VELKOMSTBREV FOR SOLSIKKENE BARNEHAGER  2019-20 !

                                          

                                                

 

Velkommen til Solsikkene Barnehager AS. Bergly Familiebarnehage og Stuastølen Gardsbarnehage er glad for å ta i mot dykkar søte små. Me gleder oss!

Dei «nye» barna (som har fått plass frå august 2019) startar 15.08.2019. Opningstidene er fylgjande: På Stuastølen Gardsbarnehage opnar me kl 0700 og stengjer kl 1600. I Bergly Familiebarnehage er opningstida  frå kl 0645 til kl 15.45. Me endrar opningstidene dersom fleire treng det.

Første dagen eller dagane er det fint om du/de som har nye born i barnehagen kjem og er med ei stund.  Me plar gjera det slik: Du er ei stund med barnet ditt, så tar du deg ein tur og er borte eit par timar. Og så kan du ringja og høyra korleis det går eller koma tilbake. Me ser det enkelte barn an, og gjer det som me ser er det beste i situasjonen. Dei første dagane bør ikkje bli for lange for dei nye borna.

Det er alltid spennande å byrja i barnehage. Men det går fint. Me vil planleggja ein oppstartsamtale med dykk i byrjinga av oppstarten. Slik kan me bli betre kjent med barnet dykkar og dykk som foreldre. Det viktigaste er få etablert eit godt samarbeid mellom barnehagen og heimen.

Viss de ynskjer kan de gjerne koma på besøk no før me tar sommarferie den 30.06 eller dei 2 første vekene i august.

Når første dagen er her så ta med klede til barnet ditt og bleier, sårsalve og smukk, dersom det brukar det.

Me har vogner og seng til soving.

I barnehagen bør det vera minst eitt fullt skift av inneklede. Gjerne ekstra med sokkar, bodiar , truser og strømpebukser. I tillegg trengs det joggesko, sandalar, støvlar, ytterjakke og regnklede. Det er også fint med ein tynn dress no når det ikkje er så kaldt. ALLE KLEDA SOM KJEM I BARNEHAGEN, MÅ VERA MERKA MED NAMN.                         

Det fins svært mange tilbod på dette området. Eitt me har anbefalt, finn du på www.navnelapper.no  Me klarar IKKJE å halda god nok orden, viss ikkje kleda er merka.

Har barnet ditt særskilte behov ang. mat, allergiar  eller andre ting, så gje oss ein skrifteleg notis ang dette, slik at me sikrar at alle som jobbar, får den informasjonen.   

For at samarbeidet mellom de som foreldre og barnehagen skal fungera best mogeleg, er det viktig med ein open og god dialog. Det legg me vekt på. Snakk til oss om det er ting du reagerer på, ynskjer annleis eller har behov for. Me vil gjera det same i høve til dykk.

Me har frukost og lunsj inkludert i prisen, samt frukt om ettermiddagen.

Me serverer ”vanleg” norsk brødmat, eit godt utval av pålegg, mjølk og vatn til drikke.  Av og til får barna graut, suppe eller anna varm mat.

Som dei fleste av dykk veit, så har me ei transportordning i våre barnehagar. Det inneber at me hentar og bringer barnet ditt til og frå barnehagen. Rutene våre er rimeleg fleksible, men me set ei grense ved Sagvåg på eine sida og Rommetveit på andre sida. Den eine ruta går frå Øvre Hageby, via Heiane og Sagvåg. Den andre ruta går mot Leirvik, Hystad og Rommetveit.

Me startar køyringa mellom kl 0700 og 0730. Heim att går bussane i frå barnehagen mellom kl 1500-1515.  Me prøver å vera fleksible med levering, men det er avgrensa kor mange endringar me kan gjera.  Så snakk med oss om dette er ei ordning som passar for deg. (Nokon vel t.d. å henta barnet sjølv og har køyring berre om morgonen eller omvendt). Fredag ettermiddag eller dagar før andre fri eller heilagdagar hentar de ALLTID barna dykkar sjølv.

Prisen for full barnehageplass hos oss er kr 3040,- pr. månad. Då er mat og køyreordning inkludert (viss du ynskjer det). Dersom du har 2 eller fleire born i barnehagane får du 30 % rabatt på første barnet, deretter er det 50 % rabatt for kvart barn.

Det ligg ikkje ved faktura i dette brevet. Det vert ettersendt rundt 18.07.19 Det er førehandsbetaling den 1. i kvar månad. Me ynskjer at de ordnar med avtalegiro, slik at betalinga går automatisk kvar månad. Då slepp du også kr 50,- i fakturagebyr.

Dersom du tener mindre enn kr. 548167,- kan du søkja om redusert foreldrebetaling.

Det skal sikra at ingen familiar brukar meir enn 6% av inntekta si til barnehageutgifter.

Klikk på denne linken: Søknadsskjema om gratis kjernetid og redusert foreldrebetaling 

Så finn du søknadsskjema til ordninga. Treng du hjelp med søknaden, så ta kontakt med underteikna eller Ragnhild Storebø (tlf 534 96914) i Stord Kommune.

 KØYREORDNINGA STARTAR  mandag 5..august. Første dagen ynskjer me at de fylgjer barnet dykkar og hentar det sjølv. Men har du vanskar med å koma deg til Stuastølen eller Bergly, så hjelper me deg.

 Er det noko du lurer på, så berre kontakt oss på mobil 45425901

Du finn mykje meir info om korleis og kva me gjer på i kvardagen på www.solsikkenebarnehager.no . Her er også mange bilete i albuma våre. Det første albumet er opne for alle. Dei andre treng du passord for å koma inn på. Passordet er passopp.

Vil oppmuntra dykk alle til å lesa på Facebook sidene våre:  ei offentleg og open: Solsikkene Barnehager As og ei lukka for: Foreldre og ansatte i Solsikkene Barnehager AS. Den siste vil de bli lagt til når de byrjar hos oss.

 VELKOMMEN TIL BARNEHAGEÅRET 2019/20. Me gleder oss til å vera saman med barna dykkar og samarbeida med dykk foreldre.

 

            

                                                                         På vegne av personalet

                                                                         Kjersti Karlsen   

                                                                        -styrar-

 

 

Del denne siden med andre!

Share on FacebookShare on Twitter