Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

Tilsette i Solsikkene Barnehager A/S

Joann Egholm

Joann har jobba hos oss sidan 2007. Ho jobbar 80% i bergly og 20% på Stuastølen dette året.

Ho er utdanna lærar frå Fillippinene og er ein av dei dyktigaste pedagogane eg har møtt. Ho er i tillegg ein fantastisk person med stor personleg integritet i arbeidet sitt. Les her kva ho brenn for i jobben sin:

Det er jo bare koselig å jobbe med barna og den profilen vi har i våre barnehager. Jeg synes jeg lærer mye selv og ønsker å være en god modell for barna. Jeg er veldig glad i å leke ute, gå på tur, synge, danse og lese bøker. Jeg vil sammen skape en barnehage som gir alle trygghet, trivsel og tid i hverdagen og ta alle barn på alvor og lytte til det de sier. De skal bli hørt og sett, ikke bare med øyne men med hjerte. Jeg og veldig glad i alt mulig kreativt arbeid og viktigste for meg at ungene har det veldig bra i hverdagen og deres foreldre er fornøyde for jobben vi har gjort. Dette er de eneste kristne barnehagene på Stord, og jeg er glad for å være med å dele om Jesus og lede dem i den veien de kan velge når de blir større.


Camilla Spissøy

Camilla Spissøy er utdanna førskulelærar og har jobba i våre barnehagar sidan 2001. Ho har vore pedagogisk leiar i alle desse åra og har gjort ein fantastisk jobb. Frå 2012 til 2015 var ho assisterande styrar og hadde ansvar for den daglege drifta medan Kjersti gjekk på HSH/HVL. Det var ein krevande jobb som ho har klarte på ein svært god måte. Camilla er flink med både barn og vaksne. Ho er 42 år og har 3 eigne barn.

Ho har no jobba mange år i 100% i Stuastølen Gardsbarnehage.

Her er det ho likar å ha fokus på i barnehagen. Ho skriv: Eg likar å vera saman med borna, undre meg saman  med dei og støtte dei vidare i utviklinga. Eg har tru på naturen som leikeplass og at å vera mykje ute, fremjar barna si utvikling.

Eg jobbar for at barna skal vera trygge, glade og ha god sosial kompetanse slik at dei skal vera godt førebudde til skulestart.

Eg vil at borna skal sitja att med gode minner frå barnehagen.



Alexander Rogne Leskinen

Alexander har gått 3 år på HSH med meg (Kjersti) på førskulelærarlinja. Etter 3 år saman var eg ikkje i tvil om at eg ville tilby han jobb hos oss. Han har alle dei gode eigenskapar eg kan ynskja meg hos ein medarbeidar i barnehagen. Han jobbar 100% på Stua.

I tillegg er han mann. DET er viktig i seg sjølv. Her er det han seier om jobben sin:

Det er viktig for meg at alle barn skal få ha ein trygg og god kvardag med moglegheit for både lek og læring, men også att dei skal få prøve nye og spennande ting og få moglegheit til å være ute i naturen med alle godene den har å gi. Å gå på tur med barna til både kjent og ukjent har eg ein ekstra plass til i hjarta. Eg verdsetter også stort fellesskapet i barnehagen og at kvart barn skal kjenne at dei har sin plass i han. 

 


Kjersti og Karstein Karlsen

Som eigar og styrar av Solsikkene Barnehager A/S har eg drive dei 2 barnehagane me har sidan 1998 og 2005.

I 1987 gjekk eg ut av Diakonhjemmets sosialhøgskole som ferdig sosionom. Men sidan eg gifta meg og fekk 5 barn på 10 år, vart det lite tid til å jobba innan dette yrket. Eg har vore gift med Karstein sidan 1985. Han er også medhjelpar i barnehagane som sjåfør og i arbeidet med rekneskapet. I 1998 starta Bergly Familiebarnehage. Det gjorde eg etter at eg opplevde eit kall frå Gud til å starta barnehage. Det var veldig spennande, kjekt og til tider krevjande. Men me har kjent det som viktig og rett å vera eit tilbod til barn på Stord. Barnehagen har vore eit tilbod der barna får god kontakt med vaksne, lærer å kjenna den kristne trua og får veksa opp i heimslege og trygge forhold. Etter ei tid hadde eg lyst å driva ein større barnehage. Så i 2005 opna me Stuastølen Gardsbarnehage på Stuve. Denne barnehagen er plassert på ein av dei finaste gardane på Stord og gjev noko av dei beste forhold for ein god barnehage. Her er dyr, natur og gjev erfaringar mange barn i dag aldri får oppleva: Nærleik til naturen, lamming om våren og hesteriding.

I 2012 byrja eg på HSH for å bli førskulelærar. Det er noko av det beste og kanskje luraste eg har gjort. 3 gode år på friluftslinja har gjeve nye og gode erfaringar som eg tar med meg inn i jobben. Det har gjeve meg ein heilt ny tryggleik i høve til å ha ansvaret for barnehagane og har gjeve ei ny glede med å jobba med barna. Så vil du gje barnet ditt eit barnehagetilbod som tar alle sidene ved barnet på alvor, så søkjer du til oss. Velkommen til eit unikt barnehagetilbod på Stord.

Eva Gamst Standal

Eva byrja hos oss hausten 2022. Ho er utdanna barnevernspedagog, men går no på barnehagelærar. Ho jobbar 80% stilling i Bergly Familiebarnehage. Ho reiser til undervisning 2 dagar i månaden. Ho er ei svært flink, glad og god dame som elskar barna og er lett å vera saman med. Ho skriv om grunnen til at ho jobbar i barnehage: "Jeg er veldig glad i barn og liker å være i lag med dem. Jeg liker også helheten, dvs. samarbeidet med flere parter til det beste for barna; det å jobbe i team til det beste for barna"

Rebekka Hamre Vassdal.

Rebekka har no jobba hos oss sidan hausten 2021. Ho jobbar 100% stilling på Stuastølen Gardsbarnehage. Ho er i utgangspunktet hestefagarbeidar. Men ynskte etterkvart å skifta beite til barnehage. Ho er ei svært driftig dame som står på heile dagen og er den flinkaste av oss når det gjeld å gjera kreative aktivitetar med barna. Perlinga har tatt heilt nye høgder etter at Rebekka kom inn, for å seia det sånn. Ho held på å utdanna seg til barne- og ungdomsarbeidar gjennom å få praksis i barnehagen. Ho skriv om kvifor ho vil jobba i barnehage: "Eg synes det er veldig kjekt og lærerikt å jobba i barnehage. Kvar dag er unik og spesiell. Me lærer mykje forskjellig og undrar oss ein del. Me går fine turar og oppdagar nye plassar. Det eg kanskje likar aller best med vår barnehage, er dyra våre. Barna våre har mykje godt å læra frå dei."

 

           

Del denne siden med andre!

Share on FacebookShare on Twitter

Personvernerklæring

Logg inn