Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

Vedtekter for Solsikkene Barnehager A/S

    1. Eigarform
    Solsikkene Barnehager A/S er i ein privat barnehage med 2 adskilte avdelingar.

    Aksjeeigar er Kjersti Karlsen, Øvre Hageby 17, 5411 Stord.
    Den eine avdelinga er Bergly Familiebarnehage i Gullbergvegen 23, og den andre er Stuastølen Gardsbarnehage i Litlabøvegen 139 på Stuve.

    Barnehagane er open for barn i alderen 1-6 år på Stuastølen og 0-6 i Bergly.

    2. §1a Særleg føremål

    Det går fram av barnehagelova § 1 at barnehagen skal byggje på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, åndsfridom, nestekjærleik, tilgiving, likeverd og solidaritet – verdiar som kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn, og som er forankra i menneskerettane. Alle barnehagar skal byggje på verdigrunnlaget som er fastsett i barnehagelova og i internasjonale konvensjonar som Noreg har slutta seg til, slik som FN-konvensjonen av 20. november 1989 om rettane til barnet (barnekonvensjonen) og ILO-konvensjon nr. 169 om urfolk og stammefolk i sjølvstendige statar (ILO-konvensjonen). Å møte individet sitt behov for omsorg, tryggleik, tilhøyrsle og anerkjenning og sikre at barna får ta del i og medverke i fellesskapet, er viktige verdiar som skal speglast i barnehagen. Barnehagen skal fremje demokrati, mangfald og gjensidig respekt, likestilling, berekraftig utvikling, livsmeistring og helse.
    Den måten me vel å gjera dette er å driva Solsikkene Barnehager A/S med eit klart kristent livssyn. Me arbeider etter Bibelen som retningsgjevar for dette livssynet og etter lov om barnehagar m/ forskrifter, gjeldande kommunale vedtak, den offentlege rammeplanen og våre eigne planar i høve til pedagogisk innhald og retning.

    Me ynskjer å gje barna trygge oppvekstvilkår, der dei får utvikla seg maksimalt ut frå eigne føresetnader. Det skal tilretteleggjast både med organisert aktivitet og frileik, samlingsstunder og individuell kontakt. Borna vil få opplæring i enkle bibelske sanningar, læra kristne songar, og det vil vera ein open dialog med borna om det dei er opptekne av i den kristne trua. Alt dette vil byggja på ”Retningslinjer for vid praktisering av den kristne formålsparagrafen”.
    Barnehagen skal ha eit nært samarbeid med heimen.

    Begge barnehagane vil ha eit nært forhold til natur og dyrestell. Særleg på Stuastølen vil den daglege drifta vera prega av at det er på ein gard.

    3. Opptakskrins
    Først og fremst barn som er busett i Stord kommune. Men me tar også inn barn frå andre kommunar dersom me har plass. 

    3a. Rett til plass

    Barn med rett til plass etter barnehagelova § 16.
    Barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av august det året det vert søkt barnehageplass, har rett til barnehageplass frå august. Barn som fyller eitt år i september, oktober og november det året det vert søkt om barnehageplass, har rett til plass i barnehage frå månaden barnet fyller eitt år.

    4. Opptak.
    Styrar eller representant for styrar i barnehagen, gjer opptak i samråd med Stord Kommune.
    Prioritet ved opptak og ved løpande opptak:

    1. Jfr § 18 i Barnehagelova: Barn med nedsett funksjonsevne og barn som er fatta vedtak etter lov om barnevernstenester §§ 4-12 og 4-4 andre og fjerde ledd, har rett til prioritet ved opptak i barnehagane
      Det må leggjast ved skrifteleg dokumentasjon for få slik prioritet ved opptaket.
    2. Barn som har lovfesta rett til barnehageplass jfr.§ 16 i barnehagelova:
      Barn busett i Stord kommune ved oppstart nytt barnehageår, og som det er søkt barnehageplass for innan søknadsfristen for hovudopptaket og som har fylt 1 år innan utgangen av november same år. 

           3.  Barn med rett til plass, som har søsken i ein av barnehagane, har prioritet framfor

                       andre barn.

                4.    Alle andre barn det er søkt plass for i barnehagen

    Dersom 2  eller fleire barn stiller likt ut frå desse kriteria, vert det avgjort ved loddtrekning kven som får plassen.

    4.a Samordna opptak

    Samordna opptak gjeld barn som har lovfesta rett til barnehageplass (jf punkt 3), og som har søkt innan lokal frist 1. mars. 

    4.b Suppleringsopptak

    Det er opptak gjennom heile året dersom det vert ledig plass. Gjeld barn med og utan barnehageplass som søkjar utanom fristane for samordna opptak. 

    5. Oppseiing

    Når føresette har teke imot barnehageplass har barnet plassen til han vert sagt opp. Det er 3 månader gjensidig oppseiingsfrist, og oppseiinga skal vera skrifteleg. Manglande opphaldsbetaling kan føra til oppseiing frå eigar.

