Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

ÅRSPLAN  FOR SOLSIKKENE

BARNEHAGER A/S 2020/21

BERGLY FAMILIEBARNEHAGE

INNHALDSLSISTE

1.0 Presentasjon av Solsikkene Barnehager AS

1.1 Personalet i Bergly Familiebarnehage

2.0 Opningstider

2.1 Dagsrytme

2.2 Dagsplan Bergly

2.3 Vekeplan Bergly Familiebarnehage

3.0 Mål for barnehagane

3.1 Omsorg

3.2 Leik, læring, samspel og menneskelege relasjonar

3.3 Danning

3.4 Progresjon i høve til omsorg, leik, læring og danning

4.0 Satsingsområde: Språk

5.0 Fagområda

5.1 Kropp, rørsle, mat og helse

5.2 Kommunikasjon, språk og tekst

5.3 Etikk, religion og filosofi

5.4 Kunst, kultur og kreativitet

6.0 Tema

7.0 Merkedagar og lokale kulturtilstellingar

8.0 Planlegging, dokumentasjon og vurdering / evaluering

8.1 Dokumentasjon og informasjon

8.2 Vurdering / evaluering/komptanseheving

9.0 Likestilling i barnehagen

10.0 Barns medverknad

10.1 Foreldremedverknad/samarbeid

10.2 Foreldremøte og foreldresamtaler

10.3 Foreldreråd og samarbeidsutval

11.0 Teieplikt og opplysningsplikt

12.0 Overgang barnehage - skule

12.1 Tilvenning

INTERNKONTROLL

Avslutning

1.0 Presentasjon av Solsikkene Barnehager AS

Bergly Familiebarnehage er eigd av Solsikkene Barnehager A/S. Me har også ein barnehage til på Stua. Det er Stuastølen Gardsbarnehage.

Våre barnehagar har utvida kristen formålsparagraf, men me ynskjer å vera eit tilbod til alle barn uansett bakgrunn eller tru.

Ellers jobbar me ut frå den offentlege rammeplanen  og barnehagelova.

Bergly Familiebarnehage har dette bruksåret 10 plassar til barn over 3 år eller 8 barn under 3 år. Barnehagen ligg innerst i Gullbergvegen med eit godt og trygt miljø med skogen som nærmaste nabo.

Barnehagen held til i kjellaretasjen i huset. Her har me gode lokaler med mange små rom som innbyr til leik. I tillegg til ute området til barnehagen nytter me oss mykje av skogen og nærmiljøet.

Den frie leiken er svært viktig.

Kaninene og hønene er ein naturleg del av kvardagen.

Me legg også vinn på at barna skal utvikla seg motorisk. Difor har me

klatre stege og eit utfordrande og kjekt leike apparat.

Siste vart bygd i 2017.

1.1 Personalet i Bergly Familiebarnehage

Kjersti Karlsen Eigar/styrar      

Joann Egholm Pedagogisk leiar/Assistent

Tove Iren Notland    Assistent/sjåfør

Heidi Glesnes Taipale  Assistent/sjåfør

Marit Kristin Nornes Lærling              

Karstein Karlsen    Administrasjon/sjåfør

2.0 Opningstider

Bergly Familiebarnehage  er open frå kl. 0645 til kl. 15.45 alle kvardagar

2.1 Dagsrytme

Det er bra for borna å ha ein rytme og faste rutine. Me ynskjer også å vera fleksible og spontane slik at me kan finna på ting undervegs. Utgangspunktet for dags rytmen ser slik ut:

2.2 Dagsplan Bergly

kl. 06.45       Barnehagen opnar. Roleg leikeaktivitet / lese

kl.08.30 Frukost

kl.09.30 Samlingsstund

kl.10.30 Fri leik / ulike aktivitetar. Soving for dei minste

kl.12.00 Lunsj 

kl.12.30 Fri leik / ulike aktivitetar, me matar dyra

Soving for dei minste

kl. 14.00 Fruktstund

kl. 15.45 Barnehagen stenger

2.4 Vekeplan Bergly

MANDAG   Turdag

TYSDAG     Språktrening

ONSDAG     Temadag

    TORSDAG    Språktrening

    FREDAG       Aktivitetsdag

3.0 Mål for barnehagane

3.1 Omsorg

I Rammeplanen (2017) står samfunnsmandatet for barnehagane. Det er fylgjande: «Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta barna sitt behov for omsorg og leik, og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Leik, omsorg, læring og danning skal sjåast i samanheng» Det er ikkje utan grunn at måla er sett opp i denne rekkjefølgja i lova: Omsorg, leik og læring. For at barna skal kunne leika, læra og bli danna, må dei først ha dei grunnleggjande behova møtt gjennom omsorg for deira ulike behov. Dette gjeld både for dei fysiske rammene (ein god stad å vera), kroppslege, psykiske og åndelege behov. I våre barnehagar vil me gjera dette ved å ha fokus på heile barnet: ånd sjel og kropp. Vidare påpeikar Rammeplanen for 2017 at barnehagen skal anerkjenne barnehagen sin eigenverdi, samt bidra til at barna trivst, opplever livsglede, meistring og ei kjensle av eigenverdi, og han skal førebyggje krenkingar og mobbing. Saman skal desse verdiane fremje barna sin livsmeistring og ha ein førebyggjande og helsefremjande effekt.

I tillegg har me tru på at me vaksne er viktige føredøme for barna i vår måte å syna omsorg for dei. Det gjeld i alle ting frå dei kjem i garderoben eller bussen til dei er heime att. Då kan det handla om å spørja korleis dei har det, lytta til dei når det snakkar og spør, svara så godt me kan på spørsmål, trøysta når dei gret og hjelpa dei når det er naudsynt, samt gje kvardagen deira eit meiningsfylt innhald. Vidare vil me visa dei venleg merksemd i alle dagleglivet sine situasjonar og gje dei det dei treng mtp bleieskift, mat, drikke, klede, oppseding med gode grenser og fokus på det enkelte barn og heile gruppa sitt ve og vel.

