Kristne Barnehagar A/S har heilt sidan me starta Bergly Familiebarnehage i 1998 hatt fokus på å hjelpa barn i andre land og kulturar. Vårt første hjelpearbeid som me kom i kontakt med heiter Home of Hope i Mongolia, nærare bestemt i hovudstaden  Ulaanbaatar. Her har ei norsk kvinne ved namn Aase Sims hjelpt barn, kvinner og vanskelegstilte familiar i nærare 14 år. Ho reiste ut som pensjonert jordmor. Då var ho 67 år. Ho såg trongen for å gje gatebarna noko meir enn mat. Difor bygde ho opp ein heim for dei og hjelpte dei med skulegong, klede og dagleg oppseding og omsorg. Her fekk også kvinner som hadde vore i fengsel koma og bu for å rehabilitera seg til samfunnet. Aase Sims lever av pensjonen sin frå Norge og brukar alle pengane som kjem inn,  direkte til arbeidet. Me har stor tru på det ho gjer og har sett fleire reportasjar på NRK og TV2 om arbeidet hennar.

I 2005 starta me Stuastølen Gardsbarnehage. Då ynskte me å støtta eit anna arbeid i denne barnhagen. Og etter å ha vore på ein kvinnekonferanse i London vart me introdusert til eit hjelpearbeid for barn i Uganda som heiter Watoto. Dette er også eit arbeid som har fokus på å hjelpa heile menneske. Uganda er eit land der ufatteleg mange millionar barn er foreldrelause etter hiv/aids epidemien. Mange barnesoldatar har også svært store problem etter lidingar me aldri heilt kan forstå. Desse får også ein ny heim og start i livet gjennom Watoto. Dette arbeidet vart starta av ein pinsemenighet som såg all nauda og opplevde dei "måtte" gjera noko. Dette har ført til at 2000 barn i dag er under deira omsorg. Barna får ei ny mor, ein ny heim, ein ny landsby, skulegong, kristen opplæring og helsehjelp. Arbeidet er bygd opp rundt faddeordning som ein bærebjelke. Me har i  dag 4 barn som me støttar. Det er imponerande kva dei har fått til. Les meir om dette utrulege tiltaket på www.watoto.com

Å sjå all nauda som mange må leva under, gjev oss lyst til å hjelpa meir. Difor bestemte me oss for å utvida hjelpearbeidet vårt ytterlegare i 2010. Då var me igjen på kvinnekonferanse og fekk høyra frå arbeidet til Heidi Baker i Mosambik. Etter krigar og utarming er det barna som blir mest skadelidande.  Dei psykisk og fysisk funksjonshemma kjem berre fram om kvelden og natta når det er mørkt,  for å finna mat. Då er det Heidi Baker og teamet hennar går ut for å finna dei som dei hjelper. Dagleg får tusenvis av barn mat og hjelp.Dei har starta barneheimar og gjev skulegong.  Dei har opplevd brødunderet i praksis gong på gong. Mirakuløse under går hand i hand med praktisk hjepearbeid. Her støttar me også 4 barn kvar månad. På www.irismin.org kan du lesa og bli inspirert over dette arbeidet som er bygd opp på at Gud gjer mirakel også i dag.

KAN 10 HØNER HJELPA 80 BARN MED SKULEGONG ?

Ja, tru det eller ei, men så langt kan pengane rekka når det er lite som skal til og ingenting forsvinn i administrasjon eller anna på vegen. For i det siste me har starta med er eit lite, men effektivt hjelpearbeid på Filippinene. Ein av våre tilsette kjem frå Filippinene og har lenge hjelpt fattige barn der med pengar til skule. Så sidan me har høner som legg egg i Bergly Familiebarnehage, bestemte me oss for å selja egga og gje pengane til desse barna. Dette har me det mykje moro med.  Sist gong var barna i barnehagen med og me gjekk frå dør til dør og selde egg.  Etterpå kunne me setja inn kr 200,- på kontoen til barna på Filippinene. Slik blir det nært og kjekt og hjelpa. Vil du kjøpa egg hos oss til inntekt for desse barna, så er det berre å ta kontakt på tlf 45425901. No er det fleire som stør dette arbeidet ved å gje pengar direkte inn på "eggkontoen" vår. Det er fantastisk kjekt.

bilde

På Filippinene kan det vera stor skilnad mellom fattige og rike. Mange familiar har ikkje råd til å betala skulepengar for barna sine. Her er det me kjem inn og hjelper nokon av dei med midlar så dei kan fullføra skulegongen sin.

 

 

 

Del denne siden med andre!

Share on FacebookShare on Twitter