    Kontrakten om plass går automatisk ut ved bruksåret sin slutt, 14. august, det året barnet byrjar på skulen.

    6. Samarbeid med heimen.
    Etter lova § 4 står det: ”For å sikre samarbeid med barnas hjem, skal barnehagen ha et foreldreråd og et samarbeidsutval. Foreldrerådet består av foreldrene/de foresatte i barnehagen. Samarbeidsutvalget består av foreldre/foresatte og tilsette slik at hver gruppe er likt representert.”

    Foreldrerådet (= alle føresette i barnehagen) vel 1 representant og 1 vararepresentant til samarbeidsutvalet (SU). Dette vert kalla foreldrekontakt. Representanten for foreldrerådet i SU kan kalla inn til møte i foreldrerådet når behov.
    Ved røysting i foreldrerådet vert det gjeve ei røyst for kvar frammøtt.

     

    Dersom det er saker som angår barnehagen som du/de ikkje ynskjer å ta opp direkte med styrar eller eigar, så kontaktar du foreldrekontakten. Han/ho vert då ditt talerøyr i saka og tar saka vidare til styrar/eigar, foreldrerådet eller SU.

    Styrar er sekretær i SU og har møte- og talerett, jf Lov om barnehagar § 4. Han/ho kallar inn til møte og skriv referat.

    7. Betalingsreglar.
    Foreldrebetalinga skal betalast innan 1. i kvar månad etter takstar som eigar til ei kvar tid fastset, men ikkje over offentleg makspris.

    Foreldrebetalinga er til ei kvar tid gjeldande makspris for 1 barn med full plass. Søskenmoderasjon er på 30 % for barn nr. 2 og 50 % for barn nr 3.

    Eigar kan i visse høve gje rimelegare prisar enn fastsett ovanfor. Dette vert vurdert individuelt både i høve til pris og tidrom på avslaget. Vilkår for dette er at barnet står i fare for å missa barnehageplassen eller ikkje kan byrja i barnehagen pga føresette sine økonomiske utgifter eller manglande betalingsevne. 

    Det vert ikkje gjeve fråtrekk for dei dagane barnehagen held stengt pga. helge- og høgtidsdagar. Det vert heller ikkje gjeve fråtrekk for fråvær av andre årsaker.

    Vedtekne satsar må også betalast i oppseiingstida. Betalingssatsen som vert fastsett gjeld vanlegvis for heile bruksåret.
    Barnehagen tilbyr berre 100% plassar eller 5 dagar i veka.

    8. Areal- og opningstid.
    Stuastølen Gardsbarnehage si arealnorm er 4 m2 pr. barn over 3 år og 5,33 m2 for barn under 3 år. Opningstida i Stuastølen er kl.06.40-16.00 ( = kjernetida). Du kan levera og henta barnet ditt utanom kjernetida etter avtale.
    Kvart barn si opphaldstid må ikkje overstiga 9 timar per dag.


    Bergly familiebarnehage har ikkje arealnorm, då det er ein familiebarnehage. Opningstida i Bergly er kl 06.45 – kl 15.45.

    Barnehagen er stengt:

    Kursdagar vert varsla om i god tid.

    Dei som vil han barna i barnehagane mellom jul og nytt år, må melda skriftleg frå om det.

    Det blir ikkje transportordning desse dagane. (Sjå pkt 9)

    9. Transportordning
    Solsikkene barnehager AS har ei eiga transportordning der me hentar barnet ditt heime og køyrer det attende om ettermiddagen. Dette er ein service som er inkludert i foreldrebetalinga.  Me køyrer 2 ruter i område Rommetveit, Leirvik, Heiane og Sagvåg. Henting og bringing skjer etter avtale med dykk foreldre.

    10. Sjukdom
    Er barnet ditt sjukt eller borte av andre grunnar, må ein senda melding til barnehagen om dette. Sjuke eller sterkt forkjøla barn må vera heime pga. smittefaren. Barna må haldast heime til dei kan delta i aktivitetar på lik linje med andre barn.

    11. Klede
    Barna må vera kledd så dei kan ta del i leik og aktivitetar både ute som inne.
    Kleda MÅ vera merka, og føresette må sikra at barnet/barna deira har tilstrekkeleg byteklede i barnehagen.

    12. Teieplikt
    Eigar, foreldrerepresentant og barnehagen sine tilsette har teieplikt i tråd med Lov om barnehagar § 44.

    13. Internkontroll
    Barnehagen har internkontroll i tråd med krav i Forskrift om miljøretta helsevern i barnehage

    og skule, med meir.

    Revidert 01.03.2022

    Kjersti Karlsen
    Eigar

    Del denne siden med andre!

    Share on FacebookShare on Twitter

    Personvernerklæring

    Logg inn