Barnehagane våre skal vera prega av god omsorg der borna vert respektert for sin eigenverdi samtidig som dei får lære og utvikle seg til omsorgsfulle, livsglade, undrande og sosialt kompetente barn gjennom leik og samhandling mellom barn – barn og barn – vaksen. Vidare vil barn med særskilte behov bli tatt vare på med ved at dei vert sett for den dei er og får den hjelpa dei har trong for.

3.2 Leik, læring, samspel og menneskelege relasjonar

Rammeplanen 2017 seier: «Leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen, og eigenverdien til leiken skal anerkjennast. Barnehagen skal gje gode vilkår for leik, vennskap og barna sin eigen kultur.»

Leiken har ein stor plass i barnehagen, og denne ser me på som svært viktig for barna. Leiken har mykje å sei for barnet si utvikling. Her møter barna på nye utfordringar både sosialt, intellektuelt og motorisk. I leiken må barna tenke sjølv, det er rom for fantasi og kreativitet, dei kan bearbeida ting dei er redde for, dei lærer å forholda seg til andre barn, oppdagar grenser hos seg sjølv og andre. Leiken er med på å rusta barna til det livet som møter dei. Dette gjer at leiken har ei viktig rolle i barnehagen, og me prioriterer at barna så langt som råd sjølv skal få velje sine leikekameratar og kva dei vil leike med. Barna treng ro for at leiken skal kunne utvikle seg.

Difor set me av eiga tid for leiken i kvardagen, der me også kan la anna planlagt program gå ut, dersom me ser at barna har ein god leik som me ikkje vil bryta av. Romma våre og inventaret er også tilrettelagt med tanke på at barna skal bli inspirert til å koma i gong med leiken. Me har laga oss eigne gjennomsiktige leikekassar, slik at borna kan lett sjå kva dei kan og vil leika med. Me legg vinn på å sortera leikene og halda orden. Erfaringsmessig ser me at dette verkar meir innbydande på leiken enn viss alt er blanda. Me har og vil ha eit variert utvalg av leiker: Dokker, bilar, dyr/figurar, tog/togbane, utkledningsklede, leikeveggar, duplo, lego, magnetar, treklossar og eit godt utval av brettspel og bøker m.m

Læringa som føregår gjennom leiken forutset kognitiv, emosjonell og sosial utvikling.

Men leiken vil også vera med å fremja utvikling og læring på desse områda. Konkret vil dette innebera at leik kan gje språklæring, opplæring i sosial kompetanse, motorisk læring og trening, læring av matematikk og konstruksjon, samt innlæring og utforming av ulike roller og evne til dramatisering. Med vårt fokus på sortering av leikene, nyttar me dette til å øva barna opp i klassifisering av ordgrupper. T.d kva er ei ku? Jo, den høyrer inn under dyr, osv.

I samlingsstund t.d. nyttar me vaksne ofte dramatisering, song og musikk som verkemiddel. Då lærer barna om roller, kva og korleis dei kan leika og kva det er rom for i barnehagen. Dei lærer språk, rytme, rim, reglar, songar og utviklar kreativitet.

Vidare vil me i samlingsstundene og t.d.turar i skog og mark ha konkret læring i fokus i det me gjennom året vil gå gjennom fagområa til Rammeplanen. Les meir om det under kapittelet om fagområda lenger nede.

Lillemyr (2011, s. 45) skriv, «Lek er også samspill eller kommunikasjon. Barnet oppfatter signalet «dette er lek» og går inn med spesielle samspillferdigheter og lekeferdigheter. Deltagelse i leken krever at barna har evne til å kommunisere på flere plan. Det må skjønne hva som er lek, forstå reglene for samspillet, kunne identifisere seg med temaet og ha evne til å delta i utviklingen av temaet.»  Me ser vidare at barna imiterer, øver og handlar gjennom leiken. Dei utrykker det dei har sett (lært) av vaksne  og andre barn på alle arenaer dei tilhøyrer. Lillemyr (2011, s.157 og 38) skriv, « Leontev legger stor vekt på den voksnes betydning som modell for barns lek. Også eldre barn kan være modeller for yngre barn. Modeller danner råmateriale for barns rollelek. Rollelek utspiller seg særlig klart i 3-8 års alderen, for så å utvikle seg mot dramatisk lek senere.»

I leiken vil dei vaksne observera barna, og medvite involvera den eller dei som har vanskar med å koma inn i gruppa eller få leikelag. Dei vaksne skal vera nær og tilgjengelege til barna som leikar, nokon gong som leikepartnar, andre gonger som initiativtakar og/eller observatør.

I leiken vil ein kunne få mykje nyttig informasjon om barnet/gruppa, som kan koma til nytte i utvklinga av det enkelte barnet og/eller barnegruppa.

Inne fordeler barna seg i mindre grupper rundt i dei ulike romma i barnehagen. Då opplever me at barna leikar godt saman, det blir færre konfliktar og leiken pågår over eit lengre tidsrom. Det vert såleis enklare for personalet å observera korleis barna samhandlar, kven som leikar, om nokon fell utafor, er passive og treng hjelp for å koma inn i leiken.

Me har hatt og vil ha som mål å ha eit roleg innemiljø der springing, hopping og høg stemmebruk vert roa ned, til fordel for roleg gruppeleik eller individuell leik. Me vil vidareføra fokus på rammene og plassering av leikene i romma.

Me vil at barna skal læra seg god framferd, både overfor andre barn og vaksne.  Me øver på god bordskikk, som å sitja ved bordet under heile måltidet, spørja etter mat, forsyna seg fint osv. I tillegg legg me vinn på å snakka med barna under måltidet. Målet er å ha gode samtalar og auka barnet sin språklege kompetanse.   

