Her på denne sida vil me presentera dei tilsette i Solsikkene Barnehager A/S.                                                                                                                                   

Kvar enkelt vil fortelja kva som er viktig for dei med jobben sin, kva dei brenn for og tykkjer er viktig å gje barna.

Første "mann" ut er ei sprudlande fargerik kvinne som heiter Ester Tejeda Tislevoll.

Ho er opprinneleg frå Mexico, men har budd i Noreg i 5 år. Ho er assistent hos oss.  Det er mykje fest rundt Esther. Ho er full av sydlandsk temperament, og startar gjerne med musikk og dans etter frukost. Men det stoppar ikkje der: Ho tar like gjerne fram musikken ute også. Det skapar stemning, humør og mykje gode kjensler. Ho er spesielt flink på å vise omsorg for dei nye barna som kjem i barnehagen. Spesielt viss dei har ein anna kulturbakgrunn.

Ho skriv sjølv: Å få jobben i barnehagen var rett og slett eit bønnesvar. Eg var ferdig på norskkurs og trengte ein jobb og trengte å bli integrert.               På jobben elskar eg å fylgja med barna si utvikling. Og så elskar eg å få vera til hjelp. Eg kjenner meg velsigna av å få jobba saman med folk som elskar jobben sin og som gjer sitt beste kvar dag! 

Esther

       

                   Joann Egholm

                

   

Joann har jobba hos oss sidan 2007. Ho er utdanna lærar frå Fillippinene og er ein av dei dyktigaste pedagogane eg har møtt. Ho er i tillegg ein fantastisk person med stor personleg integritet i arbeidet sitt. Les her kva ho brenn for i jobben sin:

Det er jo bare koselig å jobbe med barna og den profilen vi har i våre barnehager. Jeg synes jeg lærer mye selv og ønsker å være en god modell for barna. Jeg er veldig glad i å leke ute, gå på tur, synge, danse og lese bøker. Jeg vil sammen skape en barnehage som gir alle trygghet, trivsel og tid i hverdagen og ta alle barn på alvor og lytte til det de sier. De skal bli hørt og sett, ikke bare med øyne men med hjerte. Jeg og veldig glad i alt mulig kreativt arbeid og viktigste for meg at ungene har det veldig bra i hverdagen og deres foreldre er fornøyde for jobben vi har gjort. Dette er de eneste kristne barnehagene på Stord, og jeg er glad for å være med å dele om Jesus og lede dem i den veien de kan velge når de blir større. 

                                        

Camilla Spissøy

     

Camilla Spissøy er utdanna førskulelærar og har jobba i våre barnehagar i 17 år. Ho har vore pedagogisk leiar i alle desse åra og har gjort ein fantastisk jobb. Frå 2012 til 2015 3 var ho vore assisterande styrar og hadde ansvar for den daglege drifta medan Kjersti gjekk på HSH/HVL. Det var ein krevande jobb som ho har klarte på ein svært god måte. Camilla er flink med både barn og vaksne. Ho er 39 år og har 3 eigne barn.

Her er det ho likar å ha fokus på i barnehagen. Ho skriv: Eg likar å vera saman med borna, undre meg saman  med dei og støtte dei vidare i utviklinga. Eg har tru på naturen som leikeplass og at å vera mykje ute, fremjar barna si utvikling.

Eg jobbar for at barna skal vera trygge, glade og ha god sosial kompetanse slik at dei skal vera godt førebudde til skulestart.

Eg vil at borna skal sitja att med gode minner frå barnehagen.

 

Presentasjonen av Heidi Glesnes Taipale:

Heidi Glesnes Taipale er assistent og sjåfør i barnehagen.

Eg likar å ha det kjekt med barna. Eg likar å vera ute i skog og mark og læra dei om naturen og dyra som bur der. Eg vil læra dei å vera snille og gode mot kvarandre og visa respekt for kvarandre uansett nasjonalitet. Eg vil læra barna til å hjelpa kvarandre ved å framelska det positive og ta vekk det negative, visa dei vegen til ei lys framtid gjennom respekt og godhet.

