STUAPOSTEN JANUAR 2018.

                                     NYHENDE FRÅ STUASTØLEN GARDSBARNEHAGE

                                               

              Stuaskogen i vinter. Dette er "vår" skog der me kan boltra oss så mykje me vil. 

Sjølv om me er godt i gang i det nye året vil me nytte anledninga til å ynskje alle godt nyttår! Den første månaden har gått fort. Dagane fyk avgårde, det er alltid noko å gjere når ein jobbar med ei stor og kjekk barnegruppe. Me leiker saman, undrar oss over små ting som dukkar opp, me les bøker, syng, trøyster, finn plaster, gleder oss saman over alle framstega borna gjer og mykje anna. Me er alle samde om at å jobbe i barnehagen er den beste jobben ein kan ha!

                                                             Me er ofte på tur i den flotte skogen vår!

På nyåret byrja Amir og Arya i barnehagen. Gruppa har tatt godt i mot gutane og nye vennskapsband er danna.

Amèlie er nett komt opp frå Bergly. Ho møtte mange ho har gått med i Bergly før og gamle vennskapsbånd har absolutt ikkje rusta! I tillegg har ho storebroren sin på Stua :)

Rammeplanen seier:

I barnehagen skal alle barn kunne erfare å vere viktige for fellesskapet og vere i positivt samspel med andre barn og vaksne. Barnehagen skal aktivt leggje til rette for utvikling av vennskap og sosialt fellesskap. Sjølvkjensla til barna skal støttast, samstundes som barna får hjelp til å meistre balansen mellom å dekkje sine eigne behov og ta omsyn til andre sine behov.

Det aller kjekkeste som skjedde i januar var snøen som kom! Me har lagt det meste av det faste programmet til sides for å verkeleg kunne nyte dagane ute. Me har store, gode akebakker som me verkeleg koser oss i! Dei tøffaste går til toppen medan andre syns det er litt skummelt og starter halvvegs i bakken! Alt er lov og alt er like gøy! Gledeshyla når dei susar ned bakken er heilt fantastiske!

                      

På Stua har me dei beste akebakkane rett utfor døra! Og me veit å nytta dei :)

Ikkje alle har vore like glade i akinga, men med litt hjelp og støtte vågar dei seg på akebrettet. Dei opplever meistring og etterkvart kjem dei susende ned bakken aleine. Denne meistringa er viktig for å styrke sjølvkjensla deira!

Dei eldste borna har vore på tur på fjellet til Lundarstøl. Her hadde dei ein fin dag med aking, leik, latter og pølser på bålet. Slike flotte dagar vonar me skaper gode minner for resten av livet!

Rammeplanen seier: Barnehagen skal bidra til at barn får gode friluftsopplevingar året rundt og barnehagen skal dere ein arena for dagleg fysisk aktivitet og stimulere rørslegleda og den motoriske utviklinga til barnet.

                                                       

Lunch har me ete ute i snøen. Bålpanna tek me med oss i akebakken og menyen er pleier variere mellom osteskjever, fiskekaker, tomatsuppe, havregraut og varm saft. Alt er like populært og me koser oss med maten rundt bålet!

                                    

Og: Måltid og matlaging i barnehagen skal gje barna grunnlag for å utvikle matglede og sunne helsevaner.

Det har ikkje vore snø heile månaden så me har gjort mykje godt arbeid inne. Me har jobba med fagområdet «kropp, rørsle, mat og helse» Me har prata saman og jobba ein god del med dette. Kva mat som er bra for kroppen å ete har me prata rundt, me har sett på fordøyinga og kva som skjer med maten i kroppen etter at me har ete og me har baka grove brød. Tennene og tannhelse har me prata rundt og me avslutta det med å sjå Karius og Baktus.

Det nærmer seg morsdag og me held på med ein fin gåve til mor på dagen! Det er bare å glede seg :)

Språktrening jobbar me med aktivt året rundt. Dette opplever me som svært viktig og me ser alle dei gode framstega borna gjer. Me jobbar fleire gongar i veka i små grupper med fokus på språktrening. Borna likar som oftast å vere med i desse gruppene. Dei får mykje merksemd og eit godt pedagogisk opplegg tilpassa det enkelte barnet.

Sjølv om dei kanskje ikkje ville vere med i utgangspunktet, så ser me at dei trives svært godt når gruppeaktiviteten kjem i gong. Borna er ivrige, engasjerte og har lyst å lære! Me jobbar med aktivitetar som lotto, høgtlesing, rim, regler og song. Alle aktivitetene er prega av leik.

Rammeplanen seier at alle barn skal få ei god språkutvikling gjennom barnehagekvardagen, og få delta i aktivitetar som fremjar kommunikasjon og ei heilskapleg språkutvikling. Personalet skal blant anna anerkjenne og respondere på dei ulike verbale og ikkje-verbale uttrykka til barna og støtte språkutviklinga deira. Vidare skal dei stimulere den verbale og ikkje-verbale kommunikasjonen til barna og leggje til rette for at alle barn blir involvert i samspel og samtalar.

Me har feira mange bursdager denne månaden! Her er dei glade jubilantene :)

Ta gjerne kontakt med oss dersom det er noko du lurer på eller undrar deg over. Me set pris på alle tilbakemeldingar me får, både ris og ros!

Camilla

Del denne siden med andre!

Share on FacebookShare on Twitter