Intervju med Marianne og Linn Elise Sjursen.

Les korleis dei opplevde å vera barn og foreldre i våre barnehagar!

                                                                                                            bilde

Marianne og Øyvind Sjursen har hatt 2 barn i våre barnehagar: Markus og Linn Elise. Desse 2 kjekke barna er no dei blitt 12 og 10 år. Men dei gløymer aldri tida i barnehagen. I dag har eg vore heima hos dei og stilt dei nokre spørsmål og me har mimra i lag om mykje av det dei opplevde og fekk vera med på i barnehage tida.

Begge barna gjekk først i Bergly Familiebarnehage før dei gjekk dei siste åra på Stuastølen Gardsbarnehage

-Kva hugsa du best Linn Elise?

 Det var så kjekt med alle dyra! Me fekk gå i fjøsen og sjå på sauene. Noko av det kjekkaste var å halda dei nyfødte lamma om våren! Og kvar fredag var det ridning. Det gledde me oss alltid til. «Ikkje mange barnehagar som har eit slikt tilbod», skyt mor inn.

Eg likte også veldig godt å læra alle dei fine songane og ein gong lagte med ein CD. Den selde me til inntekt for barneheimsbarn i Ukraina. «Ja, då samla me inn kr 7-8000 til barneheimen.» skyt eg inn.  Og luciatoget …. Eg elska at me fekk dansa og høyra musikk, og eg går på dans enno. Eitt av høgdepunkta var då me fekk besøk av det afrikanske barnekoret Watoto, som hadde konsert i eit nærast fullsett Kulturhus. Både mor og dotter er samde om at dansen, musikken og kostyma gjorde det til ei flott, spennande og kulturell oppleving.

-Kva hugsa du frå samlingsstundene?

Jo, då fortalte de historiar om Gud og til påske vaska de føtene våre. Det var veldig, veldig kjekt.

Vidare fortel Linn Elise: Eg likte så godt å besøka Bergly Familiebarnehage då eg var «flytta opp» til Stuastølen Gardsbarnehage, der fekk eg leika og kosa meg med dei små borna og fekk gjera kjekke rolege aktivitetar. Linn Elise tar etterkvart fram bursdagbilete som alle borna på Stuastølen får. Her er det bilete av barnet med krone og flott kappe. Alle barna seier fine ord til kvarandre som blir lagt på bilete. Dette var veldig kjekt å få, seier ho.

Eg hugsar også at barnehagen hadde buss. Og den var det nokre ungar som kom med  til barnehagen om morgonen. Det gjorde ikkje eg, for mamma køyrde meg, men av og til fekk eg køyra heim med bussen. Det var gøy. «Køyreordninga er verkeleg ei god ordning», seier Marianne. Vidare fortel Linn Elise at ho  kunne både lesa og skriva før ho byrja på skulen. «Det trur eg Joann lærte meg, seier ho. Difor måtte eg få ekstraoppgåver på skulen…»

Kvifor valgte de Bergly Familiebarnehage til Markus og Linn Elise, Marianne?

Me valgte Bergly fordi det var ein liten og trygg barnehage med få vaksne å forhalda seg til. Barna er sårbare i når dei er så små og me foreldre er ofte usikre, forklarar ho vidare. Og så er det så godt med måltida! At me slepp å ha med niste og at borna vert involverte i borddekking og førebuing av måltidet. Linn Elise hadde aldri lært å koka kaffi viss ikkje ho hadde lært det i Bergly.. (Wow…) Men me såg også at det styrka sjølvkjensla deira at dei fekk gjera så mykje sjølv både med måltida og i garderoben. Dette er jo kjempeviktig når dei kjem i skulen. Kan dei ikkje kle seg å gå på toalettet, blir det vanskeleg. Der er det berre 2 lærarar på kanskje 28 elevar.

Hugsa godt då Markus byrja som 1 1/2 åring. Han var og er så sosial og han ville helst leika med alle. Mange gonger ville han ikkje gå heim, for han trivdes så godt. Noko anna me tenkte på var at i ein liten barnehage blir alle sett. "Ja, han elska jo å laga ablegøyer." hugsar eg. Ja, forset Marianne og så såg me at sjølv så små barn knyttar seg til både vaksne og barn på ein måte som forundra oss.

-Kor viktig var det kristne innhaldet i barnehagen for dykk?

Eg tenkjer det er viktig å få inn gode verdiar. Barnehagane dykkar har vore flinke til å gjera det. Å læra om rett og gale , høyra om barn som ikkje har det så bra og å læra å dela med andre er alt veldig viktig å gje dei kunnskap om.

Er det andre ting du sette pris på i barnehagane?

Ja, de var veldig mykje på tur! Det var så bra at de ikkje berre var inne på barnehageområdet. Dei fekk besøka kjekke stader som brannstasjonen og gjekk ofte til  andadammen for å mata endene.

Dei gjorde så mykje kjekt! Dei har sakna barnehagen mange gonger.

Del denne siden med andre!

Share on FacebookShare on Twitter