I samlingsstund får også barna øving i å sitja i ro, lytta, læra og delta aktivt med sang, svara eller koma med innspel. Dei skal stå opp for seg sjølv og vera synlege, samstundes som dei lærer å ta omsyn til og vera god mot andre.

Vidare lærer me borna sjølvstende der dei kan kle på seg, smørja maten sin, rydda etter seg og hjelpa til med små oppgåver i barnehagen.  Er dette på plass til dei byrjar i skulen, så har dei eit godt grunnlag for å lukkast.

Me har også eit tydeleg mål om å læra opp borna i den kristne trua og korleis ein kan praktisera det i kvardagen. Dette skjer først og fremst gjennom den daglege samlingsstunda, men me startar og avsluttar kvart måltid med eit bordvers og ein bordbøn.

3.3 Danning

Ordet danning er ikkje nytt, men har blit løfta meir fram i barnehagesamanheng enn før. Kva ligg det i dette omgrepet ?

Rammeplanen 2017 sier: «Barnehagen skal oppmuntre barna til å vera prøvande nysgjerrige på omverda og bidra til å leggja grunnlag for modig, sjølvstendig og ansvarleg deltaking i demokratisk fellesskap.»

Me kjenner ordet ”dannelse” som eit mål for god oppseding og opplæring. Danning er ein livslang prosess. I danning inngår oppseding som ein prosess der vaksne både leier og rettleier neste generasjon. Gjennom oppseding og danning blir verdiar,  normer, tankar og uttrykks- og handlingsmåtar vidareførte, endra

og forhandla om. Personalet skal rettleie barna i vekslinga mellom

samfunnsnormer og sosiale krav og eigen veremåte. Barn må få hjelp til å

oppfatte kva rammer som er akseptable i samvær med andre. Oppseding

og danning må skje i nær forståing og samarbeid med heimen til barna.

Personalet i barnehagen må kunne grunngi verdistandpunkt knytte til

oppseding og danning både overfor seg sjølve og foreldra. Danning skal skje i tråd med verdigrunnlaget til barnehagen og leggje grunnlaget for at barn skal kunne delta aktivt i eit demokratisk samfunn. Difor vektlegg Rammeplanen at barna sine synspunkt og deltaking skal vektleggjast, samstundes som barna skal utfordrast til å ta andre sitt perspektiv og øva seg kritisk tekning og vurdering.

Djupast sett er danning overføring av kulturen vår til neste generasjon. Konkret vil dette avspegla seg av kva me overfører til barna i kvardag og høgtider, gjennom året.

Når eit barn blir danna, tenkjer ein seg at det dei lærer er blitt integrert del av barnet. Lærdomen, reglane, etikken og  oppsedinga blir ein del av barnet sin veremåte, tenkemåte og haldningar.

I barnehage.no (05/2014) er det i eit intervju med forfattar Anne Schjelderup der det står at: «Hun viser til at oppdragelse har til hensikt å overføre kunnskaper, verdier og holdninger til barna som om de var blanke ark.

Danning derimot, skal sette barna i stand til å tenke selv, søke kunnskap, reflektere over og vurdere vedtatte sannheter, stille spørsmål og yte motstand på egne og andres vegne. De kan ikke manipuleres til å gjøre og tenke som den som oppdrar.

– Danning handler om å utvikle kunnskap, verdier og holdninger sammen, gjennom dialog — hvor alle anerkjennes som selvstendige mennesker med følelser og tanker i en felles prosess. Ville Eichmann gjort det samme om han hadde hatt mindre oppdragelse, men mer danning?»

Når me i samlingsstundene lærer barna om dei kristne verdiane og korleis dei skal gjennomførast i praksis, handlar det også om danning av barna.

3.4 Progresjon i høve til omsorg, leik, danning og læring.

I Solsikkene Barnehager AS vil me gje barna gode lære- og utviklinghøve. Desse høva oppstår gjennom heile dagen. Det startar i garderoben, fortset i måltidet, samlingsstund, språktrening, i frileiken ute og inne, på turar i skogen eller andre stader. Me vil påsjå at barna får nye utfordringar alt etter modning og alder. Dei skal få læra, leika, møta omsorg og dannast alt etter kor dei er i si utvikling. Me vil gje ein 1 åring ein anna type omsorg enn ein 3 åring. Me vil stilla andre krav til 5 åringen enn til 3 åringen. Her vil oppgåvene og situasjonane definera kva me gjer og kva krav eller hjelp me gjev til det enkelte barnet. Me vil forventa ein anna evne til refleksjon og implementering av sosial kulturell kunnskap hos 4 åringen enn hos 2 åringen.

På alle nivå er snakk om utøving av omsorg og innlæring av kunnskap, samt opplæring i eigenskapar som gjev livsmeistring og vidare gje dei evne til å forstå og reflektera  sjølvstendig på dei områda som naturleg har fokus i førskulealder.

For å nå desse måla, ser me det tenleg i mange høve å dela barna inn i grupper. 5 åringane har t.d skulegruppe, går lengre (fjell)turar og får forventning om å sitja meir i ro, ha eit godt utvikla talespråk og kan kle seg sjølv og ordna seg på toalettet. 2 åringen kan byrja med toalett trening, byrja å kle av seg og på seg, prøva å smørja skjeva si sjølv og ha eit visst språkleg nivå.

Me organiserer også dei 2 barnehagane våre slik at det er progresjon frå Bergly Familiebarnehage  til Stuastølen Gardsbarnehage. I Bergly er det lagt opp meir på dei minste sine premissar og behov. Der er det er færre barn, meir ro, turane er ikkje så utfordrande og lange som på Stuastølen. Innhaldet i kvardagen er tilpassa dei minste sitt utviklingsnivå. Me trur at Bergly er god stad for barna i 1-3 års alderen. Her er  det få barn og dei blir ikkje «uroa» av 4-5 åringane som ofte har eit heilt anna aktivitetsnivå enn dei minste.

