Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

Stuaposten,  Stuastølen Gardsbarnehage

Godt nyttår alle saman! Då har me lagt den første månaden i året bak oss. Me har hatt ein god månad fullstappa med kjekke aktivitetar. Den første veka hadde me ei kjekk jente som heiter Anna i arbeidsveke hjå oss. Ho sklei rett inn i barnehagen og fekk stor plass i hjarta til borna. Ho deltok i leik, tulla og tøysa med borna og vart veldig sakna når veka var over.

                                   

Både vaksne og born har sett stor pris på all snøen som er komen. Dei eldste borna har vore ekstra ivrige på å kome seg ut. I det dei kjem inn døra om morgonen kjem dei første spørsmåla om kva tid me skal gå ut. Me er så heldige at me har dei beste og største akebakkene rett utanfor døra. Dei eldste klatrar til topps og susar i veg. Dei yngste er litt meir usikre og nøyer seg med eit rumpeakebrett i dei små bakkane. Herlig er det å sjå smil, latter, glede og mestringskjensle.

                               Store snøballar  

Me har hatt besøk av Nordbygdo barnehage avd Prestegardsskogen. Dei kom og var saman med oss ein dag i akebakken. Det blei ein ekstra kjekk dag der me aka og leika saman i snøen. Dei har besøkt oss før og me har vitja dei i haust så det var veldig kjekt å møtast igjen. Til lunch laga me havregrynsgraut på bålet. Ingenting smakar betre enn mat laga på bål :)

Skulegruppa og nokre av dei små har hatt ein føremiddag med eksperimentering. Dei jobbe med vulkan og saman laga dei ein vulkan i snøen som spruta lava. Dei blanda natron, måling og eddik. Reaksjonen når stoffa vert blanda gjer at det kan sjå ut som lava. Eit spennande og kjekt mini prosjekt som borna satte stor pris. Kanskje nokon får interesse for forsking?

Leik ute i naturen og i snøen er heilt i tråd med det rammeplanen seier. Den seier at borna skal få oppleve og utforske naturen og mangfaldet i den og dei skal få gode naturopplevingar året rundt. Me legg vekt på at naturopplevingane skal vere gode. Borna er forskjellige og det må takast hensyn til både i forhold til kor mykje klede dei treng, kor aktive dei er og kor lenge dei kan vere ute. Ofte har dei eldste borna gått først ut slik at dei har fått ei lengre utetid. Dei aller yngste ser me frys lettare då dei ikkje klarer å halde aktivitetsnivået oppe. Dette tek me hensyn slik at alle får gode opplevingar ute.

                                  

Sjølv om me har vore mykje ute har me og jobba rundt ulike tema inne. Tannhelse er eit av tema me har jobba med. Me ser på det som viktig å ta vare på tennene våre og me har samtala og undra oss saman om korleis me best mulig kan ta vare på tennene våre. Me avslutta temaet med at skulegruppa fekk besøke Den offentlege tannhelsetenesta i sentrum. Eit kjekt besøk der tannpleieren fortalde om tannhelse, alle fekk prøve tannlegestolen og til slutt fekk alle premie :-)

                         

Rammeplanen for barnehagen seier at barnehagen skal bidra til at borna set grenser for eigen kropp og respekterer andre sine grenser. Dei vaksne i barnehagen skal bidra til at borna utvikler eit bevisst forhold til retten til å bestemme over eigen kropp og respektere andre sine grenser. Dette har me hatt fokus på i januar både i samling med heile gruppa og i ei eiga samling med dei eldste. Me ser på det som viktig å jobbe med dette temaet for å hindre overgrep og krenkingar. Borna skal kunne våge å sei nei, dei skal kunne forstå at det er bare mamma og pappa eller andre nære omsorgspersoner som kan ordna dei på toalettet eller når dei vasker seg. Dei skal og kunne fortelje om det er nokon som gjer noko med dei som dei ikkje ynskjer.

Etter nyttår er det blitt ein del endringar i personalet i begge barnehagane. Kjersti, Alexander og Camilla er på Stua som før. Tove Iren jobbar for det meste i Bergly. Ho er på Stua kvar torsdag. Esther og Sigrid er komt opp til Stua frå Bergly og Heidi er gått frå å jobbe på Stua til å kun jobbe i Bergly. Anne Beth og Linda er framleis spesialpedagogar på Stua nokre timar kvar veke

I februar skal me jobbe vidare med ei fin gåve til mor, me skal ha tema om inkludering og skulegruppa er invitert på teater på Fitjar vidaregåande skule, me skal jobbe med språktrening og mykje mykje meir

Del denne siden med andre!

Share on FacebookShare on Twitter

Personvernerklæring

Logg inn