Kompetanseplan/utvikling for Solsikkene Barnehager AS for 2019/20

                                           

Innleiing

Solsikkene Barnehager AS er ei planlagt og strukturert pedagogisk verksemd.

Det skal prega barnehagekvardagen frå borna kjem om morgonen til dei går heim om ettermiddagen.  Me jobbar etter gjeldande lovverk til ei kvar tid og arbeider for at barnehagane skal halda høg kvalitet. Me har særskilt fokus på inkludering og toleranse, nærleik til barna, kristne verdiar og eit kvalifisert personalet. Barnehagane våre skal vera ein lærande organisasjon både for barn og vaksne. Dei siste åra har me hatt eit særleg fokus på relasjonen vår med barna. For å styrka korleis me forhold oss dei, les me boka av Herdis Palldottir med tittelen Relasjoner med barn. Me går gjennom kapittel for kapittel på planleggingsdagar, og drøftar innhaldet med kvarandre.  I tillegg har me gått og vil gå på kurs i 2018/19 med dette fokuset.

Det kjem meir om det lenger ute i planen. 

Me startar med:

Kvardagen vår.

I garderoben vert barna teken i mot av 1 eller 2 vaksne. Dei barna som kan det, heng frå seg kleda sine, set skoa i skokassen, går på toalettet og vaskar hendene før dei får koma inn i hovudrommet. Barn og vaksne får ei varm og god mottaking. Me syner glede over å sjå barna og tek oss god tid til å gjera oss klar til dagen.

Deretter kjem barna inn i rommet der frukostbordet står dekka. Det vert som oftast litt tid til frileik, før me set oss til bordet. For å gjera måltidet til ei god og roleg stund, har me delt barnegruppa i 2. Dei største et i eitt rom og dei minste i eit anna. Det har synt seg som ei god løysing. Me får meir kontakt med alle borna, får gode høve til å samtala med dei, me kan øva på språklege og matematiske omgrep, samt gjennomføra enkle leiker som kviskreleiken eller bokstavgjetteleiken.

Alle får øva seg på å smørja skiva si sjølv og tøma vatn eller mjølk i glaset. Me øver på å sitja på benken med beina fram og hovudet vendt mot bordet. Me snakkar med roleg stemma og øver på å senda og spørja etter det me treng. Me dempar ljoset, tenner levande ljos og legg stor vekt på å ha ein god atmosfære. Me syng bordvers både før og etter maten og let det danna ei naturleg ramme for byrjinga og avslutninga for måltidet. Me jobbar mot målet om at alle skal sitja til alle er ferdige. Men me vurderer også situasjonen og tidsbruken til den enkelte.

Me påser at alle barna et og drikk det dei treng. Og maten me serverer er sunn og god. Etter måltidet, ber borna av bordet og set tallerken og glaset sitt i oppvaskmaskinen.

Alle vaksne som jobbar hos oss har ei felles forståing av korleis måltida skal gjennomførast. Me har brukt tid og vurdert ulike løysingar for å finna modellen for eit godt måltid. Me har likevel ei løpande vurdering av løysingane våre mtp korleis me gjennomfører måltidet. Det gjeld plassering av barn, tidsbruk og kva utfordringar me gjev borna. Me er opptatt av  at i eit godt måltid er det ikkje berre mat, men mange ulike ingrediensar som oppøving i sosial kompetanse, språktrening, motorisk trening, oppleving av estetetikk, religion, matematikk og oppøving til sjølvstende. Me vil leva etter prinsippa: «Viss barnet får gjera noko sjølv, byggjer me opp deira sjølvtillit, viss me ser og akspeterer barnet for den dei er, byggjer me opp deira sjølvkjensla.» 

Samlingsstund

Samlingsstunda skal vera ei stund med godt fellesskap, mykje song og musikk, språktrening, temafokus (ulike fagområde) alt frå matematikk til religion og livssyn. Alle dei vaksne rullerer på å ha samlingsstund. Dette medfører at alle får kompetanse på å formidla til barn og barna får del i dei ulike vaksne sin kunnskap og eigenskapar.