Når barna er 3 år får dei tilbod om å flytta opp til Stuastølen Gardsbarnehage. Her  er det andre aktivitetar og utfordringar enn i Bergly Familiebarnehage. Det er over dobbelt så mange barn, me jobbar mykje med å læra barna å kle seg sjølv, det er auka fokus på språktrening og innlæring av relevant kunnskap, me har andre type leiker og ved måltida er det eit mål at alle skal klara å smørja maten sin sjølv, tøma mjølk i glaset og eta fint. Fruktstunda også gjev høve til å eta sunt og dela med andre.

Me er ein fleirkulturell barnehage med stort fokus på inkludering. Me lærer barna å ta omsyn til kvarandre, lytta til kvarandre og såleis auka den sosiale kompetansen. På Stua har me hest og andre dyr som barna får ha kontakt med. Her lærer dei om stell og pass av dyr, får ri på hesten og lærer empati. Når det er lamming, får dei gå i små grupper og vera nær lamma i stallen. Her lærer dei å gå forsiktig fram og passa på at dyra har det bra.

Me har rike turhøve som me nyttar ofte. Det kan vera i skogen, til fjells eller til vatn. Her deler me også ofte barna inn i grupper alt etter modning og meistringsevne. Me kan også nytta minibussen og køyra til andre turområde eller badestrand. På Stuastølen har me også syklar. Når barna er klar for det, lærer dei å sykla. Dei fleste kan sykla på tohjulssykkel før dei er 5 år. Både i høve til ridning og sykling, får dei god innøving av motoriske evner og eigenskaper. I 2019/20 har me fått tildelt midlar frå fylkesmannen i Vestland til byrjande svømmeopplæring og vasstilvenning. Me vil gje tilbod til 6 av 4-5 åringane  1 dag veka i bassenget i Kulturhuset. Dette vil gjera dei tryggare og flinkare i høve til å vera i vatn og hjelpa dei på vegen til å læra å symja.

Me har også kjøkkenhage der barna lærer om bærekraftig utvikling og får innblikk i kor maten kjem frå.

Alt i alt har me fokus på at barna skal få den omsorga, utfordringane, leiketilhøva, læringa og danninga som trengs for å fremja progresjon for allsidig utvikling.

4.0 Satsingsområde: Språk

«Gjennom arbeid med fagområde (kommunikasjon, språk og tekst), skal barnehagen bidra til at barna får utforske og utvikle språkforståinga, språkkompetansen og eit mangfald av kommunikasjonsformer.» (Rammeplanen 2017). Sidan me har mange minoritetsspråklege barna, vil dei fleste barna i barnehagen skal ha to samlingar i veka med språkstimulering og språkinnlæring. Me fylgjer eit eige opplegg som me har lært gjennom PPT som heiter «Grep om omgrep.» Dette har gjeve gode resultat ved utprøving.

Det er likevel viktig å merke seg at me jobbar med språkstimulering i mange situasjonar. Språket følgjer oss overalt!

Me har t.d. sett at innlæring av songar i samlingsstund har vore ein god og effektiv metode.

Barnehagen skal sørga for at alle barn får varierte og positive erfaringar med å bruke språket som kommunikasjonsmiddel, som reiskap for tenking og som uttrykk for eigne tankar og kjensler.

Denne språktreninga er viktig i høve til det sosiale aspektet samt lese- og skriveopplæringa. I leiken er språket ein viktig reiskap for å gjera seg forstått og å forstå. Den som ikkje meistrar dette kan lett bli ståande utanfor.

Me deler oss ofte inn i grupper og gjev barna trening ut frå alder og føresetnader.

5.0 Fagområda

For å lette barnehagen si planlegging av eit variert og allsidig pedagogisk tilbod, er barnehagen sitt innhald delt inn i sju fagområde som er sentrale for oppleving, utforsking og læring. 

Dette er :

- kommunikasjon, språk og tekst

- kropp, rørsle og helse.                              

- kunst, kultur og kreativitet

- natur, miljø og teknikk

- etikk, religion og filosofi

- nærmiljø og samfunn

- tal, rom og form

Me har sett at det kan vera tenleg jobba med fagområda i ulike bolkar gjennom året.

Me vil gje dei ulike områda særskilt merksemd i kvar sine periodar. Me vil byrja med fokus på på kropp, rørsle, mat og helse i august/september. Dette vil me knyta opp mot hausting av kjøkkenhagen. Dette året vil me laga mat i barnehagen av det me haustar og læra barna ulike rettar av det me har planta. Me tenkjer at også at området som tannhelse, kva me et og grenser for eigen kropp er så viktig at me vil gje det ekstra plass. Emnet blir då tatt opp i på temadagar i samlingsstund med påfølgande aktivitetar den dagen.

5.1 Kropp, rørsle, mat og helse: Me har minimum  ein turdag i veka. Når det høver nyttar me bussen vår og køyrer til andre turmål i nærmiljøet som er fine å nytta,  me legg vinn på å gje borna sunn mat.

Bergly Familiebarnehage tar ofte turen til stadion på Vikahaugane og borna likar å springa på banen. Barn er kroppslege i si tilnærming til verda og lærer mykje gjennom rørsle og det dei kjem i kontakt med via kroppen sin. Difor legg me vekt på å gje barna mange gode  opplevingar både i nærmiljøet og i naturen der dei får nytta kroppen på ein variert og utfordrande måte.

Barnehagane våre har fokus på viktigheten av mat og bordfellesskap. Difor et me felles frukost og lunsj i barnehagen. I tillegg har me fruktstund om ettermiddagen. Me vil at barna skal få i seg sunn og god mat i hyggeleg fellesskap og koselege omgjevnader og samstundes få god tid til å eta.

