VEDTEKTER FOR SOLSIKKENE BARNEHAGER A/S

                                        

1. Eigarform
Solsikkene Barnehager A/S er i ein privat barnehage med 2 adskilte avdelingar.
Aksjeeigar er Kjersti Karlsen, Øvre Hageby 17, 5411 Stord.
Den eine avdelinga er Bergly Familiebarnehage i Gullbergvegen 23, og den andre er Stuastølen Gardsbarnehage i Litlabøvegen 139 på Stuve.

Barnehagane er open for barn i alderen 1-6 år på Stuastølen og 0-6 i Bergly.

2. §1a Særlig formål
Solsikkene Barnehager A/S driv barnehagar med eit klart kristent livssyn.
Me arbeider etter Bibelen som retningsgjevar for dette livssynet og etter lov om barnehagar m/ forskrifter, gjeldande kommunale vedtak, den offentlege rammeplanen og våre eigne planar i høve til pedagogisk innhald og retning.

Me ynskjer å gje barna trygge oppvekstvilkår, der dei får utvikla seg maksimalt ut frå eigne føresetnader. Det skal tilretteleggjast både med organisert aktivitet og frileik, samlingsstunder og individuell kontakt. Borna vil få opplæring i enkle bibelske sanningar, læra kristne songar, og det vil vera ein open dialog med borna om det dei er opptekne av i den kristne trua. Alt dette vil byggja på ”Retningslinjer for vid praktisering av den kristne formålsparagrafen”.
Barnehagen skal ha eit nært samarbeid med heimen.
Begge barnehagane vil ha eit nært forhold til natur og dyrestell. Særleg på Stuastølen vil den daglege drifta vera prega av at det er på ein gard.

3. Opptakskrins
Først og fremst barn som er busett i Stord kommune. Men me tar også inn barn frå andre kommunar dersom me har plass.


4. Opptak.
Styrar eller representant for styrar i barnehagen, gjer opptak i samråd med Utviklingsgruppa i Stord Kommune.
Prioritet ved hovudopptaket:

     Barn som er fatta vedtak etter lov om barnevernstenester §§ 4-12 og 4-4 andre og fjerde ledd, har rett til prioritet ved opptak i barnehagane
Barn med nedsett funksjonsevne, jf barnehagelova § 13.
Det må leggjast ved skrifteleg dokumentasjon for få slik prioritet ved opptaket.

     Barn som har lovfesta rett til barnehageplass jfr.§ 12 a i barnehagelova:
Barn busett i Stord kommune ved oppstart nytt barnehageår, og som det er søkt barnehageplass for innan søknadsfristen for hovudopptaket og som har fylt 1 år innan utgangen av november same år.

     Alle andre barn det er søkt plass for i barnehagen

 5. Barn som har søsken i ein av barnehagane.
Når føresette har teke imot barnehageplass har barnet plassen til han vert sagt opp. Det er 1 månad gjensidig oppseiingsfrist, og oppseiinga skal vera skrifteleg. Manglande opphaldsbetaling kan føra til oppseiing frå eigar.

Kontrakten om plass går automatisk ut ved bruksåret sin slutt, 14. august, det året barnet byrjar på skulen.

6. Samarbeid med heimen.
Etter lova § 4 står det: ”For å sikre samarbeid med barnas hjem, skal barnehagen ha et foreldreråd og et samarbeidsutvalg.
Foreldrerådet består av foreldrene/de foresatte i barnehagen. Samarbeidsutvalget består av foreldre/foresatte og tilsette slik at hver gruppe er likt representert.”

Foreldrerådet (= alle føresette i barnehagen) vel 1 representant og 1 vararepresentant til samarbeidsutvalet (SU). Dette vert kalla foreldrekontakt. Representanten for foreldrerådet i SU kan kalla inn til møte i foreldrerådet når behov.
Ved røysting i foreldrerådet vert det gjeve ei røyst for kvar frammøtt.

 

Dersom det er saker som angår barnehagen som du/de ikkje ynskjer å ta opp direkte med styrar eller eigar, så kontaktar du foreldrekontakten. Han/ho vert då ditt talerøyr i saka og tar saka vidare til styrar/eigar, foreldrerådet eller SU.

Styrar er sekretær i SU og har møte- og talerett, jf Lov om barnehagar § 4. Han/ho kallar inn til møte og skriv referat.

7. Betalingsreglar.
Foreldrebetalinga skal betalast innan 1. i kvar månad etter takstar som eigar til ei kvar tid fastset, men ikkje over offentleg makspris.


Foreldrebetalinga er frå 01.01-2017 sett til kr 2730,- (off. makspris) for 1 barn med full plass. Søskenmoderasjon er på 30 % for barn nr. 2 og 50 % for barn nr 3.

Det vert ikkje gjeve fråtrekk for dei dagane barnehagen held stengt pga. helge- og høgtidsdagar. Det vert heller ikkje gjeve fråtrekk for fråvær av andre årsaker.

Vedtekne satsar må også betalast i oppseiingstida. Betalingssatsen som vert fastsett gjeld vanlegvis for heile bruksåret.
Barnehagen tilbyr plassar med ulike storleikar, men ikkje under 40% , dvs 2 dagar i veka.

8. Areal- og opningstid.
Stuastølen Gardsbarnehage si arealnorm er 4 m2 pr. barn over 3 år og 5,33 m2 for barn under 3 år. Opningstida i Stuastølen er kl.07.00-16.00 ( = kjernetida). Du kan levera og henta barnet ditt utanom kjernetida etter avtale.
Kvart barn si opphaldstid må ikkje overstiga 9 timar per dag.


Bergly familiebarnehage har ikkje arealnorm, då det er ein familiebarnehage. Opningstida i Bergly er kl 06.45 – kl 15.45.
 

Barnehagen er stengt:

<l    laurdag og søndag

<!    f.o.m. julafta t.o.m. 1. Nyttårsdag

<!    onsdag før Skjærtorsdag

<!    fredag etter Kristi Himmelfartsdag

<!    faste planleggings- og kursdagar i regionen,

<!     arbeidsdag i august og 1. arbeidsdag i januar 

        heile juli

Kursdagar vert varsla om i god tid.

 9. Transportordning
Solsikkene barnehager AS har ei eiga transportordning der me hentar barnet ditt heime og køyrer det attende om ettermiddagen. Dette er ein service som er inkludert i foreldrebetalinga.  Me køyrer 2 ruter i område Rommetveit, Leirvik, Heiane og Sagvåg. Henting og bringing skjer etter avtale med dykk foreldre.

10. Sjukdom
Er barnet ditt sjukt eller borte av andre grunnar, må ein senda melding til barnehagen om dette. Sjuke eller sterkt forkjøla barn må vera heime pga. smittefaren. Barna må haldast heime til dei kan delta i aktivitetar på lik linje med andre barn.

11. Klede
Barna må vera kledd så dei kan ta del i leik og aktivitetar både ute som inne.
Kleda MÅ vera merka, og føresette må sikra at barnet/barna deira har tilstrekkeleg bytekle i barnehagen.

12. Teieplikt
Eigar, foreldrerepresentant og barnehagen sine tilsette har teieplikt i tråd med Lov om barnehagar § 20.

13. Internkontroll
Barnehagen har internkontroll i tråd med krav i Forskrift om miljøretta helsevern i barnehage og skule, med meir.
 

Revidert 11.11.2017

Kjersti Karlsen
Eigar

 

Del denne siden med andre!

Share on FacebookShare on Twitter