Eg vil at barna skal ha det trygt og godt i barnehagen og sitja att med mykje lærdom og gode minner.

Heidi Glesnes Taipale

bildee

 

       Alexander Rogne Leskinen      

          

      

Alexander har gått 3 år på HSH med meg (Kjersti) på førskulelærarlinja. Etter 3 år saman var eg ikkje i tvil om at eg ville tilby han jobb hos oss. Han har alle dei gode eigenskapar eg kan ynskja meg hos ein medarbeidar i barnehagen. I tillegg er han mann. DET er viktig i seg sjølv. Her er det han seier om jobben sin:

Det er viktig for meg at alle barn skal få ha ein trygg og god kvardag med moglegheit for både lek og læring, men også att dei skal få prøve nye og spennande ting og få moglegheit til å være ute i naturen med alle godene den har å gi. Å gå på tur med barna til både kjent og ukjent har eg ein ekstra plass til i hjarta. Eg verdsetter også stort fellesskapet i barnehagen og at kvart barn skal kjenne at dei har sin plass i han.                                                              

Presentasjon av Tove Iren Alvsvåg Notland

Ho er 49 år, oppvasken på Stord, gift og mor til 4 vaksne barn. Er utdanna hjelpepleiar og har jobba litt som det i nokre periodar. Har elles vore heimeverande i mange år og dagleg leiar på SunnBok i dei siste 12 åra, før eg i 2017 begynte i stilling som assistent og sjåfør i Solsikkene Barnehager.

Eg stortrivst saman med born, og ynskjer å gje dei kjærleik, merksemd og opplæring, og at deira unike sider og evner kan få gode vekstvilkår. Ungane er så verdifulle og dei fortener det beste. Eg har tru på masse aktivitet, trygge rammer og tilstedeværande vaksne. Solsikkene Barnehager har utvida kristen formålsparagraf og det set eg stor pris på. Det kristne livssynet gjev ein solid grunnmur for barna. Eg trur at bibelhistoriane  og kjennskap til Jesus, gjev tryggleik, livsglede og visdom.

     Tove Iren Alvsvåg Notland     

     

 Kjersti og Karstein Karlsen                                      

     

Som eigar og styrar av Solsikkene Barnehager A/S har eg drive dei 2 barnehagane me har i 20 år.

I 1987 gjekk eg ut av Diakonhjemmets sosialhøgskole som ferdig sosionom. Men sidan eg gifta meg og fekk 5 barn på 10 år, vart det lite tid til å jobba innan dette yrket. Eg har vore gift med Karstein sidan 1985. Han er også medhjelpar i barnehagane som sjåfør og i arbeidet med rekneskapet. I 1998 starta Bergly Familiebarnehage. Det gjorde eg etter at eg opplevde eit kall frå Gud til å starta barnehage. Det var veldig spennande, kjekt og til tider krevjande. Men me har kjent det som viktig og rett å vera eit tilbod til barn på Stord. Barnehagen har vore eit tilbod der barna får god kontakt med vaksne, lærer å kjenna den kristne trua og får veksa opp i heimslege og trygge forhold. Etter ei tid hadde eg lyst å driva ein større barnehage. Så i 2005 opna me Stuastølen Gardsbarnehage på Stuve. Denne barnehagen er plassert på ein av dei finaste gardane på Stord og gjev noko av dei beste forhold for ein god barnehage. Her er dyr, natur og gjev erfaringar mange barn i dag aldri får oppleva: Nærleik til naturen, lamming om våren og hesteriding.

I 2012 byrja eg på HSH for å bli førskulelærar. Det er noko av det beste og kanskje luraste eg har gjort. 3 gode år på friluftslinja har gjeve nye og gode erfaringar som eg tar med meg inn i jobben. Det har gjeve meg ein heilt ny tryggleik i høve til å ha ansvaret for barnehagane og har gjeve ei ny glede med å jobba med barna. Så vil du gje barnet ditt eit barnehagetilbod som tar alle sidene ved barnet på alvor, så søkjer du til oss. Velkommen til eit unikt barnehagetilbod på Stord.

 

 

           

Del denne siden med andre!

Share on FacebookShare on Twitter