5.2 Kommunikasjon, språk og tekst:

«Gjennom arbeid med fagområdet skal barnehagen bidra til at barna får utforske og utvikle språkforståinga, språkkompetansen og eit mangfald av kommunikasjonsformer.» (Rammeplanen 2017). 

Ved å få snakka, lytta, observera og gje respons i samhandling med andre, får eit variert ordforråd, vidareutviklar omgrepsforståinga si, bruker språket aktivt til å uttrykke kjensler og ynskjer. Vidare får dei eit positivt forhold til tekst og bilete, ved å bli kjent med bøker, eventyr og songar og vert fortrulege med tal og bokstavar.

For å arbeida i retning av desse måla vil me arbeida med å vere gode rollemodellar for barna i den daglege kommunikasjonen. Me lyttar, snakkar og viser interesse for det barna  fortel og formidlar gjennom kroppsspråket. Språktrening er satsingsområdet, og det jobbar me aktivt med.

Å auka ordforrådet er viktig for alle. Difor jobbar me systematisk med dette gjennom opplegget «Grep om omgrep:»

Barna skal få høve til å uttrykke seg, t.d. ved at dei fortel om noko dei har opplevd eller emne dei er opptekne av.

Me gjer:

- støttar barna sine eigne initiativ til å telja, leseskriva og lese

       bokstavar

- syner glede og engasjement ved song, høgtlesing og samtale

- me har språktrening minimum 2 dagar i veka

- brukar ”Snakkepakken”

- leike rommet er godt utstyrt med bøker

- brukar dramatisering

- brukar rytmeinstrument

- rim, regler og songar

- syng for dyra

- les for barna kvar dag

- brukar lotto og memory

- heng opp bilete av aktivitetar barna har gjort

-   går på eventyrstund på biblioteket med ei gruppe av barna

Me les, syng og dramatiserer for borna i samling, me legg vinn på gode samtalar ved bordet og i andre naturlege høve, me les for enkeltbarn gjennom dagen, borna har lett tilgong til bøker og skrivesaker i barnehagen.

5.3 Etikk, religion og filosofi

Dette fagområdet vert godt integrert i den utvida kristne formålsparagrafen vår der me har minimum 3 samlingsstunder i veka med kristent innhald. Me fokuserer på å læra borna korleis ein praktisk kan nytta trua i kvardagen ved å læra dei korleis dei skal vera mot kvarandre, bøn, stola på Gud, be om tilgjeving osv. I tillegg vert dei store høgtidene som jul og påske tydeleg markerte både i barnehagen og ved kyrkjebesøk.

Barnehagen skal bidra til at barna får erfara at grunnleggjande spørsmål er vesentlege og barna skal tileigna seg samfunnet sine grunnleggjande normer og verdiar.

Me er ein barnehage med utvida kristen formålsparagraf. Dette gjer at me legg stor vekt på å gi barna kjennskap til den kristne trua og dei kristne høgtidene.

For å arbeide i retning av desse måla vil me vera bevisste på den betydningen me vaksne har som førebilete og opptre slik at barna får støtte i eigen identitet og respekt for kvarandre. Me vil skape rom for opplevingar, undring, ettertanke og gode samtalar. Me bruker mykje tid på og er glad i å gi barna kjennskap til den kristne trua. Gjennom bibelforteljingar, song og bøn vil me at barna skal læra og kjenna Gud. Barna vert tatt på alvor i sine religiøse spørsmål.

Me kjem til å ta for oss dei ulike høgtidene etter kalenderen, og fortelja om kva Bibelen seier om desse. Til jul og påske får dei eldste tilbod om å vera med på kyrkjevandring. Kvar jul pleier det vera barnehagegudsteneste i Nysæther Kyrkje. Det deltek me og alle barna får vera med.

Til påske praktiserer me fotvasking og nattverd.

Me vil arbeida med å læra barna å vise omsorg, nestekjærleik, rettferd og sanning. Me vil samtale med dei om kor viktig det er å vera greie med kvarandre og at alle får vera med i leiken og gruppa.

Til sist vil me nemna dei ulike hjelpeprosjekta som barnehagane har engasjert seg i for å hjelpa fattige barn i andre land.  Målet vårt med dette er å hjelpa desse barna til eit betre liv, samstundes som me lærer våre barn å tenkja på andre og sjå kor viktig det er å dela av det me har.

Me støttar fylgjande prosjekt:

- 4 fadderbarn i arbeidet til organisajonen Compassion

- 4 fadderbarn i Uganda (Watoto)

- 4 fadderbarn i Mosambik (Iris minsitry)

- 600 skulebarn på Fillippinene har dei siste 5 åra fått hjelp til skulegong (dei får inntekta av eggsalet i Bergly)

Dette er kristen nestekjærleiken i praksis

5.4 Kunst, kultur og kreativitet er også eit fagområde som lett let seg integrera i barnehagekvardagen. Teikning er nærast ein dagleg aktivitet. Andre gonger tar me fram maleutstyr. I samband med farsdag, morsdag, jul og påske har me mange formingsaktivitetar som stimulerer denne sida av barnet. Me nyttar ofte naturmateriale som me plukkar i skogen til jule- og påskedekorasjonar.

I tillegg er det i samlingsstundene rom for musikk, dans og drama der borna vert trekte inn der det er naturleg.

6.0 Tema:

Me jobbar både ut frå ulike tema område gjennom barnehageåret og direkte med fagområder i rammeplanen.

7.0 Merkedagar og lokale kulturtilstellingar

Året har mange merkedagar som barnehagen markerer med eigne tradisjonar.

Me markerer jul, påske, pinse, Kristi Himmelfartsdag, 17. mai, 1. mai og alle bursdagar. Kvart år går me i Lucia tog. Dette markerer me enten i barnehagen

på juleavslutning eller me besøkjer

I februar feirar me karneval.