Inneleik/frileik

Me er svært opptatt av å ta vare på og gje rom for frileiken. Me ser at leikekompetanse ikkje er ein sjølvsagt eigenskap hos barn og me veit å verdsetja den. Dersom barna er i «friflyt sona» og såleis langt inne i både rolleleik, konstruksjonsleik, gøymeleik eller herjeleik, skal det vera viktige grunnar til at me avbryt leiken. Me legg gjerne til sides eller ventar med andre planlagte aktivitetar når me ser at dette fungerer. Me veit at det skjer mykje læring gjennom leik som t.d:  språk, sosial kompetanse, matematikk, rolleutøving, motorikk, koordinasjon, fysikk, estetikk, organisering og mykje meir.

Me vaksne vil også jobba med og for dei borna som ikkje kjem i gong med god leik eller klarar å kobla seg på dei andre barna når det er naturleg.

Det kan vera ulike årsaker til dette, men når me mistenkjer at eit barn ikkje har normal funksjonsevne, kontaktar me PPT og eller andre hjelpeinstansar og ber i første omgang om råd og rettleiing. Me har også møter med foreldra, gjev dei råd og rettleiing, høyrer deira side av situasjonen og prøver å hjelpa dei til å hjelpa sitt eige barn.  Dersom vår og deira innsats ikkje er tilstrekkeleg, byrjar med ein prosess med nærare kartlegging og søknad om ekstra hjelp frå PPT,  Helsesøster, Bup el.l.  Me er komen i gong med å nytta BTI reiskapen i slike saker. Det vil me jobba vidare med framover.

Uteleik/tur

Uteleiken er like viktig som inneleiken. Difor legg me tilhøva til rette for at den også skal ha god plass i kvardagen. Her får barna andre utfordringar enn inne og me ser at dette gjev rom for anna læring. Det er særleg den kroppslege leiken som får rom her og me veit frå forskninga at å gje barn motoriske utfordringar er med å utvikla hjernen deira og auka deira evne til å ta i mot anna læring. Me vaksne veit om denne kunnskapen og er difor opptatt av at barna skal bli utfordra motorisk. Det fokuserer me også på turane våre. Me har minimum 1 turdag i veka. Då blir det lagt opp til turar både på veg og i ulendt terreng og me klatrar gjerne.

Me er svært nære naturen i begge barnehagane og har fantastiske høve til å ha gode turar. I tillegg nyttar me minibussen til å oppleva andre fine stader i kommunen vår.

I Øvre Hageby har me vår «eigen» Naturleikeplass som me stadig utviklar med nye aktivitetar og utstyr. Denne vart bygd opp i samband med eit prosjekt me hadde som studentar på HSH. Her er utfordringar og stimuli både for kroppen, leiken, estetikken, samarbeidet og sosial kompetanse. Denne er til glede både for oss og alle dei andre barnehagane og skulane i område. Me er 2 pedagogar i våre barnehagar som har særskilt kompetanse på dette området og som me har nytta og nyttar vidare i utviklinga av dette nærmiljøprosjektet. Me legg vinn på å ta vare på dette området og vedlikeheld det me har bygd opp ved å rydda ugras, saga ned busker og tre, samt fiksa utstyr som vert øydelagt.

Her har det lokale næringslivet og Solsikkene Barnehager AS bidratt med midlar for å byggja opp dette anlegget.

Språk

Me har stort fokus på språk i våre barnehagar. Difor jobbar me heile tida med ulike tilnærmingar for å læra borna det norske språket. Det handlar om å lesa for barna, dramatisera, samtalar under måltida, snakka med og rundt borna i dei ulike kvardagssituasjonane, spela spel, leggja puslespel og nytta Grep om omgrep. Målet er at barna skal læra seg å seia kva dei vil, kva dei meiner, kva dei har behov for og kva dei tenkjer. Språket må bli funskjonelt og me veit at når kvart ord vert knytt opp til konkreter, er dette svært effektivt.

