidene etter kalenderen, og fortelja om kva Bibelen seier om desse. Til jul og påske får dei

eldste tilbod om å vera med på kyrkjevandring. Kvar jul pleier det vera barnehagegudsteneste i Nysæther

Kyrkje. Der deltek me og alle barna får vera med. Til påske praktiserer me fotvasking og nattverd.

Me vil arbeida med å læra barna å vise omsorg, nestekjærleik, rettferd og sanning. Me vil samtale med dei om

kor viktig det er å vera greie med kvarandre og at alle får vera med i leiken og gruppa.

Til sist vil me nemna dei ulike hjelpeprosjekta som barnehagane har engasjert seg i for å hjelpa fattige barn i

andre land. Målet vårt med dette er å hjelpa desse barna til eit betre liv, samstundes som me lærer våre barn

å tenkja på andre og sjå kor viktig det er å dela av det me har.

Me støttar fylgjande prosjekt:

- 4 fadderbarn i arbeidet til organisajonen Compassion

- 4 fadderbarn i Uganda (Watoto)

- 4 fadderbarn i Mosambik (Iris minsitry)

- 80 skulebarn på Fillippinene (dei får inntekta av eggsalet i Bergly)

Dette er kristen nestekjærleiken i praksis

5.4 Kunst, kultur og kreativitet er også eit fagområde som lett let seg integrera

i barnehagekvardagen. Teikning er nærast ein dagleg aktivitet. Andre gonger tar me fram maleutstyr. I

samband med farsdag, morsdag, jul og påske har me mange formingsaktivitetar som stimulerer denne sida

av barnet. Me nyttar ofte naturmateriale som me plukkar i skogen til jule- og påskedekorasjonar.

I tillegg er det i samlingsstundene rom for musikk, dans og drama der borna vert trekte inn der det er

naturleg.

                                            

6.0 Tema:

Me jobbar både ut frå ulike tema område gjennom barnehageåret og direkte med fagområder i rammeplanen.

I vår gjennomførte me ein ståstadanalyse over drifta i barnehagane. Då kom det fram at det var særskilt 3

område som trengte å bli styrka:

  1. Inkludering av dei ulike kulturane i barnehagen 2. IKT og 3. Korleis barn lærer. Dette vil me ta omsyn til i årsplanen og implementera dette gjennom ulike tema.

Me har sett opp fylgjande plan:

- fokus på 2 ulike kulturar hausten og 2 om våren

- konstruktiv bruk av nettbrett, data i kvardagen

- søkt om deltaking i forskingsprosjekt om IKT i barnehagen på HVL

- bli kursa om korleis barn lærer for å nytta det i implementering av fagområda

- matematikk

- natur, miljø og teknikk

- advent og jul

- kropp, rørsle og helse

- foreldra sitt val

- påske

                                                      

- nærmiljø og samfunn

- kjøkkenhagen

7.0 Merkedagar og lokale

kulturtilstellingar

Året har mange merkedagar som barnehagen markerer med eigne tradisjonar. Me markerer jul, påske, pinse,

Kristi Himmelfartsdag, 17. mai, 1. mai og alle bursdagar. Kvart år går me i Lucia tog. Dette markerer me

enten i barnehagen på juleavslutning eller me besøkjer Knutsaåsen Eldresenter eller Backertunet.

Me deltek i kyrkjevandring til jul, går på barnegudsteneste til jul i Nysæther Kyrkje.

I februar feirar me karneval med brask og bram. Kvar jul og sommar vert det laga eigne arrangement der alle

foreldra vert inviterte gjerne saman med slekt og vener. Til påske lagar me god påskelunsj for barna og

personalet.

På alle samankomstane vankar det god mat og drikke.

På HVL får barna kome på bamsesjukehus med dei ”skada” bamsane sine. Borggataforeninga inviterer alle

barnehagar på Stord til å laga sitt bidrag til

Pepperkakebyen. Her leverer både Stuastølen og Bergly sine bidrag til lystenningsfesten i slutten av november

eller byrjinga av desember.

Me tar i mot invitasjonar til barnehagedagen, konsertar på Kulturskulen, teater på

Kulturhuset og eigne arrangement på Stordfest. Her deltek me i den grad me har tid

og kapasitet.

8.0 Planlegging, dokumentasjon og vurdering / evaluering

Gjennom ”Lov om barnehager” er me pålagt å utarbeide ein årsplan. Denne planen er

eit arbeidsdokument for oss som arbeider i barnehagen og viser oversikt over det

pedagogiske arbeidet i barnehagen.