Kvar jul og sommar vert det laga eigne arrangement der alle foreldra vert inviterte gjerne saman med slekt og vener. Til påske lagar me god påskelunsj for barna og personalet.

På alle samankomstane vankar det god mat og drikke.                                                                                

Borggataforeninga inviterer alle barnehagar på Stord til å laga sitt bidrag til Pepperkakebyen. Her leverer både Stuastølen og Bergly sine bidrag til lystenningsfesten i slutten av november eller byrjinga av desember.

8.0 Planlegging, dokumentasjon og vurdering / evaluering

Gjennom ”Lov om barnehager” er me pålagt å utarbeide ein årsplan. Denne planen er eit arbeidsdokument for oss som arbeider i barnehagen og viser oversikt over det pedagogiske arbeidet i barnehagen.

Årsplanen er utarbeida av styrar og pedagogiske leiarar etter innspel frå personalgruppa, barnegruppa og foreldra. Det er blitt haldne eigne møter der alle involverte grupper har fått kome med sine idear og forslag til kva me kan gjera i barnehagen. Me har også etterspurt tilbakemeldingar frå dei forskjellige gruppene om kva dei tenkjer om barnehagen og korleis den vert drive.

I all hovudsak er alle involverte partar svært nøgde med barnehagen, men på bakgrunn av forslaga, vil me gjera visse justeringar.

Årsplanen skal gi foreldra innsikt i og informasjon om barnehagen sitt arbeid og fungera som eit bindeledd mellom barnehagen og foreldra/offentlege mynde.

Månadsplanen syner kva som er planen for kvar dag. Planane dannar grunnlaget for aktivitetane me har i barnehagen. Likevel kan det oppstå situasjonar der me vel å gå bort frå dei oppsette planane. Dette kan skuldast været, ynskjer frå barna, praktiske problem eller at me vel å gripa fatt i det barna er opptekne av her og no. Sjølv om det er viktig å ha ein plan for det me gjer, meinar me at det òg er ein viktig lærdom å kunne leggja vekk planane og gripa dagen.

8.1 Dokumentasjon og informasjon

Dokumentasjon er viktig for oss som jobbar i barnehagen og for foreldra. Det gir foreldra innsikt i kva barnehagedagane inneheld samstundes som personalet dokumenterer arbeidet sitt og barna ser verdien av sitt eige arbeid.

Me dokumenterer på ulike måtar:

- Me lagar månadsplanar                                

-     Mykje anna viktig info blir også lagt ut på nettsidene

         www.solsikkenebarnehager.no

- Barna får og bilete i permane sine.

- Kvar månad får du tilsendt eit brev om det me har gjort. Her blir det

        lagt ved bilete frå gode opplevingar

- Me stiller ut/heng opp gjenstander og bilete barna har laga.

- Referat frå alle møter og planleggingsdagar i barnehagen.

8.2 Vurdering / evaluering/komptanseheving

Vurdering og evaluering er ein viktig del av barnehagearbeidet og det skjer kontinuerlig. Me ser dagleg på kva aktivitetar som gjekk bra/ikkje bra og kvifor. På denne måten tek me lærdom av arbeidet vårt og jobbar kontinuerleg med forbetring. Me ynskjer å ha god kvalitet og sikra at alle deler at verksemda er i utvikling.

Me bruker ein del tid på planleggingsdagar og personalmøte til å evaluera året/månaden som har gått. På desse møta vert òg planane framover lagt. På møta jobbar me òg med gjennomgang av observasjonar til det enkelte barn slik at me kan legge til rette for individuelle opplegg som er tilpassa det enkelte barn og me vurderer kontinuerleg om enkeltbarn treng ekstra oppfylging. Styrar er ansvarleg for at arbeidet vert gjennomført. Heile personalet deltek i vurderingsarbeidet.

I barnehageåret 2020/21 vil me vurdera korleis me jobbar med inkludering. Då vil me sjå på korleis me jobbar i høve til personalet og barna. Me vil vurdera om tiltaka gjev effekt og om det er noko me bør/kan gjera annleis.

Styrar og pedagogisk leiar har ansvaret for vurderingsarbeidet.

Me samarbeider tett med PPT, helsestasjonar, barnevern og andre hjelpeinstansar for å gje barna det beste tilbodet og eit tilpassa opplegg i barnehagen. Me søkjer råd og rettleiing for å få tak i mest mogeleg kompetanse i høve til enkeltbarn og heile barnegruppa.

Kvart år går me på kurs minimum 2 dagar. Då finn me dei kursa som me tenkjer er tilpassa våre behov og aukar kompetansen vår på beste måte.

9.0 Likestilling og likeverd i barnehagen

«Barnehagen skal fremje likeverd og likestilling uavhengig av kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsutrykk, etnisitet, kultur, sosial status, språk, religion og livssyn» (Rammeplanen 2017). Me vil vera ein barnehage der me som gode førebilete i det daglege og praktiske virke, motarbeider ekskludering og diskriminering. Gutar og jenter, kvinner og menn skal få like høve til å utføra oppgåver, leika leiker, velga seg vener ut frå eigne ynskjer så langt det let seg gjennomføra.

Me vil ha stort fokus på inkludering av alle barn og vaksne som er knytt til barnehagen. Me er ein fleirkulturell barnehage, samt ein barnehage med barn med ulike funksjonsnivå. Me er difor svært opptatt av at den nestekjærleiken me lærer barna om i den kristne trua, også skal syna seg i praktisk handling og gode haldningar til alle menneske.