Eitt av opplegga rundt språktrening og innlæring som me har jobba vidare med frå i fjor er opplegget Grep om omgrep. Dette er særskilt mynta på dei borna som har lite ordforråd. Her er det fokus på eitt omgrep kvar gong, og dette syner seg meir effektivt enn å ta mange ord inn i ei økt.

Språk i samband med song og musikk: Forsking syner at fleire deler av hjernen er i bruk når barna høyrer musikk og song eller syng sjølv. Dersom songen også har knytt rørsler til, får barna øving i motorisk koordinasjon som gjev utvikling av fleire hjernestrukturar enn om ein ikkje gjer det.  Difor har me stort fokus på song og musikk hos oss, også med rørsler. Me har ei dagleg songstund der me fokuserer på deltaking frå alle, innøving av teksten og samtale om innhaldet i songen.

Språk i samband med måltid. I Solsikkene Barnehager har måltidet ein viktig plass og funksjon. Det er mange fagområde ein er innom i samband med måltidet, men me har stadig fokus på korleis språket kan stimulerast i løpet av den tida måltidet varer. Då er det den gode samtalen som vert stimulert: Barn – vaksen og barn-barn. I tillegg får ein her også innlæring av omgrep og ikkje minst bruk av preposisjonar (som ofte er svært utfordrande for fleirspråklege), samt fleirordssetningar.

Me har eitt barn med Adam Olivers syndrom. Ho har forseinka språkutvikling. I tillegg til å jobba målmedvite med talespråket hennar i kvardagssituasjonar, er me no byrja også med teikn til tale. Dette er det spesialpedagogen hennar som har starta opp med dette, og me får innføring i dette ved å hengja opp bilete i barnehagen som symboliserer teikna.

Dyr/ridning

Begge barnehagane har eigne dyr og tilgang til dyr. Me har stor tru på at barn får viktige og gode opplevingar i nærkontakt med dyra. Det kan handla om omsorg, kommunikasjon, leik, motorisk trening, balanse trening  og forståing av korleis ein handsamer dyr og tar vare på dei. Stuastølen Gardsbarnehage har tilgang eigne hestar og sauer. Ridning står på timeplanen nærast kvar veke.

Implementering av den nye rammeplanen.

Den nye Rammeplanen fekk stort rom hausten 2017 i samband med tilsyn. Då fekk personalet innføring i den delen som tilsynet handla om. Me vil fortsetja å jobba med den i 2019/20.

Implementering av ny kunnskap: Mobbeatferd i barnehagen

Som ei vidareføring av arbeidet vårt "Relasjoner med barn", vil me no gå gjennom boka "Mobbeatferd i barnehagen" Her vil me læra å avsløra korleis små barn også kan koma inn i feil mønster i høve til korleis dei handsamar kvarandre. Me vil få verdifull informasjon om kven som kan vera sårbare for for mobbing og kven som lett kan verta mobbarar. Det står gode råd og viktig rettleiing i boka om korleis me i personalet kan motarbeida denne atferda og hjelpa borna inn i sunne relasjonar til kvarandre.

Inkluderande barnehage

Solsikkene Barnehager er med i prosjektet «Ein inkluderande barnehage og skule» som også er i regi av Stord Kommune.  Kjernekomponentane i dette prosjektet, går svært i tråd med områda som kom fram i Ståstadanalysen i fjor, som me trengte å bli betre på. Difor vil me nytta denne informasjonen i det vidare fokuset. Det handlar om å løfta fram dei ulike kulturane  i barnehagen, korleis barn lærer og auka bruk av IKT. I tillegg vil språksatsinga vår vera ein viktig kjernekomponent i arbeidet med å inkludera alle barn i barnehagen.