Årsplanen er utarbeida av styrar og pedagogiske leiarar etter innspel frå personalgruppa, barnegruppa og

foreldra. Det er blitt avhaldne eigne møter der alle involverte grupper har fått kome med sine idear og forslag

til kva me kan gjera i barnehagen. Me har også etterspurt tilbakemeldingar frå dei forskjellige gruppene

om kva dei tenkjer om barnehagen og korleis den vert drive. I all hovudsak er alle involverte partar svært

nøgde med barnehagen, men på bakgrunn av forslaga, vil me gjera visse justeringar.

Årsplanen skal gi foreldra innsikt i og informasjon om barnehagen sitt arbeid og fungera som eit bindeledd

mellom barnehagen og foreldra / offentlege mynde. Månadsplanen syner kva som er planen for kvar dag.

Planane dannar grunnlaget for aktivitetane me har i barnehagen. Likevel kan det oppstå situasjonar der me

vel å gå bort frå dei oppsette planane. Dette kan skuldast været, ynskjer frå barna, praktiske

problem eller at me vel å gripa fatt i det barna er opptekne av her og no. Sjølv om det er viktig å ha ein plan

for det me gjer, meinar me at det òg er ein viktig lærdom å kunne leggja vekk planane og gripa dagen.

8.1 Dokumentasjon og informasjon

Dokumentasjon er viktig for oss som jobbar i barnehagen og for foreldra. Det gir foreldra innsikt i kva

barnehagedagane inneheld samstundes som personalet dokumenterer arbeidet sitt og barna ser verdien av

sitt eige arbeid.

Me dokumenterer på ulike måtar:

- Kvar dag skriv me litt på tavla om dagsprogram

- Me lagar månadsplanar

- Dette året har me starta ein blogg, den heiter barnehagebloggen

www.barnehagebloggen.simplesite.com Her vil det bli skreve frå dagane i barnehagen, lagt ut gode artiklar og

innspel frå oss som jobbar her

- Mykje anna viktig info blir også lagt ut på nettsidene

www.solsikkenebarnehager.no

- Me har eiga Facebook side for Solsikkene Barnehager AS. Her vert det lagt ut

informasjon jamleg

- Me har eiga Facebookside for foreldre og tilsette. Her vert det lagt ut informasjon nærast kvar dag.

- Barna får og bilete i permane sine.

- Kvar månad får du tilsendt eit brev om det me har gjort. Her blir det lagt ved bilete frå gode opplevingar

- Me stiller ut/heng opp gjenstander og bilete barna har laga.

- Referat frå alle møter i barnehagen.

8.2 Vurdering / evaluering/komptanseheving

Vurdering og evaluering er ein viktig del av barnehagearbeidet og det skjer kontinuerlig. Me ser dagleg på kva

aktivitetar som gjekk bra/ikkje bra og kvifor. På denne måten tek me lærdom av arbeidet vårt og jobbar

kontinuerleg med forbetring. Me ynskjer å ha god kvalitet og sikra at alle deler at verksemda er i utvikling.

Me bruker ein del tid på planleggingsdagar og personalmøte til å evaluera året/ månaden som har gått. På

desse møta vert òg planane framover lagt. På møta jobbar me òg med gjennomgang av observasjonar til det

enkelte barn slik at me kan legge til rette for individuelle opplegg som er tilpassa det enkelte barn og me

vurderer kontinuerleg om enkeltbarn treng ekstra oppfylging. Styrar er ansvarleg for at arbeidet vert

gjennomført. Heile personalet deltek i vurderingsarbeidet.

I barnehageåret 2017/18 vil me vurdera korleis me jobbar med inkludering av dei ulike kulturane i

barnehagen. Me ser det som naturleg at dette vert vurdert, då det vart synleg i ståstadanalysen at dette

området trengte å bli styrka. Styrar og pedagogisk leiar har ansvaret for vurderingsarbeidet.

Me samarbeider tett med PPT, helsestasjonar, barnevern og andre hjelpeinstansar

for å gje barna det beste tilbodet og eit tilpassa opplegg i barnehagen. Me søkjer råd

og rettleiing for å få tak i mest mogeleg kompetanse i høve til enkeltbarn og heile barnegruppa.

Kvart år går me på kurs minimum 2 dagar. Då finn me dei kursa som me tenkjer er tilpassa våre behov og

aukar kompetansen vår på beste måte.

