Berglyposten for september månad 2016

Då er det gått enno ein månad av dette barnehageåret og me kan ikkje seia anna enn at tida går fooort! Men slik er det når dagane er kjekke og me har mykje å gjera på.

Me har gått på mange fine turar denne månaden. 1. september gjekk me til Andadammen. Endene fekk ikkje mat hos oss (stakkars)….Dei kjem alltid i mot oss i håp om å få noko. Men den gong ei. Men me hadde ein fin tur før lunsj og gjekk heim att og fann i alle fall mat til oss sjølve. Denne dagen steikte me egg. Dette er super populært og barna et og et! Veldig kjekt :)

På fleire av turane denne månaden har me plukka bjørnebær. Ein dag laga me syltetøy som me åt på skjeva til lunsj. Ein anna dag plukka me dei rett i magen. Begge deler er knallgodt! Bjørnebæra er veldig fine og gode i år sidan dei har fått mykje fin sol på seg. Her er ein lekkerbisken frå naturen som alle kan forsyna seg av heilt gratis. Bjørnebær oppvarma med sukker på vaniljeis….eg berre seier det: Det

smakar ikkje betre på restaurant!                                                                                                                                         

Me hadde også ein utruleg fin tur til Eventyrskogen onsdag 16.september. Her er det komen mange figurar etterkvart og mykje kjekt å sjå på. Å tutla inn over i skogen med ei slik fin gruppe små barn er berre heilt fantastisk. Nærare det gode liv er det vanskeleg å koma (tykkjer me som jobbar i barnehagen…). Me hadde lunsjen med oss, og åt godt og lenge før me gjekk heim att. Temperaturen var perfekt til å sitja ute i. Kva meir kan me be om?

 

                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                         

Me har byrja å tenkja på farsdag….den er i neste månad. Men det er ikkje lenge til. Så i år skal pappa m.a. få eit fint håndtrykk på kortet sitt. Så då har me hatt

I samlingsstund har me lest frå barnebibelen m.a om den bortkomne sonen. Det handlar om at Gud tar i mot oss, sjølv om me har rota det til.. Songar me syng er m.a: Jesus elsker alle barna, Om jeg er liten eller stor, Bygge Guds rike.
maledag med alle saman….ikkje alle har lyst å få maling på handa si….men me prøver. Vil dei ikkje så går det bra det og….

I september hadde me fokus på matematikk. Med så små barn så avgrensar me læringa til teljing og fokus på former (trekant, firkant, runding). Me tel fingrar, leiker og oss sjølv. Her har me synge ein og to og tre indianere og me har lese boka «Ti små fingrar».

21.september vart Betiel 2 år. Det vart feira med kaka, hattar og stor stas. Gratulera til henne!

Gullhaugen naturleikeplass er blitt godt oppgradert denne månaden. Kjersti har bygd opp att gapahuken i hun, det er blitt rydda vekk tre og buskar, Naturleikekassen er har fått ny ramma og nye leiker.

I tillegg har me gått til innkjøp av bålpanne og laga grusa tilkomst frå oppsida av haugen. No er det mykje lettare for Bergly å koma seg dit med barnevogner (jippi!) Me gjera litt stas på dette og markera det på fredag 7. oktober kl 14. Då vil me invitera alle foreldra til å koma å ta eta lappar og ta ein kopp kaffi i Gullhaugen Naturleikeplass. Vermeldingane er gode, så me sastar på ei kjempekjekk stund i lag med dykk og borna dykkar. VELKOMMEN.

Så ein ekstra gladnyhet til slutt: Frå dags dato (03.10) skal Ester Tejeda Tislevoll byrja å jobba hos 3 dagar i veka. Me vil styrka personalet for at dei vaksne skal få meir tid til kvar enkelt barn og ikkje minst til språktrening med dei som treng det.

 Har det spørsmål eller tilbakemeldingar så ta enten direkte kontakt med barnehagen (mob. 47368587), Kjersti (mob. 45425901) eller foreldrekontakten Anne Lerøy (mob.47352627).

Mvh Kjersti, Joann og Ingebjørg

Del denne siden med andre!

Share on FacebookShare on Twitter