I møte med barn som har ulike utfordringar, har me ofte mange spørsmål. Me prøver å  forstå vanskane og korleis me kan bidra til å hjelpa barnet. På førespurnad frå Hordaland Fylkeskommune, vart me Læringsbedrift i 2018. I år har me fått vår første lærling i barne og ungdomsarbeidar faget. Dette ser me fram til og gleder oss over. Me tenkjer det vil gje kompetanseheving til den som kjem inn som lærling, men også til oss som bedrift og barnehage.

Foreldreundersøking.

Våren 2019 hadde me foreldreundersøking. Me har ei foreldregruppe som er svøært nøgde med oss og jobben me gjer. Det er svært kjekt. Det var eitt punkt eit par stykker meinte me kunne bli betre og det var å informera om nytilsette eller endringar i personalgruppa. Dette vil me ta tak i 2019/20 og forbetra. Me har valgt informasjon og kommunikasjon med foreldra som vurderingsområdet for komane barnehageår.

Tilgang til teori

Som ei viktig kjelde til god teori og informasjon frå pedagogisk forsking og utvikling, vil alle som jobbar hos oss bli oppmoda til å knyta seg opp til HVL si Facebook side der det dagleg vert lagt ut fleire nyttige artiklar for oss som jobbar i barnehagebransjen. Me vil også ha teoretisk bolkar om Rammeplanen, relasjoner med barn, språk og inkludering på personalmøter og planelggingsdagar. Me vil også nytta metoden praksisforteljingar i større grad enn før, til felles refleksjon rundt ulike tema og problemstillingar me opplever i kvardagen vår.

Kurs

Alle i personalet vil få tilbod om å gå på kursa som FOS arrangerer. Me vil då melda oss på dei kursa som styrkjer kompetansen vår på dei områda me ser me treng det mest.

Som styrar reiser eg på kurs som kjem heile personalet til gode. På påfølgjande personalmøte vert det eg har lært overført til dei andre tilsette.

Medarbeidersamtale

Alle våre tilsette får tilbod om medarbeidersamtale. Her har me ein strukturert og planlagt samtale der me går gjennom dei ulike sidene ved arbeidsforholdet til den tilsette. Her kan me gå gjennom korleis den tilsette har det i jobben, korleis arbeidstilhøva fungerer og kva vedkommande ynskjer i høve til utføring av jobben. Me går gjennom mål for arbeidet og kva kompetanseutvikling den tilsette vil ha og kva kompetanseutvikling barnehagen treng.

Dette er ein viktig samtale som er med på å utvikla arbeidsplassen både mtp kompetansutvikling og arbeidsmiljø.

Samarbeid med andre instansar

Me aukar kompetansen vår jamleg når me er i kontakt med våre samarbeidspartnarar. Det gjeld først og fremst PPT, men også helsesøstre, fysioterapeutar, spesialpedagogar, BUP, barnevern, RVTS, rådgjevar for barnehagar i kommunen, deltaking på fagmøte og rettleiing for nyutdanna.

Gjennom arbeidet med BTI blir  kompetansen til ein del av desse samarbeidspartnarane, gjort nær og tilgjengeleg gjennom enkeltsaker.

Alle desse samarbeidspartnarane er viktige for at alle barn uansett føresetnader skal få ein god og tilrettelagt barnehagekvardag og få optimalt ut av innhaldet i barnehagen. Dette er inkludering og tidleg innsats i praksis.

Dei er med på å gje barna eit godt læringsmiljø, ein trygg og god kvardag i eit sunt psykososialt miljø. Me har også kontakt med HVL og nyttar dei til ulike prosjekt me vel å gjennomføra i barnehagen.

Eigenvurdering

Me vil fortsetja å vurdera vårt eige arbeid både ved å nytta reiskap som ståstadanalysen og felles vurderingar i kollegagruppa. Dette barnehageåret er det framheving av dei ulike kulturane i barnehagen, som vil bli vurdert. I tillegg evaluerer me kvar tilbakelagt tema/periode ved personalmøter/planeleggingsdagar.