10.0 Barns medverknad.

Å ta barna med i planlegging av aktivitetar, er med på å styrka deira evne til delta i sin eigen kvardag og kjenna at dei kan påverka. Dette vil i neste omgang  styrka sjølvkjensle deira og gje dei ein forsmak på demokratiske prosessar. Dei skal bli høyrde og få seia kva dei meiner, men det inneber ikkje alltid at dei får det som dei vil. I konkrete situasjonar kan ein trena på å stemma på ulike val av kva me skal gjera på eller retning på turen skal ta. 

I barnehagen lyttar me til barna og det dei formidlar ved kroppshaldning, mimikk og andre kjenslemessige uttrykk. Me jobbar mot å oppmuntre til at borna skal gi uttrykk for sine tankar og meiningar og møte aksept for sine uttrykk. Dette nyttar me også som motivasjon under språktreninga. Ved å bli flinke til å snakka, kan dei seia kva dei vil, tenkjer, ynskjer og meinar.

Dei har rett til å bli høyrt og skal ha medverknad i sin eigen kvardag. Barna sine synspunkt skal vektleggast i samsvar med alder og modning. Kvar dag i frileiken får dei velja aktivitet sjølv. Ved bordet blir dei oppmuntra til å velja kva dei vil eta. Dei får spørsmål om små og større detaljar der dei får øving i å tenkja kva dei ynskjer eller vil.

Enkelte turdagar får dei velja mål og retning på turen.

Framfor kvart tema vil barna få koma med forslag til kva me kan gjera, og i etterkant vil me høyra kva dei tenkjer om korleis det gjekk. Dette vil me gjennomføra i samlingsstund eller dela oss i mindre grupper.

I løpet av året vil me ha barnesamtalar med dei største barna. Her vil me legga vekt på ei trygg ramme og ein god dialog mellom den vaksne og barnet. Her skal barnet vera i fokus og temaet for samtalen er korleis barnet har det i barnehagen.

Me vil ta på alvor det barna seier eller kommuniserer, difor nyttar me eigne oppsette og planlagde spørsmål og barna sin svar vert nedskrivne og nytta i det vidare planlegging, vurderings- og evalueringsarbeidet i barnehagen. Her skal barna få koma med sine synspunkt på kva dei tykkjer er kjekt, kva dei ynskjer meir av, kva dei ynskjer  mindre av og liknande.

Me vil ha fokus på barna sine interesser, og ta utgangspunkt i dette når me vel prosjekt me vil jobba med.

10.1 Foreldremedverknad/samarbeid

Barnehagen skal i fylgje Rammeplanen 2017, leggja til rette for foreldresamarbeid og god dialog med foreldra. Foreldra har rett til medverknad i barnehagen.

Barnehagen skal fungere som ein utfyllande arena i forhold til heimen. For å få til dette er det viktig med gjensidig informasjon mellom heim og barnehage.

Personalet sine oppgåver i denne samanheng er:

Fortelja om opplevingar barnet har hatt i barnehagen

Vera positive overfor foreldra og sette av tid til samtale om foreldra

      ønskjer dette

Gjere det beste for å i møtekoma foreldra sine behov

Ha foreldresamtaler og foreldremøte

Arrangera fellesaktivitetar som julefest og sommarfest der foreldre, barn og

        personalet gjer noko kjekt saman

Informere om endringar som er av betydning for barna, t.d. nytilsette og permanente endringer av planene.

Me har eige foreldreråd med påfylgjande foreldremøte der foreldra får koma med sin synspunkt og idear til kva me kan gjera i barnehagen

På same møte vert foreldra gjeve høve til å gje  tilbakemeldingar/evalueringar

om  verksemda

Foreldra si oppgåve:

Gje viktig informasjon frå barnet sitt heimemiljø, til dømes ting som vedgår

      barnet si utvikling, familiesituasjon, bu- og leikemiljø

Delta på møter og arrangement som barnehagen arrangerer

Vera aktive og bruka retten til å påverka barnehagen sitt innhald

Gje konstruktive tilbakemeldinger på ting dei er nøgde eller misnøgde med

Bruke personalet som rådgjevarar dersom ein sjølv er usikker på ting som går på oppseding, barnet si utvikling, språk med meir. Om ikkje personalet kan hjelpa direkte kan vi kanskje hjelpa til med å ta kontakt med andre med ein annan kompetanse/erfaring enn den barnehagen har

10.2 Foreldremøte og foreldresamtaler

Me har foreldrerådsmøte med påfylgjande foreldremøte kvar haust og om våren ved behov. Her tek me opp saker som kan vera av interesse for alle parter.

Me har foreldresamtalar om hausten og våren, der barnet dykkar vil stå i sentrum. Dette er eit  trygt lite forum der ein kan ta opp problem eller stilla spørsmål angåande eige barn. Spørjeskjema til foreldra etter modell av brukarundersøking, der ein tar med besvarte skjema til foreldresamtale og drøftar dei.

Dersom det er ønskeleg med fleire samtalar i løpet av året kontaktar ein barnehagen og det vert sett av tid til samtale. Her vert de foreldre gjeve høve til å seia kva de tenkjer eller meiner om barnehagen og den jobben me gjer med barnet dykkar.

10.3 Foreldreråd og samarbeidsutval

Foreldrerådet består av foreldra til alle barna i barnehagen. Dei kan kalla inn til møter utan at personalet er med. Om ønskeleg kan foreldregruppa låne barnehagen sine lokale.

Foreldrerådet vel ein foreldrerådsrepresentant og ein vararepresentant, som saman med eigar av barnehagen og pedagogisk leiar dannar samarbeidsutvalet. Dersom ein ynskjer å ta saker anonymt opp med barnehagen kontaktar ein foreldrerådsrepresentanten og han/ho tek saken vidare opp med barnehagen.

11.0 Teieplikt og opplysningsplikt

Personalet i barnehagen har teieplikt om dei opplysningar dei får om barna og foreldra i barnehagen. Slik kan foreldra vera trygge på at informasjonen personalet får ikkje kjem ut av barnehagen.