9.0 Likestilling og likeverd i barnehagen

«Barnehagen skal fremje likeverd og likestilling uavhengig av kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering,

kjønnsidentitet og kjønnsutrykk, etnisitet, kultur, sosial status, språk, religion og livssyn» (Rammeplanen

2017). Me vil vera ein barnehage der me som gode førebilete i det daglege og praktiske virke, motarbeider

eksludering og diskriminering. Gutar og jenter, kvinner og menn skal få like høve til å utføra oppgåver,

leika leiker, velga seg vener ut frå eigne ynskjer så langt det let seg gjennomføra. Me vil ha stort fokus på

inkludering av alle barn og vaksne som er knytt til barnehagen. Me er ein fleirkulturell barnehage, samt ein

barnehage med barn med ulike funksjonsnivå. Me er difor svært opptatt av at den nestekjærleiken me lærer

barna om i den kristne trua, også skal syna seg i praktisk handling og gode haldningar

til alle menneske.

10.0 Barns medverknad

I barnehagen lyttar me til barna og det dei formidlar ved kroppshaldning, mimikk og andre kjenslemessige

uttrykk. Me jobbar mot å oppmuntre til at borna skal gi uttrykk for sine tankar og meiningar og møte aksept

for sine uttrykk. Dei har rett til å bli høyrt og skal ha medverknad i sin eigen kvardag. Barna sine synspunkt

skal vektleggast i samsvar med alder og modning. Kvar dag i frileiken får dei velja aktivitet sjølv.

Enkelte turdagar får dei velja mål og retning på turen.

Framfor kvart tema vil barna få koma med forslag til kva me kan gjera, og i etterkant vil me høyra kva dei

tenkjer om korleis det gjekk. Dette vil me gjennomføra i samlingsstund eller dela oss i mindre grupper.

I løpet av året vil me ha barnesamtalar med dei største barna. Her vil me legga vekt

på ei trygg ramme og ein god dialog mellom den vaksne og barnet. Her skal barnet vera i fokus og temaet for

samtalen er korleis barnet har det i barnehagen. Me vil ta på alvor det barna seier eller kommuniserer, difor

nyttar me eigne oppsette og planlagde spørsmål og barna sin svar vert nedskrivne og nytta i det vidare

planlegging, vurderings- og evalueringsarbeidet i barnehagen. Her skal barna få koma

med sine synspunkt på kva dei tykkjer er kjekt, kva dei ynskjer meir av, kva dei ynskjer mindre av og

liknande.

10.1 Foreldremedverknad/samarbeid

Barnehagen skal i fylgje Rammeplanen 2017, leggja til rette for foreldresamarbeid og god dialog med foreldra.

Foreldra har rett til medverknad i barnehagen. Barnehagen skal fungere som ein utfyllande arena i forhold til

heimen. For å få til dette er det viktig med gjensidig informasjon mellom heim og barnehage.

Personalet sine oppgåver i denne samanheng er:

• Fortelja om opplevingar barnet har hatt i barnehagen

• Vera positive overfor foreldra og sette av tid til samtale om foreldra ønskjer dette

• Gjere det beste for å i møtekoma foreldra sine behov

• Ha foreldresamtaler og foreldremøte

• Arrangera fellesaktivitetar som julefest og sommarfest der foreldre, barn og

personalet gjer noko kjekt saman

• Orientere om barnehagen si verksemd gjennom årsplan, månadsbrev og

blogg, faceebook

endringer av planene.

• Me har eige foreldreråd med påfylgjande foreldremøte der foreldra får koma

med sin synspunkt og idear til kva me kan gjera i barnehagen

På same møte vert foreldra gjeve høve til å gje tilbakemeldingar/evalueringar

om verksemda

Foreldra si oppgåve:

• Gje viktig informasjon frå barnet sitt heimemiljø, til dømes ting som vedgår

barnet si utvikling, familiesituasjon, bu- og leikemiljø

• Delta på møter og arrangement som barnehagen arrangerer

• Vera aktive og bruka retten til å påverka barnehagen sitt innhald

• Gje konstruktive tilbakemeldinger på ting dei er nøgde eller misnøgde med

• Bruke personalet som rådgjevarar dersom ein sjølv er usikker på ting som går på

oppseding, barnet si utvikling, språk med meir. Om ikkje personalet kan hjelpa direkte