Rettleiing

Bergly Familiebarnehage er ei sjølvstendig eining, sjølv om den knytt opp til Stuastølen Gardsbarnehage og underlagt Solsikkene Barnehager AS. Det er eit tett samarbeid mellom barnehagane og me utvekslar planar og idéar om den daglege drifta. Som styrar er eg jamnleg i Bergly Familiebarnehage. Eg observerer korleis dei jobbar, gjev råd og gjev rettleiing til personalet og tar «den naudsynte samtalen» som t.d i BTI saker. Ved behov gjennomfører eg kartlegging av barn som me ser kan trenga ekstra hjelp med språk, atferd o.l

Ved behov tar me eigne personalmøter, der eg som styrar kjem tettare på dei tilsette der og kan overføra ny kunnskap frå t.d kurs eller møter eg har vore på.

I begge barnehagane jobbar me tett på kvarandre. I kvardagen drøftar me dei ulike utfordringane me står overfor og me har ein tett og god dialog om korleis me skal løysa dei små og store problema me møter. Me har eit godt og positivt arbeidsmiljø. Som personar er me svært forskjellige. Men det er ein stor styrke. Me vil heller ha eit miljø der me som jobbar er likeverdige istedenfor like.

Foreldresamarbeid

Dei viktigaste personane for oss i barnehagen nest etter barnet, er foreldra. Det er svært grunnleggjande å ha eit tett og godt samarbeid med dei. Dei er dei viktigaste personane i barnet sitt liv og skal me lukkast med jobben vår, er me avhengig av ein konstruktiv relasjon med dei.  Me er opptatt av å møta dei på ein positiv måte og me har både foreldremøter, tema- møter, foreldresamtalar, festar og andre samankomstar der me byggjer relasjonen til dei på ein formell og uformell måte.  Me bidreg med råd og rettleiing så langt som vår kompetanse strekkjer seg. Viss me ikkje kan rettleia, søkjer me ekstern kompetanse hos ein av våre samarbeidspartnarar.

Ved foreldresamtalar og kontakt ellers gjev foreldra våre gode tilbakemeldingar på jobben me gjer..

Men foreldresamarbeid kan vera svært enkelt og det kan vera svært vanskeleg. Eit område me har opplevd utfordrande er der barnet har ein vanske som kan ha ei rot i at foreldra har eit eller fleire problem. Å ta dei rette stega her til rett tid, krev stor evne til å forstå og kommunisera med menneske. Me brukar og har brukt mykje tid på å drøfta korleis me tilnærmar oss foreldre som kanskje sjølv ikkje ser eller forstår at dei har eigne vanskar som dei treng hjelp med for at barnet sin situasjon skal betrast eller løysast. Me har fått råd og rettleiing frå PPT og Barnevernet, men her kan me gjerne få ytterlegare kompetanse ved å gå på kurs e.l.

Samarbeid med andre barnehagar.

Siste året har me hatt eit frukbart og godt samarbeid med Nordbygdo barnehage avd Krubbakjeldo. Det har vore svært kjekt, innhaldsrikt og lærerikt. Me har gjort fleire felles aktivitetar i lag og vore på besøk hos kvarandre sine barnehagar. Her utvekslar me idear, tankar og kan læra av kvarandre i høve til pedagogiske opplegg og korleis me driv barnehagane våre. Det største me gjorde i 2019, var felles opplegg rundt barnehagedagen der me hadde tema "Dette undrar eg på". Den feira me i Ådlandsskogen på leirplassen til Nordbygdo. Då fekk barna både læra og undra seg, samt møta eit spennande skogtroll....som tilfeldigvis kom frå Stuastølen. Avisa Sunnhordland var også der, og me fekk god og stor omtale i avisa. Dette samarbeidet vil me halda fram med i 2019/20. Dette året vil me også kontakta Naustvågen Barnehage og invitera dei til å gjera felles aktivitetar med oss!

Kjersti Karlsen

Styrar

Del denne siden med andre!

Share on FacebookShare on Twitter