Alle tilsette i barnehagar er i barnehagelovens paragraf 22 pålagt opplysningsplikt utan hinder av teieplikt overfor barnevernet når det er grunn til å tru at eit barn vert mishandla eller at det føreligg andre former for alvorleg omsorgssvikt. Det er svært viktig at dei tilsette i barnehagar oppfyller opplysningsplikta når den inntrer for at barn i alvorlege situasjonar skal bli sett av barnevernet og få den hjelp dei har behov for.       

12.0 Overgangen barnehage-skule

«Barnehagen skal i samarbeid med foreldra og skulen leggje til rette for at barnet kan få ein trygg og god overgang frå barnehage til skule, og eventuelt til skulefritidsordninga.» (Rammeplan for barnehagen, s. 33)

På Stuastølen Gardsbarnehage jobbar me systematisk med overgangen til skulen. Me byrjar allereie om hausten og samlar dei største barna i ei skulegruppe. Dei får eit eige rom i barnhagen med pultar og eigne sitjeplassar. Her brukar dei 2-3 timar minst ein dag i veka der dei jobbar med skuleførebuande aktivitetar. Det kan handla om alt i frå å løysa oppgåver på 1. klasse nivå, til å spela spel, leika stol leiken, øve på bruk av IKT hjelpemiddel og øva på å koma sist. Me øver på å sitja i ro og ha friminutt.

Me har også eit stort fokus på innlæring og stimulering av det norske språket. Det danner grunnlaget for all anna læring, og har difor stort rom alle åra i barnehagen, men ikkje minst dette siste året. No gjeld det å forstå korleis me kan nytta språket: Til å utrykka kva me vil, tenkjer, føler, meiner og har behov for. Me jobbar særskilt mykje med å innlæra bruken av språket for å løysa konfliktar og såleis unngå bruk av slåing, skubbing og utestenging.

Skulegruppa får dra på eigne turar og aktivitetar eller tilstellinger tilrettelagt for si aldersgruppe.

Skulegruppa har eigne permar der dei samlar teikningar og oppgåver dei har løyst. Når det nærmar seg overgangsmøte med skulen, har me barnesamtalar der barna får seia kva me skal fortelja til skulen om deira interesser og sterke sider, og kva dei kan blir betre på. Pedagogisk leiar deler kva barnehagen har observert og eventuelt kartlagt om barnet. Me har også foreldresamtalar der foreldra skriv under på informasjonen me skal dela med skulen og der dei gjev samtykke kven skulen kan innhenta informasjon frå. Barna blir invitert på «Bli kjent dagar» i mai/juni. Og styrar går på møter invitert av rektor på kvar skule der informasjonen vert meddelt og mapper blir overlevert. Dette plar skje i løpet av våren.

Den fulle overgangsplanen for barnehage/skule kan finnast på Stord Kommune si heimeside under linken til Barnehage.

12.1 Tilvenning

Når barnet skal byrja i barnehagen, skal det setjast av tid til tilvenning. Då er det viktig at foreldre eller føresette er førebudde på at dei er viktige i den prosessen som skjer med barnet. Barnet treng tid til å bli kjent med alt det nye i barnehagen. Ho eller han skal knyta seg til nye vaksne og få ein heilt ny kvardag. Også i barnehagen er ein førebudde kvar gong eit nytt barn kjem. Då påser me at det er nok vaksne på jobb, slik at ein både kan bli kjent både med det nye barnet og foreldra. Det skal setjast av tid til startsamtale. Her er mange punkt som gjev oss eit godt innblikk i kven barnet er og historien til barnet så langt i livet. Saman med foreldra lagar me eit individuelt tilvenningsopplegg for barnet. Barn er ulike og har ulike behov i denne prosessen. Saman med foreldra finn me den beste opplegget for akkurat deira barn.

Foreldre og barn vil også bli invitert til å besøkja barnehagen før me har sommerstengt i juli. 

INTERNKONTROLL

Me jobbar aktivt med internkontrollsystemet. Dette blir ivaretatt ved at me har jamlege sjekkrundar av leikeareal og el. anlegg, me har gjennomgang av tryggleiksinstruksar og brannøving kvart halvår og der tidspunktet blir nedteikna og signert, leikene blir vaska, vedlikehaldne og sjekka minst ein gong i halvåret og me held skarpe/spisse gjenstandar og vaskemidlar utanfor barna si rekkevidde.

Leikeplassen/utstyret og el. anlegget vil bli sjekka ein gong pr. halvår.

Samarbeidsutvalet kjenner til innhaldet i årsplanen og godkjenner den.

Den nye personvernlova

20 juli 2018 vart det vedteke ei ny personvernlov, som stiller nye krav til oppbevaring av personopplysningar. Me vil oppjustera arbeidet vårt på dette området, ved å henta inn løyve frå foreldra til å oppbevare opplysningar i låsbart skap og me vil auka tryggleiken av sensitiv informasjon som ligg lagra på vårt datasystem. Sunn It vil hjelpa oss til å setja opp ekstra vern på våre datamaskinar. Me vil også byggja opp eit eige GDPR system der me vil fylgja opp at personvernlova vert etterfylgd i våre barnehagar.

Avslutning

Denne årsplanen skal vera ein arbeidsreiskap for å gje barnehagen eit innhald og retning. Vidare skal det gje foreldre og andre informasjon om kva og korleis me jobbar  i barnehagen. Det skal også vera eit dokument for kommunen ved tilsyn av barnehagen.

Me vonar at den vert nytta og lesen av alle som er involverte i arbeidet vårt.

Stord   /      -2020

…………………………………….

Kjersti Karlsen

Styrar/pedagogisk leiar      

……………………………………..

Foreldrerådsrepresentant

Del denne siden med andre!

Share on FacebookShare on Twitter

Personvernerklæring

Logg inn