kan vi kanskje hjelpa til med å ta kontakt med andre med ein annan kompetanse/

erfaring enn den barnehagen har

10.2 Foreldremøte og foreldresamtaler

Me har foreldrerådsmøte med påfylgjande foreldremøte kvar haust og om våren ved behov. Her tek me opp

saker som kan vera av interesse for alle parter. Me har foreldresamtalar om hausten og våren, der barnet

dykkar vil stå i sentrum. Dette er eit trygt lite forum der ein kan ta opp problem eller stilla spørsmål

angåande eige barn. Spørjeskjema til foreldra etter modell av brukarundersøking, der ein tar med besvarte

skjema til foreldresamtale og drøftar dei. Dersom det er ønskeleg med fleire samtalar i løpet av året kontaktar

ein barnehagen og det vert sett av tid til samtale. Her vert de foreldre gjeve høve til å seia kva de

tenkjer eller meiner om barnehagen og den jobben me gjer med barnet dykkar.

10.3 Foreldreråd og samarbeidsutval

Foreldrerådet består av foreldra til alle barna i barnehagen. Dei kan kalla inn til møter utan at personalet er

med. Om ønskeleg kan foreldregruppa låne barnehagen sine lokale. Foreldrerådet vel ein

foreldrerådsrepresentant og ein vararepresentant, som saman med eigar av barnehagen og pedagogisk leiar

dannar samarbeidsutvalet. Dersom ein ynskjer å ta saker anonymt opp med barnehagen kontaktar ein

foreldrerådsrepresentanten og han/ho tek saken vidare opp med barnehagen.

11.0 Teieplikt og opplysningsplikt

Personalet i barnehagen har teieplikt om dei opplysningar dei får om barna og foreldra i barnehagen. Slik kan

foreldra vera trygge på at informasjonen personalet får ikkje kjem ut av barnehagen. Alle tilsette i barnehagar

er i barnehagelovens paragraf 22 pålagt opplysningsplikt utan hinder av teieplikt overfor barnevernet når det

er grunn til å tru at eit barn vert mishandla eller at det føreligg andre former for alvorleg omsorgssvikt. Det er

svært viktig at dei tilsette i barnehagar oppfyller opplysningsplikta når den inntrer for at barn i alvorlege

situasjonar skal bli sett av barnevernet og få den hjelp dei har behov for.

12.0 Overgang barnehage - skule

Stord kommune har utarbeida ein plan for å gjera overgangen mellom barnehage og skule best mogeleg. Her

er det bl.a lagt opp til at 5/6 åringane får besøkja skulen. Barnehagen skal òg laga ei mappa med litt

informasjon om barnet som skal overleverast til skulen. Innhaldet i den skal foreldra godkjenna. Meir

informasjon om denne overgangen vil bli gitt til dei foreldra dette er aktuelt for. Klikk deg inn på

denne linken, så kan du lesa planen:

http://stord.kommune.no/Documents/barnehage/Overgangsplanbarnehage-skule-august-2016.pdf?

epslanguage=no

13.0 Progresjonsplan

Barnehagen har utarbeida ein eigen progresjonsplan der utviklinga på dei ulike alderstrinna vert synleggjort

og utfordringar og krav til borna vert systematisert. Denne ligg som vedlegg i årsplanen.

INTERNKONTROLL

Me jobbar aktivt med internkontrollsystemet. Dette blir ivaretatt ved at me har jamlege sjekkrundar av

leikeareal og el. anlegg, me har gjennomgang av tryggleiksinstruksar og brannøving kvart halvår og der

tidspunktet blir nedteikna og signert, leikene blir vaska, vedlikehaldne og sjekka minst ein gong i halvåret og

me held skarpe/spisse gjenstandar og vaskemidlar utanfor barna si rekkevidde.

Leikeplassen/utstyret og el. anlegget vil bli sjekka ein gong pr. halvår. Det same gjeld el-anlegget.

Samarbeidsutvalet kjenner til innhaldet i årsplanen og godkjenner den.

Avslutning

Denne årsplanen skal vera ein arbeidsreiskap for å gje barnehagen eit innhald og

retning. Vidare skal det gje foreldre og andre informasjon om kva og korleis me jobbar

i barnehagen. Det skal også vera eit dokument for kommunen ved tilsyn av barnehagen.

Me vonar at den vert nytta og lesen av alle som er involverte i arbeidet vårt.

Stord / -2017

............................. ...............................

Kjersti Karlsen Camilla Spissøy

-styrar- - pedagogisk leiar.............................................

Foreldreråds-representant

Del denne siden med andre!

Share on FacebookShare on Twitter